Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Ansikt mot ansikt med hovudtrenar Emil Heggestad

Veitastrond Fotball har fått det tøffare enn det me sjølve hadde håpa på føre årets sesong i 4.divisjon. Etter ein god start gjekk me etterkvart på tap etter tap, og sjølv om me fekk ein god start på hausten mot Lærdal kom me oss snygt nedatt på jorda med tapet mot Førde 2 i helga. Me ligg no 5 poeng bak sikker plass, og me kan ikkje nekta for at nedrykksspøkelset kjem nærmare for kvart tap som går. Det har vore mange jamne kampar og bitre tap, men no tykkjer fansen vår at det ikkje lenger er godt nok å gøyma seg bak dårlege unnskyldingar som uflaks, dårleg dommar, humpete baner osv. Me satte oss ansikt mot ansikt med hvodutrenar Emil Heggestad og ba han om å forklara kva som eigentleg skjer i VIL-fotball om dagen.

Veitastrond.com sin utsendte reportar var redd for at Emil ville feiga ut og ikkje møta til dette intervjuet. Etter ca 5 minutt på overtid kjem imidlertid trenaren vår og han er like blid som alltid...

Halloisen du Heggestad...Usedvanleg kjekt at du ville ta deg tid til å stå ansikt mot ansikt med oss i Veitastrond.com i den tøffe tida du og laget ditt no er inne i...

Sjølvsagt stiller eg opp. Eg er kanskje i ferd med å styra VIL-skuta ut av kurs, men det vil ikkje sei at eg er vorten mindre PR-kåt i løpet av året. Snarare tvert imot du.

Me tvilar ikkje, men nok snikk-snakk, lat oss gå over til fotball-snakk. Det vart altså tap i kampen mot Førde 2 på søndag i den kampen som for ein kvar pris ikkje skulle tapast.
Kor skuffa er du??

Klart da e surt å tapa ein so viktige kamp. Rett itte kampen e eg utrule skuffa og sjølv om da e nåke lite i dan store verden, so leigge ein sopass mykje arbeid i da at eg tillet meg sjølv å vera skuffa når me tapa kampar. Men eg er av den formeining at når ein tapar må ein berre klina til igjen. Det er lettare å finna esset i erme når ein bestemmer seg for å bretta ermane opp.
 
Laget ligg no 5 poeng bak sikker plass, og ting ser vel ikkje akkurat lyst ut.
Har du snart gitt opp denne sesongen og allereie byrja å planlegga livet i 5.divisjon neste år??

Me ligg som du seier 5 poeng bak og dette er ein utfordring som me må vera villige til å ta. Eg har definitivt ikkje gjett opp og er heilt sikker på at om alle er med å bidreg med det dei kan utover hausten kan me plukka mykje poeng og nok til å behalda plassen i 4.divisjon. 5.divisjon er eit ikkje-tema.
 
Har du noko forklaring på kor det har svikta hjå Veitastrond  i år?

Treningsmengde og kontinuitet. Med ein trening i veka og store utskiftingar framfor kvar kamp gjer det vanskeleg å få mønster i det me driv med. Me har kanskje i år vorte offer for eigen profil. Samstundes har me denne sesongen hatt meir enn normalt med skadar og sjukdom. Dette har me ikkje takla slik som me hadde håpa me kunne greia.

Er laget generelt for dårleg for 4.divisjon, eller er det andre faktorar som spelar inn??

Slik tabellen er no er laget ikkje godt nok til divisjon, men spelarmaterielle er absolutt godt nok. definitivt. Det er fleire faktorar som spelar inn som nemnt litt tidlegare.
 
Har du vurdert di eiga stilling som trenar??

Eg vurderar kontinuerleg mi stilling som trenar. Min filosofi som trenar er at når laget vinn er spelarane gode, men år me tapar er det trenaren sin feil. I år har me tapt for mange kampar og då må eg ta på meg skulda - det tåler eg. Ein ekstern trenar hadde vore spennande, men slett ikkje uproblematisk for oss. Me har ein profil der spelarar ikkje har nokon plikt til å prioritere fotball som nummer 1 -2 -3 på lista. Dette fører med seg at ein melding om at ”eg kan ikkje vera med i dag” er godkjent grunn og dette ville blitt problem om me skulle henta inn ein trenar og betala x-antal kroner i året. Men om nye krefter vil prøve seg, skal ikkje eg stå i vegen for det. 
 
