Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Lærdal - Veitastrond 1-3

Veitastrond spelte i dag ein god kamp då dei slo Lærdal 3-1. VIL var jamt over det beste laget, og sigeren var fullt fortjent. Kurt Heggestad vart dagens helt med to scoringar, der den eine var ei perle frå midtbana som gjekk rett i kassen.

Det var diverre ikkje så stort oppmøte som me hadde håpa på, og me var berre 12 mann som reiste innover. Laget som starta var;

                     Morten
Rune - Richard - Øivind - Glenn Thomas
           Severin - Emil - Gisle
                       Kurt
                 Ivan - Frode

På benken sat Karl Jomar.

Veitastrond opna kampen klart best og hadde fleire store sjansar i innleiinga. Nærast var Ivan når han vart spelt igjennom, runda keeper, men avslutninga gjekk diverre i stolpen.

Det var òg Ivan som var arkitekten bak dagens fyrste mål. Han gjekk med ballen ned til sidelinja, la inn i feltet der ein lærdøl var uheldig å sette den i eige mål.

0-2 vart satt inn av Kurt. Han fekk ballen på ca 18 meter, vende om og skrudde den i det lengste hjørnet.

Laga gjekk til pause på stillinga 0-2. Ein veldig god 1.omgang der me har full kontroll på Lærdal defansivt, og skapar mykje framover.

Til 2.omgang kom Karl Jomar inn for Emil.

I starten av 2.omgang var Lærdal det beste laget. Dei fekk uttelling då dei fekk eit straffespark som dei scora sikkert på, og dermed 1-2.

Så fulgte ein periode med fleire harde taklingar. Fyrst vart Kurt kløpt ned, og måtte gå haltande av bana. I det han gjekk mot sidelinja så fekk han ballen i beina. Nærast i reint raseri dunka han til kula som gjekk i ein perfekt boge over keeper og i mål til 3-1. Veldig likt det målet han hadde i seriekampen i Lærdal i fjor, der han òg scora på eit nydeleg langskot frå midtbana.

Like etterpå måtte ein lærdøl ut med skade etter ein duell med Glenn Thomas. Det såg stygt ut, og ein kunne frykta brot i ankelen, men me trur det gjekk bra med spelaren og ynskjer han god betring.

Resten av 2.omgang fekk Veitastrond summa seg og me hadde bra kontroll bakover. Framover hadde me nokre halvsjansar utan at me skapte all verda.

Kampen ebba ut til ein komfortabel 3-1 siger for Veitastrond.

Dette var heilt klart ein god kamp av Veitastrond. Me er gode bakover, spelar god fotball og skapar sjansar. Med tanke på at me har ei rekke spelarar tilgjengeleg som ikkje var med i dag så lovar dette bra.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com