Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Veitastrond - Jølster 1-1

Veitastrond spelte i dag 1-1 i ein treningkamp i Sognahallen mot Jølster. Kampen vart spelt i 3 x 25 minutt, noko som var ei ny erfaring for Veitastrond. Nok ein gong så gjorde VIL ein god kamp, denne gongen mot eit av laga som er venta å finna seg på øvre halvdel i årets 4.divisjon. Veitastrond sin kaptein Frode Kvam scora dagens mål, då han satte inn ei straffe i den 2.perioden.

1.periode

Veitastrond spelte i 4-3-2-1 formasjon, der me starta opp med følgande lag;

                      Even
Rune - Richard - Øivind - Glenn Thomas
         Ole Petter - Emil - Severin
                   Åsmund
               Frode - Gisle

Lite sjansar til begge lag. Even hadde truleg fått raudt kort hadde det vore i ein seriekamp då han kløppte ned ein motspelar rett utanfor 16-meteren. Spelaren vart åleine igjennom etter ein flott gjennombrotspasning av Emil...

2.periode

Veitastrond stile med følgande lag;

                     Even
Olai - Øivind - Kenneth - Glenn Thomas
        Ole Petter - Emil - Severin
                   Åsmund
             Richard - Frode

Dette var perioden der måla kom. Fyrst scora VIL då eit innlegg vart slått i armen på ein Jølsterspelar, og dommaren gjer heilt rett i å dømma straffe. Greitt nok at han har armen nokonlunde inntil kroppen, men det er nå ein gong armen som stoppar ballen. Frode satte straffen sikkert i mål.

Heller ikkje mykje sjansar i denne perioden, men me fekk eit nytt mål i siste sekund. Eit Jølsterfrispark frå ca 20 meter vart slått direkte i mål. Ballen gjekk heilt oppunder tverren, men midt på keeper, men Even rakk ikkje å få opp hendene. Anten så stod han litt for langt ute så han feilberekna litt, eller så hadde krudleheddna vokse seg litt for stor slik at armane ikkje kom heilt opp.

3.periode

Veitastrond med følgande oppstilling;

                   Even
Olai - Richard - Kenneth - Rune
    Ole Petter - Emil - Severin
                Åsmund
Frode (Øystein spelte siste 15 min) - Gisle

Dette vart dei forspilte sjansar sin omgang for Veitastrond.

Største sjansen fekk Gisle då Jølster spelte ballen tilbake til keeper som falt bakover. Frå skrått hald på opent mål snappa Gisle ballen, men i staden for å setta den enkelt i mål eller føra den mot mål så brende han ballen til side for buret.

Gisle fekk og ein god sjanse seinare, men han kom seg ikkje til noko skikkeleg avslutning då han fekk ballen på ca 10 meter.

Kampen ebba ut til sluttresultat 1-1-

Oppsummering

Ei meget nyttig gjennomkøyring for Veitastrond. 3 omgangar er eit fint alternativ til å spela vanleg 90 minuttarar i treningskamp. Me får då sjansen til å prøva ulike oppstillingar, og særleg i bakre ledd fekk me prøvd ut mange spelarar og kombinasjonar i dag.

Veitastrond spelte i dag ein god kamp defansivt, og me slepp ikkje motstandaren til så alt for mange sjansar. Framover er det og mykje bra men me har og ein del å gå på her. Det blir i dag til tider litt for mykje føring med ball i staden for å velga enkle løysingar. Med formasjon me spelar så blir spelet og veldig sentrert og me har kanskje litt å jobba med å utnytta breidda på bana.

Ellers så er det vanskeleg å samanlikna denne kampen med ein vanleg seriekamp mot Jølster. Til det mangla begge lag for mange spelarar, og i tillegg så blir det spesielt med 3 omgangar.

Uansett så er me veldig godt nøgde med dagens kamp, og me er framleis i rute til seriestart. Nå satsar me på ein lengre påskeferie. Noko som trengs etter 2 kampar og 1 trening på siste 5 dagane...

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com