Kretsen seier nei til meir seriefotball på Leikvoll Stadion

I dag tidleg fekk vår trenar Emil Heggestad ein telefon han og VIL-fotball godt kunne klart seg utan. Telefonen kom ifrå øverste hald i fotballkretsen, og dei kom med den nedslåande meldinga om at dei ikkje kjem til å tillata seriespel på Leikvoll Stadion i 2008, då dei meinar bana er for lita. Dette er ein alvorleg situasjon for klubben, og me er no avhengig av snarlege løysingar.
Leikvoll Stadion som har vore vår heimebane i 4 år målar 90 x 50 meter, noko som er minstekravet til ei fotballbane. Då me starta opp lag i 2004 fekk me etter nokre rundar med baneansvarleg i Sogn og Fjorsnae; Olav Kjos-Wenjum, godkjendt bana for spel i 6. og 5.divisjon. No seier kretsen at dei har fått inn fleire merknadar frå motstandarlag på bana vår, og at dei har komme fram til at Leikvoll Stadion ikkje lenger er holdbar til å spela seriekampar på.
Skuffa over kretsen
På mange måtar føler me oss dolka i ryggen av fotballkretsen i denne saka. Då me starta opp lag i 2004 fekk som nevnt lovnader om at bana held for dei to lågaste divisjonane, og dette har me på mange måtar slege oss til ro med. Likvel skal det seiast at me er byrja å sysla med tanken om ny bane, men dette er framleis berre på idestadiet, og ei ny bane klar til seriestart om ein god månad er ikkje mogleg å få til.
Styret i VIL-fotball kjem til å halda møte i kveld der me kjem til å prøva å finna løysingar på problemet som no har dukka opp.
Kritisk
For det er faktisk eit ganske så stort problem som no har dukka opp. Etter samtale mellom underteinka og hovudtrenar Emil har me no 2 val framfor sesongen:
- finna oss ei ny heimebane utanbygds. I dette tilfellet vil det sannsynlegvis seia treningsfeltet på hafslo
- legga ned klubben, eller ta ein pause til me har ny bane klar på Veitastrond
Heilt sidan starten har me alltid sagt at dersom me ikkje får spela heimekampande våre på Strondi så er det heller ikkje noko poeng i å ha lag. Dette er altså no blitt tilfelle, og så sant kretsen ikkje syner meir velvilje, ja så kan dette faktisk enda med at me legg ned VIL-fotball. For som Emil sa på telefon; "dersom me må spela kampande våre på Hafslo kan me like så godt legga ned klubben, og slå oss saman med nettopp Hafslo"
Uviss framtid
Kva som skjer vidare i denne saka er eigentleg heilt i det blå ennå. Me kjem altså til å ha eit styremøte i kveld, så får me sjå kva me finn ut her. Truleg kjem me til å ta kontakt med lokale bønder på Strondi om det mogleg å laga til ei bana raskt, slik at me eventuelt kan spela bortekampar i vår og alle heimekampane til hausten (slik som me gjorde det i 2004). Me kjem nok og til å ta kontakt med kretsen igjen, og håpa at dei kan gje oss dispensasjon eit år eller, men slik som det laud i dag har me ikkje heilt trua på dette.
Dette er kanskje den mest dramatiske dagen i klubben si korte soge, og det er ennå uvisst om det vert klubben sin skjebne. Me som driv klubben får oss i allefall eit slag i tryne dersom me 15.mai sparkar i gang årets fyrste heimekamp nede i Moane.
Veitastrond.com kjem tilbake med meir etter styremøtet i kveld...
|