Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Eit hausteventyr frå Leikvoll

Kalendaren viser at det er den 11. dagen i oktober i det herrens år 2009.

Til ei kunstgrasbane i Askvoll reiser ein gjeng med staute menn for å forsvara æra til Veitastrond.

Det står fyrst og fremst om fotball og at dei heilblåe karane på VIL-fotball skal halda plassen i 4.divisjon. I tillegg står det om æra og stoltheta til ei lita bygd som gang på gang har latt seg imponera over kva 11 mann ute på ei fotballbana kan få til. Dette handlar om å kunne stå oppreist i kvardagen og seia at eg er veitastrending og er stolt av det.

Slaget på Askvoll byrjar dårleg for Veitastrond, men etterkvart snur det for dei blåkledde og i årets viktigaste fotballkamp vinn dei 4-3 borte mot Askvoll/Holmedal og nedrykksspøkelset er borte.

Champagnekorkane kan sprettast i garderoben i Askvoll, og spelarane jublar for eigne prestasjonar... langt langt borte ifrå Leikvoll Stadion.

Rett etter kampslutt byrjar jungeltelegrafen å gå, og meldinga om fornya kontrakt i 4.divisjon har nådd heimbygda. Flagget går til topps og bygdafolket, fansen og støttespelarane gler seg over at endå ein sesong kan kallast ein suksess, og at det i 2010 på ny kan gjerast klart for 4.divisjonskampar på Leikvoll.

Nyhenda går som ein fønvind igjennom dalen og når til slutt fram til hovmeistaren av Leikvoll Stadion; Johannes Nes. I kjendt stil skor han på seg gloggane, hyv seg på sykkelen og trør dei fåe meterane bort til si eiga storstove. Her les han seg inn i VIL-bua, finn fram ein sjokolade som aldri vart kioskvare i årets sesong og set seg ned og skuar over Leikvoll Stadion.

Den kalde og blanke haustkvelden gjer den snøkledde fotballbana eit vakkert skin. Her er ikkje ei sjel og Leikvoll ligg som eit øde og forlatt idrettsanlegg som ventar på at endå ein vinter skal gå forbi.

Men inne i Johannes sitt hovud ser han 11 blåkledde karar som spring rundt på Leikvoll og er villige til å gje alt for laget og bygda si. Han høyrer brølet frå publikum som jublar for endå ei scoring. Han kjenner lukta av grillmaten til Torodd som fyller heile Røyteviki. Han kjenner at heile kroppen brusar i det Even Kvam reddar straffesparket mot Dale. Han kjenner glede over å sjå at så mange mennesker kjem i lag på Leikvoll 11 gonger i året, kun for å stå saman som eitt og visa at dei er patriotar - Veitastrondspatriotar...Han kjenner stoltheta.

Sesongen er over og hausten vert kaldare og mørkare for kvar dag som går. Attende sit Veitastrond og ventar på ein ny sesong med nye oppturar og nye nedturar. Nye lukter og nye kjensler skal takast inn, men uansett kva som skulle komma så kan ingen rokka ved stoltheta til Veitastrond.

Veitastrond Fotball takkar alle involverte for årets sesong, og ynskjer velkommen attende til neste år...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com