Even Kvam tilbake som keeper

Sjølv om det ikkje har komme så mange nye spelarar inn dørane på Leikvoll så langt i vinter så har det likevel skjedd enkelte betydelege endringar i spelarstallen. Ein av dei mest merkbare er at vår kaptein og midtstoggar dei siste 4 åra; Even Kvam no har valgt å gå tilbake der han starta sin fotballkarriere - som keeper. Even har etterkvart vorte ein kult-helt blant VIL-fansen, og me er sikre på at han kjem til å halda denne statusen ved like no når han tek med seg sin heilhjarta spelestil inn i målet. Med Even sin retur som keeper opnar dette samstundes for å realisera ein draum for Gøran Fimreite som no endeleg får prøva seg som utespelar på heil tid.
Som dei fleste andre unggutar i Songdalsfjøra så var og Even Kvam levande oppteken av fotballen heilt ifrå han kunde gå. Han viste tidleg at hass styrke som spelar ikkje låg i det tekniske og han måtte då spela på andre strenger som spelar. Vegen for Even har heile vegen vore at han alltid spelar med hjarta langt ute på drakta, skyr ingenting og ofrar seg i einkvar duell - med andre ord den fødde keeper.
Han var lenge rekna som eit stort keepertalent og gjekk gradene i Sogndal før han som 16 åring ikkje lenger gadda å satsa for fullt og vart i staden fyrstekeeper for Norane. Even fortel her om korleis karriera hass kom i gang; "Det var ein fredagskveld der eg og Morten Hagen hadde vore på ungdomsdisko på Notsete, og etter at me fekk sitta på ned i Fjøra i frontlasteren på traktoren til "Jairen" så havna me på ein benk utafor Tuftekiosken. Ca kl 00:30 på natta så stoppa ein bil ved sida av oss, og ut steig Norane-guruen Normann Henning Fimreite. Han hadde tidlegare på dagen vore i krisemøte med Magne Selseng, og det vart klart at dei mangla spelarar i klubben. Eg og Hagen vart med inn i bilen og fekk lov å sitta i baksete til Fimreiten, og me lova då å stilla opp for Norane. På neste trening møtte me faktisk opp, og dermed var karriera mi som seniorspelar i gang"
Å intervjua Even Kvam er ei takknemleg oppgåve, og historiane frå fortida sit forholdsvis laust. Han hugsar godt den aller fyrste kampen han spelte for Norane; "Also, eg var berre 16 år då eg debuterte som keeper mot Atløy ute på Ylvisåket grusen. Du kan vel sei det slik at eg var ikkje fullt utvoksen og eg gjorde tidleg ein skikkeleg brølar. Kenny Slinden, som er ein av dei to brørene som i ein kamp byrja å slost når dei spelte mot oss, skaut frå distanse og eg var rett og slett for liten og nådde ikkje opp til ballen. Dette var ein skikkeleg keepertabbe, og faderen - han Tor Odd Kvam - vart så flau og rasande at han stakk i frå heile kampen før me hadde spelt 45.minutt. Skal seiast at eg heva meg betrakteleg i denne kampen, og hadde ein meir enn godkjent 2.omgang."
Under Leiv Inge Fimreite sitt suksesfulle regime så vart han etterkvart ein av dei viktigaste spelarane på Norane sin veg som gjekk frå 7.divisjon til toppen av 4.divisjon på nokre få år, og der det heile vart krona med sigeren i Firdacupen i 1998 - i finalen spelte Even ein av sine beste kampar og fekk prisen som banas beste.
Etter fleire suksessfulle år som målmann vart han etterkvart lei av å stå i fiskanoti, som han sjølv seier. Han tok då fatt på ein karreiere som utespelar, og etter eit par år i ulike posisjonar på eit Norane lag som var i ferd med å rakna vart han hooka opp på byen av ivirge Veitastrond agentar. Even fekk umiddelbart rolla som midtstoggar og kaptein, og sidan den gongen har han vore ein habil utespelar som ein lett kan dra paralellar mot den typen stoggara ein fann på dei britiske øyer på midten av 80-tallet. På 47 kampar i VIL-trøya står han med solide 15 gule- og 4 raude kort, der sistnemde er klubbrekord.
Når han no går tilbake som keeper er dette som han sjølv seier fordi han innser at det beste for laget er at hass rolle i laget vert som burvoktar. "Eg har ingenting å gjera som midtstoggar i 4.divisjon, og eg trur eg kan gjera meg betre som keeper. Etter nokre månadar i kassen så kjenner eg at forventingane til meg sjølv har vore store, og eg er til no langt ifrå nøgd med eigen innsats hverken på trening eller no seinast i treningskampen mot Sogndal 2", uttalar Even som er særs spent på både korleis hass eigen og laget sin innsats vil bli i årets 4.divisjon.
"Me skal i allefall ikkje ha for store forhåpningar", avsluttar den som vanlege realistiske pessimisten Even Kvam.
Heilt til slutt spør me kva han gler seg mest til i sesongen 2009, og då kjem svaret kjapt; "Det vert sjølvsagt at eg no kan stå å prata med Jossn både før, etter og ikkje minst UNDER kampane"
Gøran som utespelar

Med Even sitt keeper-comeback låg Veitastrond an til å ha to habile keeperar som kunne kjempa om plassen i buret. Dette vert nok ikkje tilfellet då vår keeper dei siste sesongane; Gøran Fimreite, nytter denne anledninga til å prøva seg som utespelar.
"Dette er ein fin sjanse for meg til å visa at eg og duger andre stadar enn som keeper. Etter 3 sesongar som einaste keeper i klubben kjenner eg og at eg er lei av å stå rett opp og ned i målet, og eg ser fram til å prøva noko nytt", uttalar Gøran til Veitastrond.com medan han turkar ei sveittebya av panna - tydeleg at det tek på å gå frå målmann til utespelar.
I utgangspunktet vil ikkje Gøran ut med noko ønskeposisjon, då han sjølvsagt spelar der som trenarane vil ha han. Likevel lettar Gøran litt på sløret for oss; "Det er klart at det ville vore ekstra moro å få prøvd seg som spiss og fått nokon scoringar på samvitet. Spesielt moro hadde det vore dersom eg kunne henvist Vidar Vadseth til benken. Då skulle eg ha teke ein liten salto-mortale framfor benken han sat på kvar gong eg scora, berre for å gni det inn", seier han med glimt i auget.
Kanskje vil det ikkje vera så dumt av Gøran å prøva seg som spiss, som faktisk alt no står bokført med 3 scoringar fo klubben. 1 kom på straffe, medan 2 av måla scora han den eine gongen han faktisk fekk sjansen som spiss i 2.omgang mot Norane i 2006.
Gøran vil den kommande sesongen fungera som ein spelande reservekeeper, og han er klar til å steppa inn i buret når det trengs; "Eg ynskjer Even lukke til som keeper i den kommande sesongen, og eg er sjølvsagt klar til å stå kvar gong han må sona med raudt kort", avsluttar Gøran til oss. (Even Kvam uttalar i denne samanheng at han på 198 kampar som keeper for Norane aldri har fått raudt kort...)
Veitastrond.com er sikre på at både Even og Gøran kjem til å handtera sine nye posisjonar i klubben på framifrå vis, og me ynskjer dei begge lukke til!
|