Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

    Sesongen 2013

Denne sesongen var nesten så den ikkje vart noko av då klubben lenge vurderte å avslutta sin eksistens. Etter nokre veker i tenkeboksen så valgte klubben likevel å gå på eit år til. Med nedrykk i 2012 var det denne sesongen duka for eit nytt år i 5.divisjon. Som vanleg vart det oppturar og nedturar der ein dårleg avslutning på sesongen til slutt gjorde at Veitastrond Fotball ikkje klarde å rykka opp igjen til 4.divisjon på første forsøk.

Før sesongstart

Det store spørsmålet etter sesongen 2012 som til slutt enda med nedrykk frå 4.divisjon var om Veitastrond skulle gå på ytterlegare eit år. 2012 var ein dårleg sesong på mange måtar, der laget sleit med lite folk, dårlege resultat og sviktande motivasjon både blant spelarar og leiinga. På seinhausten 2012 så låg alt til rette for at dette var slutten på eventyret om VIL-fotball, men når kalendaren passerte nyttår så byrja det igjen å kribla i beina.

Ein kjapp ringerunde frå trenar Emil Heggestad til spelarane etterfulgt av eit spelarmøte så var saken avgjort. Det var duka for eit nytt år med fotballmoro på Leikvoll Stadion. Det vart lagt opp til sein treningstart og få treningskampar før sesongen slik at minst mogleg av motivasjonen skulle brukast opp før alvoret tok til.

Kjerna av spelarane som var med i 2012 var òg positive til å ta til på eit nytt år. I tillegg så signerte sjølvsagt klubben nye spelarar òg. Inn kom vossingen Stig Anders Hauge, rutinerte Cato Aalen og sogndølen Eirik Flugheim. Terje Teigne gjorde comeback i klubben nesten 10 år etter førre gong han spelte for klubben, og kanskje endå betre så gjorde ein av dei gamle heltane Geir Aardal comeback etter eit par på sidelinja.

I alt stod me godt rusta spelemessigt med ein spelarstall som talde ca 25 mann om ein tek med dei som berre var rekna å steppa inn når det trengtes som mest.

Veitastrond byrja ikkje å trena før i byrjinga av marsmånad, og me trente i Storhallen i Sogndal til graset var grønt på Hafslo og me kunne ta til på treningsfeltet der.

Før sesongen tok til så spelte me 3 treningskampar. Me byrjar med å vinna overbevisande 7-0 på Fosshaugane Campus mot eit ungt Sogndal 3 lag. Derette banka me naborival Hafslo med 9-4 i Storhallen før me slo Kaupanger 2 heile 5-0 i generalprøven ute på kunstgraset på Skogen. Tre overbevisande sigrar der me med tanke på lite treningsgrunnlag viste prov på mykje kvalitet innad i laget.

Vårsesongen

Grunna vær- og føreforhold så byrja Veitastrond med 3 bortekampar. Den fyrste gjekk inne i Årdal der Årdal 2 stod på motsatt side. Årdølene som seinare skulle visa seg å vinna heile 5.divisjon vart satt på plass av Veitastrond med ein 4-2 siger.

Ein flott start på sesongen vart etterfulgt av tap 3-1 mot Kaupanger 2. Laget me slo 5-0 i generalprøven og som skulle visa seg å bli eit av botnlaga i divisjon var betydeleg forsterka for anledningen og vann kampen fortjent. Heldigvis så røyste VIL seg då Syril stod på motsatt side veka etterpå. Veitastrond snudde 1-0 til 1-3 og klarde dermed å bita seg fast i toppen.

Årets fyrste heimekamp var ein overbevisande 8-4 siger mot Lærdal der me lot motstanderen pynta litt vel mykje på resultatet i sluttminutta.

Jumbolaget Gaular vart slått 3-0 på utebane før me gjorde oss klare for fyrste oppgjør mot kommunekollega Bjørn.

Kampen vart spelt på ein fredag og var markert som opninga av årets lustramarknad. Diverre så svikta Veitastrond sine utvalgte og til trass for at laget leia 0-1 til pause, så måtte me til slutt gje tapt 3-2.

Me fekk kjapt sjansen til å revansjera dette sure tapet då Hyllestad/Dale 2 kom på vitjing til Leikvoll berre to dagar etterpå. Her var det klasseskilnad og VIL vann heile 9-0, men var likevel litt skuffa for at det ikkje vart tosifra...

