Etter oppmodning frå enkelte av våre brukarar har me no oppdatert Årets sesong i menyen ovanfor med terminliste for 2014.
Ikkje sikkert me kjem med oppdaterte resultat regelemessig.
For alltid oppdaterte resultat og tabell anbefalar me kretsen sine sider for 5.div avd 1. Desse finn du HER
Den observante brukar av Veitastrond.com har forhåpentlegvis fått med seg at aktivteten her inne har vore heller laber den siste tida.
Me er nok redde for at det òg vil halda seg litt labert i tida framover. Me skal ikkje seia at sida er heilt død, men skal prøva å halda ein viss oversikt over sesongen 2014. I allefall slik at me får oppdatert våre statistikksider etter sesonngen. Så får me heller sjå kva me får til undervegs.
Noko utfyllande kampreferat, oppdatering av spelarar og anna info om sesongen 2014 vil diverre ikkje komma.
Me oppfordrar då heller om å halda eit auge med våre sider på Facebook, der det vil komma jamnleg oppdatering om våre kampar. Denne sida er ei open side, og treng ikkje ein gong å vera "medlem" av Facebook for å sjå innhaldet på sida.
Du finn våre Facebooksider HER
Dersom det skjer noko på Veitastrond.com så vil me legga ut info om dette nettopp på facen...
Veitastrond Fotball har no fått på plass sponsoran for sesongen 2014. Som vanleg har me mange solide støttespelarar i ryggen som gjer det mogleg for oss å driva klubben.
Les meir HER