Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Bjørn - Veitastrond 3-2

Veitastrond tapte i dag generalprøven 3-2 borte mot Bjørn. Kampen lyt klassifiserast som dårleg, der Bjørn var det minst dårlege laget og drog med seg sigeren. No rettar me blikket framover mot viktagre oppgåver, der Dale er fyrste hinder på vegen.

Me tek ikkje noko langt referat, men tek kjapt med oss måla;

1-0; Veitastrond klarar ikkje å avklara ballen og Bjørn får lagt ballen inn i feltet der ein av deira spelar hælar ballen i mål.

1-1; Utlikninga kom kjapt frå Veitastrond. Eit innkast frå Glenn Thomas enda hjå Richard på fyrste stolpe. Han la inn på bakerste der Frode var på plass og fekk nasa ballen i mål.

1-1 var pauseresultatet.

2-1; Tidleg i 2.omgang går Bjørn nok ein gong opp i leiinga. Eit frispark ute på sidelinja blir slått inn i feltet, og går forbi alt og alle og i mål.

2-2; Nok ein gong utlikna Veitastrond kjapt. Kurt fekk ballen på 20 meter, vende om og la den perfekt i krysset. Utvilsamt dagens prestasjon i Gaupne.

3-2; Me fekk ikkje heilt med oss dette målet, men VIL sitt forsvar fekk ikkje avklara den så den gjekk igjennom til ein Bjørnspelar, som enkelt satte inn dagens vinnarmål.

Heilt på slutten fekk Veitastrond straffe etter at Frode vart felt. Dette tok Øystein, men diverre så redda keeperen forsøket frå straffekongen. Riktig så synd at me ikkje fekk 3-3 og ei scoring frå Øystein der...

Dette var ein generalprøve slik den kanskje skal vera - altså der lite fungerte. Gaupne innbaud voldsomt lite til fotballkamp i dag, og det må den sure trekken frå Jostedalen ta skulda for. Dette kombinert med ei lita bana med uvant underlag så vart det aldri noko finspel.

Dersom me skal trekka fram nokon enkeltspelar så lyt det bli Ådne, som i dag debuterte som keeper. Etter ein litt rufsete start spelte han seg varm i trøya etterkvart, og me held ein knapp på at han står mot Dale på søndag.

Me tek med oss nokre fine scoringar, og ei god treningsøkt og gjer oss no klare til seriestart. Me nyttar og anledninga til å takka Bjørn for ein fairspelt treningskamp, og me ynskjer dei lukke til med årets sesong.

For Veitastrond spelte i dag følgande;

Ådne

Rune (Øivind)
Øyvind
Kenneth
Glenn Thomas

Emil
Gisle (Olai)
Åsmund (Karl Jomar)

Kurt (Øystein)
Richard (Ole Petter)
Frode

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com