Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Bjørn - Veitastrond

Det nærmar seg no for alvor fotballferie for Veitastrond, men før den tid står kanskje årets største utfordring for tur når me tek turen inn i Gaupne for å spela lokal- og toppoppgjer mot Bjørn. Det skil laga berre 1 poeng på tabellen, og vinnaren av denne kampen vil kunne ta ferie på toppen av 5.divisjon avd. 1.

Veitastrond stiller truleg med følgande lag;

Gøran

Frank - Geir - Even - Kim Andre

Bjørn - Petter - Emil - Kurt

Richard - Frode

På benken; Jon Arne, Arvid, Ivar, Ole Kristian, Gaute, Øyvind, Morten, Jan Erik, Øystein, Vidar og Arne.

Dei som heilt sikkert ikkje vert med er berre Øivind, som naturleg nok er ute grunna nasebrotet han pådrog seg mot Jølster 2, og Helge som for siste gong er utilgjengeleg grunna at han er i praksis.

Det er vel tvilsomt om me faktisk stiller med 11 mann på benken i morgon, og me reknar med at me får inn nokre forfall etterkvart. Spesielt vert det spanande å sjå om Morten stiller seg klar til disposisjon etter at han knakk eit ribbebein i kampen mot Hafslo. Det ryktast før i veka at han var tilbake i lett trening, og me vonar at han er såpass at han i allefall kan bidra frå benken.

Denne kampen vert ekstra spesiell for Ivar og Petter, som for siste gong spelar kamp for Veitastrond i morgon.

Bjørn

Dette vert fyrste gong i historia at Bjørn og Veitastrond møtest i seriesamanheng. Tidlegare har me møttes 4 gonger i treningskampar, som har enda med resultat 0-0, 2-8, 4-0 og 1-7 - altså 1 siger, 1 uavgjort og 2 stygge tap.

Bjørn var svært nær å rykka opp til 4.divisjon i fjor, men måtte gje tapt i kvalikken mot Askvoll/Holmedal. I år har dei byrja serien bra, og står so langt bokført med 4 sigrar og 2 uavgjorte. Dei har toppa tabellen frå start, heilt til me sneik oss forbi dei i helga når dei måtte avgje poeng borte mot KIL2.

Dommartrio

Til denne toppkampen ser me og at kretsen har satt opp ein dommartrio. Hovuddommar Torstein Egil Kvam får denne gongen med seg Irmelin Skjerven og Per Barsnes på kvar si linja.

Kampen startar kl 19:00 på Gaupne Stadion i morgon.

Me oppfordrar VIL-fansen om å møta opp å sjå Veitastrond prøva seg mot kommunesenteret sin stolthet.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com