Vårsesongen vart avslutta med tøff bortekamp mot eit av topplaga Anga. Kanskje årets beste kamp av VIL her då me vann 4-2 på ei flunk ny kunstgrasbane.

Vårkakmpen mot Askvoll/Holmedal vart utsatt til hausten slik at me fekk 8 kampar før sommarpausen og 10 etter.

Då me tok sommarferie var stoda slik at det var opp til oss sjølve å avgjera opprykket. Med ein kamp mindre spelt så låg me to poeng bak serieleiaren og hadde alle sjansar til å rykka opp.

Haustsesongen

Det skjedde minimalt i sommarferien bortsett frå ein trening før fyrste seriekamp 5.august heime mot Årdal 2.

Årdølene som for alvor hadde fått blod på tann på dette tidspunktet var det beste laget og vann 4-3 på Leikvoll. Ikkje vanskeleg å innrømma at akkurat det var ein liten strek i rekninga for VIL.

Etter kampen mot Årdal 2 så takka Cato Aalen for seg etter berre ein halv sesong i klubben då han flytta til Spania.

Fyrste kamp mot Askvoll/Holmedal for hausten var neste prøve. Etter ein lang tur så kunne VIL plukka med seg 3 poeng etter 2-0 siger.

Heime mot Kaupanger 2 kunne me gleda oss over at Bjørn Molland gjorde comeback for dei blåe. Me kunne òg gleda oss over god rømmagraut i kiosken, samt ein overbevisande 7-3 siger til heimelaget.

Nytt lokaloppgjer i neste runde og ny siger til heimelaget på Leikvoll. Syril måtte ta turen utatte på Leikvoll med 1-3 tap i sekken.

Lærdal vart banka 8-3 inne i Lærdal før Gaular var einaste laget me klarde å scora tosifra antall mål på då me vann 10-4 mot dei på Leikvoll Stadion.

Veitastrond enda sigersrekka på 6 kampar og ny klubbrekord med å slå Hyllestad/Dale 2 med 3-2 på bortebane. Ein av årets kjekkaste sigrar då eit redusert VIL-lag avgjorde kampen i sluttminutta. Godt med 3 poeng når reisa er lang.

Med 3 kampar att av sesongen ville me rykka opp om me vann dei resterande kampane.

Dette gjorde me diverre ikkje. Neste kamp skulle bli årets høgdepunkt då Bjørn for fyrste gong kom på vitjning til Leikvoll. Diverre så svikta VIL når det gjaldt som mest og måtte kapitulera mot naborivalen med eit pinleg 3-6 tap.

Trass tap så levde framleis opprykksdraumen, men den brast ein gong for alle då Anga òg tok med seg 3 poeng frå Leikvoll etter at dei slo oss 4-1. Eit veldig redusert Veitastrond som stilte til denne kampen der me blant anna hadde henta inn 59 år gamle Arvid Heggestad til comeback. Diverre vart dette ein trist sorti då han rauk akillsen etter berre 5 minutt på bana, og måtte rett på operasjonsbordet.

Etter to dårlege kampar så reiste Veitastrond kjerringa i siste runde då Askvoll/Holmedal vart sendt heim med 8-3 tap i bagasjen.

Dermed så seila Veitastrond inn på 3.plass i 5.divisjon avd 1 i det herrens år 2013.

Oppsummering

Ein sesong på det jevne av Veitastrond der me føler at me spelar på det nivået me høyrer heime. Hadde me hatt fullt lag heile sesongen og kanskje auka treningsmenden litt så likar me tru at me hadde vunne denne divisjonen og rykka opp til 4.divisjon. Det hadde me uansett ikkje mulighet til og ein 3.plass er heilt der som Veitastrond fortjente å enda opp.

2013 vart uansett ein stor opptur etter den dårlege avslutninga på 2012, og me klarde å halda entusiasmen oppe nesten heile sesongen.

