Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Dagen derpå for Øivind Kristiansen

Medan nærmare 200 tilskodarar på Leikvoll Stadion i går bada seg i solskin og kosa seg med grillmat vart idyll brått snudd til eit skrekkscenario som det burde vera 18-årsgrense på, då VIL-stoppar Øivind Kristiansen skalla til ein motspelar og braut nasen. Blodet fossa ut av andletet til Øivind, medan han vrei seg i smerte ute på grasteppe. No ein dag etterpå har smertene gått over til gru for morgondagen når nasen skal rettast opp igjen.

Veitastrond.com tok ein liten prat me Øivind i dag, og det var tydeleg at han hadde fått hendinga litt på avstand; "Eg er framleis noko mørbanka, men det er heldigvis ikkje noko særleg smerte no lenger. Det verste no er at eg skal til Førde i morgon for oppattretting, og eg kan ikkje seia at eg ser særleg fram til det" 

Øivind vart køyrt rett til Førde under kampen i går, men det var fyrst og fremst for å sjå at det ikkje var noko meir alvorleg enn eit vanleg nasebrot - noko det heldigvis ikkje var. Han må venta 2-3 dagar etter brotet før han får retta opp igjen brotet, då hevinga rundt nasen må gå ned.

Blør for drakta

Korleis følte du deg når du låg blodig og fæl framfor eit rekordstort publikum?? Følte deg passe teit vil me tru..??

"Ja, det er klart det var utruleg surt at noko slikt skulle skje akkurat denne dagen. Samstundes trur eg at Veitastrond publikumet set pris på spelarar som er villige til å blø for drakta. Eg er og utruleg glad for at nokon av tilskodarane som hadde erfaring med skadar tok hand om meg, og fekk roa ned både meg og nasaskaftet"

Den Øivind fyrst og fremst siktar til her var sogndølen Albert Olav Fedje, som til dagleg jobbar som sjukepleiar på Lærdal Sjukehus. Han var på søndagstur på Strondi for å sjå kamp og nyta atmosfæren på Leikvoll, men fekk altså her anledning til å hjelpa Øivind og det medisinske apparatet til VIL med sine kunnskapar.

Pappa Kristiansen mest interessert i resultatet

Då Øivind sat på sidelinja ringde han til sin far; Arild Kristiansen, som er kjendt som ein hardbarka VIL-fan. Han spurte Øvind kvifor han ikkje spelte kamp, og då svara Øivind at han sat ute med broten nasen. "Å, kva er resultatet", spurte Arild utan å bry seg så mykje at sonen sat å tykte fela synd i seg sjølv ;)

Tilbake til haustsesongen

Nasebrotet kom nok ekstra ubeleieleg for Øivind då han no endeleg såg ut til å vera tilbake i fyrste 11-aren. Etter at Sindre Mørkve takka for seg i VIL-drakta forrige veke så opna det seg ein plass i midtforsvaret, men no tyder det meste på at Geir Aardal tek denne plassen i siste kamp for våren mot Bjørn på torsdag.

Øivind er no reist heim på ferie på Askvoll der han allereie er byrja med sin sommarjobb.

Han er venta tilbake til haustsesongen, men rekk diverre ikkje fyrste kampen. Fyrst skal han nemleg på romantisk kjærleiksferie til Kreta i perioden 1-14 august. "Eg gler med", avslutta ein forleska Øivind til veitastrond.com

Veitastrond Fotball ynskjer med dette Øivind god betring, og lukke til med oppattretting i morgon. Me vonar du kjem attende i toppform til hausten..!

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com