Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  "Hei du pipen, du staor i kårner"

Før sesongen 2007 så trykkte Veitastrond Fotball opp 200 t-skjurter som seinare har fått tilnavnet "VIL-skjurtao" på folkemunne. Me har no snart solgt ut og/eller gitt bort heile kolleksjonen, og me er glade for å sjå at skjurtene er godt spreidde rundt om i distriktet - god reklame for klubben vår dette.

På desse skjurtene står det i tillegg til våre sponsorar òg to sitat. Begge desse sitata har me henta frå gamle dagar, og me trur historiane bak er godt kjende for folk flest på Veitastrond. Dei utanfor bygda er nok ikkje så stø på vår lokalhistorie, og me vil her gje dykk ein kort historietime på dei to gullkorna våre.

"SJOT VIL DU SJOTA"

Desse orda, som har fått plass på framsida av VIL-skjurta vart sagt av tidlegare butikkeigar og taxi-sjåfør på Veitastrond; Egil Johan Nes, og me tippar det oppstod ein gong rundt 1950.

I hass sin ungdom vart det (som i dag) sparka mykje fotball på Veitastrond. Den gong hadde dei fotballbana der som vår banemann Johannes Nes i dag har huset sitt. Egil var mykje med her, og han var kjendt for å vera ein meget habil keeper. Det skal nemnast at det ikkje var snakk om noko organisert fotball på denne tida, og det dreide seg kun om god gamaldags løkke-fotball. 

Det er nettopp frå hass tid som målmann at sitatat vårt stammar frå. Egil hadde nemleg stor tru på eigne ferdigheter som keeper, og respekten for angriparane var ikkje til stades. Så når motspelarane kom med ballen mot han så frykta han ikkje nokon avslutning, men skreik i staden tappert;"SJOT VIL DU SJOTA"

Dette sitatet har i seinare tid vorte brukt mykje på folkemunne på Veitastrond både når me ser fotball på TV og når me spelar sjølve. Så når Veitastrond sparkar i gang haustsesongen mot Breimsbygda skal ein ikkje verta forundra om vår keeper Gøran Fimreite tek etter ei legenda og gaular ut; SJOT VIL DU SJOTA kvar gong breimingane nermar seg målområdet vårt.

"HEI DU PIPEN, DU STAOR I KÅRNER"

Det andre sitatet vårt som står på baksida av VIL-skjurta er henta frå den legendariske kampen mellom Veitastrond og Hafslo i 1956. Dette var fyrste gongen dei to naboane målte krefter på fotballbana, og etter det me veit var det og den fyrste kampen som Veitastrond nokon gong spelte.

Ein av spelarane på Veitastrond den gang var Ola Hilleren. Han var plassert bak i forsvaret og under kampen var det ein Hafslo spelar som stod i offside. Ein del av dei engelse uttrykka i fotball var truleg som framandord for strendingar på denne tida, og at det kunne gå litt i ball for enkelte har me lett for å forstå.

I allefall så ville Ola konfrontera sin motspelar med at han stod i offside, og han gaula då ut følgande vel valgte ord; "HEI DU PIPEN, DU STAOR I KÅRNER"

Me føler eigentleg at dette sitatet taler for seg sjølv, og noko meir forklaring burde vera unødvendig =)

Mange undrar seg sikkert no over utfallet av denne kampen. Diverre så vart det ikkje så mykje å skriva heim om for Veitastrond etter denne kampen som vart spelt nede på Hafslo. Hafslobøgdingane vart eit par hakk for store for Veitastrond den gang, og dei vann til slutt kampen med heile 6-0.

Det skal seiast at Veitastrond fekk eit mål tvilsamt annulert for offside (eller var det corner..), då Sigvald Nes putta ballen i nettet. Dette viser berre at dommaren allereie på denne tida var i mot Veitastrond, og dette er noko som har forfulgt oss sidan.

(NB; me i veitastrond.com sit ikkje med så veldig mykje informasjon om denne kampen og me ynskjer tilbakemeldingar dersom det er feilgitte opplysingar i denne artikkelen. Dersom nokon sit inne med mykje info om kampen Hafslo-Veitastrond i 1956 er me særs intresserte i å få tak på dette, og gjerne skriva eit lengre referat frå denne kampen!)

Visste du at...

...eit eksemplar av VIL-skjurta er å finna på veggen på Lægreid`s Puben i Sogndal?

Jepp, det stemmer faktisk, for midt i mellom gamle Sogndal drakter lyser denne vakre skjurta i mot oss.

Det er VIL-trenar Emil Heggestad, som har jobba på puben i mange år, som har bytta ut ei av SIL-trøyene med ei VIL-skjurta. Me trur heller ikkje at eigaren av puben Atle Lægreid har noko i mot dette, då han er kjendt for å vera ein ihuga VIL-fan og Lægreid Hotel er som kjendt ein av våre aller tyngste sponsorar.

VIL-skjurta heng i taket med ein gong ein kjem innpå puben. Me veit det ikkje alltid er så lett å fokusera med blikket når ein er på puben, men me anbefalar likevel alle våre brukarar om å sjå eit par sekund i taket neste gong ein er innom der.

At VIL-skjurtao er å finna i taket på ein fotballpub tykkjer me er steikande tøft og fin-fin profilering av Veitastrond Fotball!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com