Årets toppscorar var Frode Kvam som scora imponerande 20 mål på 15 kampar. Kurt Heggestad hadde flest målgivande med 20, medan 3 spelarar delte tittelen årets raotass med beskjedna 4 gule kort. Årets treningsfantom vart Runar Hatlevoll, og endeleg treningsstatistikk kan du sjå HER

Fullstendig spelarstatistikk for sesongen 2013;

NAVN

Kampar

Mål

Assist

Stjerne

Gule

Raude

Åsmund Øgar

17

13

10

15

2

 

Rune Frækaland

17

 

1

5

1

 

Runar Hatlevoll

16

 

1

9

1

 

Frode Kvam

15

20

12

15

 

 

Emil Heggestad

15

4

9

8

2

 

Kurt Heggestad

14

13

20

15

1

 

Richard Nes

14

7

2

1

 

 

Ivan Jokic

13

3

6

8

3

 

Glenn Thomas Nilsen

13

1

 

1

2

 

Morten Nes

13

 

 

1

1

 

Frank Robert Værn

12

1

2

6

3

 

Geir Aardal

12

1

1

2

3

 

Espen Borlaug

12

 

 

 

 

 

Eirik Flugheim

11

1

 

 

 

 

Ole Petter Hatlevoll

10

7

3

6

 

 

Øystein Heggestad

10

 

1

2

 

 

Cato Aalen

9

4

2

 

 

 

Stig Anders Hauge

7

1

2

1

1

 

Kim Andre Navarsete

6

 

 

9

 

 

Frank Heggestad

5

 

 

 

1

 

Bjørn Molland

4

 

 

4

 

 

Terje Teigen

3

 

 

 

 

 

Kenneth Mo

2

 

 

 

 

 

Severin Rokne

2

 

 

 

 

 

Even Kvam

1

1

 

 

 

 

Halvor Storvik

1

1

 

 

 

 

Andreas Bjelde

1

 

 

 

 

 

Arvid Heggestad

1

 

 

 

 

 

Gøran Fimreite

1

 

 

 

 

 

Sjølvmål

 

4

 

 

 

 

Tabell 2013;

Tabell 2013

K

Mål

P

1.

Årdal 2

18

72-35

43

2.

Bjørn

18

77-29

41

3.

Veitastrond

18

82-45

39

4.

Anga

18

55-36

34

5.

Lærdal

18

57-56

25

6.

Syril

18

40-39

24

7.

Askvoll/Holmedal

18

35-57

20

8.

Kaupanger 2

18

26-64

14

9.

Hyllestad/Dale 2

18

29-72

13

10.

Gaular

18

37-77

10

Kampar 2013;

Dato Heimelag Bortelag Res Kamptype Referat
 03.04.2013  Sogndal 3  Veitastrond  0-7  Treningskamp Referat
 10.04.2013  Hafslo  Veitastrond  4-9  Treningskamp Referat 
 22.04.2013  Kaupanger 2  Veitastrond  0-5  Treningskamp Referat 
         
 28.04.2013  Årdal 2  Veitastrond   2-4  Seriekamp  Referat 
 07.05.2013  Kaupanger 2  Veitastrond  3-1  Seriekamp  Referat 
 13.05.2013  Syril  Veitastrond  1-3  Seriekamp  Referat 
 27.05.2013  Veitastrond  Lærdal  8-4  Seriekamp  Referat 
 03.06.2013  Gaular  Veitastrond  0-3  Seriekamp  Referat 
 07.06.2013  Bjørn  Veitastrond  3-2  Seriekamp  Referat
 09.06.2013  Veitastrond  Hyllestad/Dale 2  9-0  Seriekamp  Referat 
 23.06.2013  Anga  Veitastrond  2-4  Seriekamp  Referat 
       
 05.08.2013  Veitastrond  Årdal 2  3-4  Seriekamp  Referat 
 11.08.2013  Askvoll/Holmedal  Veitastrond  0-2  Seriekamp  Referat 
 15.08.2013  Veitastrond  Kaupanger 2  7-3  Seriekamp  Referat 
 18.08.2013  Veitastrond    Syril  3-1  Seriekamp  Referat 
 23.08.2013  Lærdal  Veitastrond  3-8  Seriekamp  Referat 
 01.09.2013  Veitastrond  Gaular  10-4  Seriekamp   Referat  
 08.09.2013  Hyllestad/Dale 2  Veitastrond  2-3  Seriekamp   Referat 
 15.09.2013  Veitastrond  Bjørn  3-6  Seriekamp   Referat 
 22.09.2013  Veitastrond  Anga  1-4  Seriekamp  Referat 
 29.09.2013  Veitastrond  Askvoll/Holmedal  8-3  Seriekamp  Referat 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com