Vel vel, trur kanskje det er andre krefter i klubben som hadde stått i vegen for deg om du ikkje hadde stått der sjølv...

Det har vore prøvd mange ulike formasjonar i år.
Føler du at du har funne ein formel som fungerar, eller famlar de i mørket etter ein vinnarresept??


Eg har sete med ein liten følelse av å famla i mørket ja. Dei kampane me har vunne har vore etter å ha skifta formasjon. I neste kamp har me falt tilbake til gamle synder og tal baklengs har vore frykteleg. Men esset i ermet er eg ganske sikker på å ha funne. Kampen mot førde 2 var ein laber og apatisk sak. Det er daudt i laget og eg og andre sit med følelsen av at 4.divisjon sin beste spelar, Kurt, blir misbrukt ved å bli markert ut som einsam spiss. Dette vil ikkje skje igjen, det kan eg lova. Eg vil sjå ein meir fandenivoldsk gjeng som vil ut å vinne fotballkampar. Ser ein på dei spelarane som me har disponible utover hausten, kan eg meddela at ein 4-5-1 formasjon ikkje blir gjengangaren denne hausten. Me må angripa, det skal me og det skal motstandarane få merka.

Alle sit med vissa om at Veitastrond kjem til å gå ned at, så får me som trenarar, spelarar og apparat elles visa at me høyrer heime i 4. Divisjon.
 
Til helga kjem Selje på besøk. Eit av dei beste laga i divisjonen, som de rauk 1-5 for i vår.
Korleis har du tenkt at laget skal vinna denne kampen når de i tillegg er utan mange "faste"spelarar?

Eg ser på dette som ei kjempetøff utfordring og det er ikkje, slik eg ser det, ikkje denne kampen det står å fell på. Nesten som ein bonuskamp, sjølv om det høyrest noko rart ut i den situasjon me er i. Me kan grava oss ned, eller me kan gå ut å klina til.
 
Viss nokon byrjar å grava i Leikvoll matta tipppar eg Jossn klikkar galen, så eg anbefalar å gå for å klina til....I sommar henta de Frode Kvåle som er ei klar forsterking i 4.divisjon.
Kan me venta oss fleire signeringar i den nærmaste tida??


Me håpar å få signaturen til Ørjan Aardal (keeper) og Ole Kristian Løvik (midtbane) i løpet av denne veka. To spennande namn.
 
Har høyrt nokre rykter om at etter kampen mot Førde 2 var det dårleg stemning i mellom eigne spelarar.
Blant anna skal Arne Nes ha trua med å melda overgang til Hafslo om ikkje ting snart bedra seg.
Har du noko kommentar til dette?

Tydleg at det minkar på spørsmål å stilla. Me er kommen over i rør å vas delen. Det er tilfeldigvis mitt fagfelt, så dette var gøy. Men eg nyttar anledninga til å rosa spelarane for ein kjempegod tone i og rundt laget. Dette skal vera moro og sjølv om å vinna er moroare enn å tapa, er humøret i gruppa meir enn god. Trur Arne fekk nok av Hafslo etter å ha trena heile vinteren for så å bli sett på benken når dei gamle gutta møtte opp når graset var grønt. Arne vil me meir enn gjerne ha med oss. Ein innstilling som mange kan læra av.
 
Korleis trur du avslutninga på sesongen blir??? Kor endar Veitastrond til slutt på tabellen??

Eg er optimist, samstundes realist. Me blir nummer 9.

Heilt til slutt du, kom til å tenka på ein ting. Er det ikkje besynderleg at laget plutseleg byrja å gjera det dårleg i den sesongen laget kom på Oddsen, og det vart mogleg å satsa pengar på kampane til Veitastrond. Det er vel tilfeldigvis ikkje nokon innad i klubben som har gjort gode pengar på laget sin nedtur??

Det har eg ingen kommentar til. Er ikkje intervjuet slutt no eigentleg??

Jeu det er vel kanskej det du. Me får vel gje oss mens leiken ennå er god...På vegne av alle i klubben takkar me deg for at du stilte sporty opp på dette intervjuet i ei vanskeleg tid, og me føler så absolutt at Veitastrond sin kamp om vidare eksistens i 4.divisjon er i dei beste hender så lenge du sit ved roret. Lukke til vidare med sesongen.

Berra hyggele du. Ha alltid tid te fansen min eg veit du...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com