Hafslo - Veitastrond 4-9

Det vart ein ny treningskamp der Veitastrond var klart betre enn sin motstandar då Hafslo vart nedsabla med heile 9-4. VIL var det førande laget og i tillegg til 9 mål så hadde laget truleg opp i mot 10 100% sjansar som vart brende. Til tross for feiande flott offansivt spel så var det litt å setta fingern på det defansive i dag og 4 baklengs var litt i meste laget av det me hadde hatt bruk for å sleppa inn.
Veitastrond gjekk ut i ein 4-3-3 formasjon med følgande oppstilling;
Espen Runar - Eirik - Kim Andre - Rune Severin - Emil - Ivan Frode - Richard - Kurt
Me lyt gje ekstra kred til Espen som kom eins ærend frå Bergen til denne kampen. Han avspaserte nokon timar på ettermiddagen i dag for å rekka kampen, køyrer til Bergen att i natt og er attende på jobben i morgon tidleg. Intet mindre enn imponderande!
Veitastrond hadde planar om å gå offansivt til verks, og det gjorde me òg. Me tek kjapt om kampen;
0-1 Kurt. Slår eit frispark frå 20 meter over muren og i mål.
0-2 Richard. Corner der Richard står åleine på bakerste å headar i åpent mål etter at keeperen bomma ute i feltet.
1-2 Hafslo. Spelar seg igjennom forsvaret og redusering for Hafslo.
Hafslo raudt kort. Ørjan Fåberg får sitt andre gule kort og dermed raudt kort. Hafslo fekk bytta innpå ein spelar, og Fåberg fekk òg sjøl komma innatt i 2.omgang. Er det treningskamp så er det treningskamp.
1-3 Frode. Blir spelt åleine med keeper og scorar sikkert. Herleg scoring etter at Veitastrond hadde brent ei rekke store sjansar.
1-4 Ivan. Er fyrst på eit innlegg frå Kurt og scorar sikkert.
1-5 Frode. Blir nok ein gong spelt igjennom og scorar sikkert.
Pause. Veitastrond klart best i 1.omgang og kunne like gjerne ha leia endå meir. Hafslo hadde nokre store sjansar, men Espen redda som regel meisterleg opp.
2-5 Hafslo. Det er guletrøyene som kjem best i gang etter kvilen. Får ballen på 10 meter og bankar den opp i nettaket.
2-6 Frode. Hugsar ikkje heilt korleis Frode fullførte sitt hattrick.
2-7 Richard. Skot frå 20 meter i hjørne til keeper.
3-7 Hafslo. Blir spelt igjennom og frå skrått hald får han snike ballen under Morten som no er kommen innpå.
4-7 Hafslo. Langskot frå Ørjan Fåberg som snik seg inn under tverren.
4-8 Ivan. Eit innlegg frå kanten som Ivan set i mål frå 2 meter.
4-9 Frank. Dagens høgdepunkt i Sognahallen. Dei to veteranane Terje Teigen og Frank Heggestad vartar opp med finspel der sistnevnte bankar ballen i mål frå 6 meter. Jublar med å dra av seg drakta og springa i mot eigen benk. Får gult kort for opptrinnet ;)
Har ikkje heilt kontrollen men utover i 2.omgang kom følgande spelarar innpå; Ole Petter, Morten, Geir, Glenn Thomas, Terje, Stig Anders, Øystein og Frank. Muleg me har gløymt nokon, og då kan me i tilfellet berre beklaga.
Eit lite stikk til trenar Emil som før kampen gjekk gjennom bytta og der kom det fram at berre Kurt skulle spela 90 minutt. Då me skulle gjera siste bytte og Frank sto klar på sidelinja så valgte Emil likevel å la seg sjølv som einaste spelar fullføra heile kampen, og tok heller ut ein skuffa og vonbroten Kurt. Tydeleg markering av Emil at han no har hovudtrenaransvaret på eigenhand.
Skal me trekka fram ein spelar i dag så lyt det bli Kurt som herja som han ville på venstresida. Trur nok at Bjørn Arild treng fullmassasje av ho Vivian i Kvam i kveld etter han prøvde så godt han kunne å halda følge med Kurt i heile kampen.
Alt i alt ein god kamp av Veitastrond der me nok ein gong set ifrå oss Hafslo på rett hylle. I dag var det klassesklinad på dei to laga, og VIL kunne ha scora 15 mål om laget hadde vore meir effektive framfor mål. Litt synd at me slepp Hafslo så lett innpå oss i periodar, og let dei få scora 4 mål i dag. Lyt vera meir kyniske og konsentrerte i avgjernade situasjonar både framover og bakover i det me gjer.
Me takkar Hafslo og dagens gode dommar for kampen, og ynskjer lukke til vidare på ferda.
Firda hadde forøvrig livedekning av kampen som du kan sjå HER
|