Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Balestrand - Veitastrond

Då er det klart for ny seriekamp, og denne gongen mellom dei to laga som truleg tilhøyrer dei minste idrettslaga i 4.divisjon. Veitastrond skal nemleg utover i fjorden til Balestrand, og til ærverdige Kreklingen Stadion. Det er mange år sidan me vitja denne bana for fyrste gong, og dette var lenge ein arena me besøkte jamnleg både i serie- og treningskampar. Etter at VIL rykka opp to divisjonar på to sesongar så trudde me kanskje ikkje at me ville sjå så mykje meir til balestrendingane, men etter nokre år så har dei tusla etter oss frå 6.divisjon og er no òg kommen opp i dette gode selskap. Dette gledar oss, og me gledar oss òg til å på ny måla krefter mot Balestrand.

Veitastrond reiser med følgande tropp;

Gøran, Frank Robert, Gaute, Glenn Thomas, Karl Jomar, Kenneth, Olai, Rune, Øivind, Øyvind, Emil, Gisle, Kurt, Åsmund, Ivan, Frode, Richard og Øystein. 

Av desse 18 så er i allefall Kenneth usikker, og erfaringsmessigt så vil me truleg reisa med ein stad mellom 13 og 16 mann utifrå dette utgangspunktet. Gøran meldte sine tenester som keeper til denne kampen før i veka, og han står truleg i morgon om ikkje det kjem noko i vegen for han. Dvs at Øivind ikkje får fornya tillitt mellom stengene til tross for framifrå innsats mot Dale. Ellers håpar me at Gaute er attende i stallen etter at han gjorde sin fyrste opptreden for VIL på trening denne veka.

Dei som står over denne kampen er; Morten, Even, Runar, Ådne, Ole Petter og Severin. Runar var attende på trening for fyrste gong denne veka, men vil venta med å spela kamp. Severin slit med ein strekkskade som han diverre slo oppatt på trening.

Trenar Emil Heggestad varslar at det kan komma små endringar frå det laget som starta mot Dale.

Veitastrond reiser til denne kampen proppfull av sjølvtillitt etter ein flott seriestart mot Dale forrige helg. Alltid godt å komma i gang med poengfangsten, og dette gjer til at ein kan gå ut på med litt senka skuldrar.

Veitastrond med favorittstempel?

Som nyopprykka lag er kanskje Balestrand eit av dei laga me lyt gå inn til kampen som knappe favorittar, men det er nok ingen på VIL som trur at denne kampen blir lett. Heimelaget spelar med stor entusiasme, og at over 200 stk såg fyrste seriekamp på Kreklingen seier sitt om at interessa for lokalfotballen lever i beste velgåande ute i Balestrand.

Veitastrond og Balestrand har tidlegare spelt 8 kampar, der VIL har vunne 4, spelt 2 uavgjorte og tapt 2.

Det har nok skjedd mykje i Balestrandfotballen sidan me brukte å vitja. Dei har teke att naborivalane Høyang i seriesystemet, og såleis og klart å lokka heim dei beste balestrendingane. Dette gjer til at dei har eit heilt anna grunnlag enn før, og me trur heilt sikkert at dei vil plukka poeng jamnleg i årets 4.divisjon.

Kampstart er kl 15:00.

Me veit at vår eminente banemann Johannes Nes allereie har reist ifrå Veitastrond, og skal sova over i campingbilen sin i natt, for så å sjå denne kampen i morgon. Dersom du ikkje er like ivrig som Johannes, så kan du sitta heima å følga denne kampen HER

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com