Hoppefinten
Fotball er eit vidunderleg spel, og noko av det som gjer det så fantastisk er at spelet heile tida utviklar seg. Dagens spelarar er betre både fysisk og psykisk enn tidlegare generasjonar, og ikkje minst så vert underhaldningsverdien og finterepotoaret til spelarane stadig utvida. No i dag kan me i Veitastrond.com som fyrste medium i verda presentera ei heilt ny finte, og me er stolte over å syna fram ei finte som ein av våre eigne spelarar har "funne opp". Kjære brukarar, gjer dykk klare for HOPPEFINTEN med Gaute Olstad.
Nye finter har alltid berika fotballen opp gjennom åra. På 70-talet herja Johan Cruyff på Nederland si midtbane, og etter han har me fått den kjende Cruyff-vendinga. Seinare så kan me nemna piruettane til Zenedine Zidane frå VM i 1998 (og kjendt som Bjørn Molland piruettane) og no sist har ein spelar som Christiano Ronaldo teke overstegsfinta nokre hakk vidare.
Frå tid til annan kjem det altså nye finter, men likevel må ein seia at det er sjeldan dei kjem. Difor er me ekstra stolte over at det er VIL-spelar Gaute Olstad som no står bak det som mest truleg kjem til å bli den nye revolusjonen innan fotballen - hoppefinta.
Ideen kom framfor TV-skjermen
Det var for ein del år tilbake at Gaute Olstad sat i sofaen og såg fotball på TV at ideen om hoppefinten fyrst kom opp. Gaute har sjølv aldri vore nokon stor tekninkar på bana, og han hadde lenge hatt eit ønske om å komma opp med noko som ingen andre hadde sett før. Då han sat i sofaen denne dagen så gjekk det opp eit lys for Gaute;
"Eg sat å såg ein kamp på tv med mykje god angrepsfotball. Eg lot meg imponera over alle fintene og triksa som dei proffesjonelle spelarane har inne, men eg stussa likevel over ein ting. Uansett korleis ein driblar ein motspelar så endar det opp med at angriparen spring forbi forsvararen. Anten han tek ein vanleg høgre-venstre finte, overstegsfinte eller liknande så endar det alltid med at ein spring forbi motspelaren. Det var då eg tenke - kva så om ein hoppar forbi ?"
Gaute byrja å jobba med ideen sin, og han har brukt fleirfoldige timar på å utvikla ideen sin. Sjølve finten går altså ut på at når du kjem ein mot ein vil som regel motspelaren venta at du prøver på ei finte og så spring du det du er kar om for å passera han. Med hoppefinten er det anleis: Ein går mot på samme vis, men i staden for å gjera ein vanleg finte så tek ein ballen i mellom beina og hoppar over motspelaren. Motspelaren vil då i dei fleste høve bli så overraska at han ikkje heng med i svingane, og skulle han likevel henga med vil han truleg laga frispark mot. Ballen får han i allefall ikkje tak i då den er trygt plassert i beinklypa til angriparen.
Me prøver å visa det i bildeserien til høgre...
Treng mykje trening
Hovuspersonen sjølv er snygg med å poengtera at det tek tid å få denne finta inn på finterepotoaret sitt;
"Det er vel ca 2-3 år sidan eg fyrst fann opp denne finta, og sidan den gongen har eg trena nesten kvar dag på å få den så perfekt som mogleg. Likevel føler eg at eg har mykje igjen før det er 100%.
Eg tvilar på at dagens aktive fotballspelarar nokon gong kjem til å få prenta denne heilt inn, men dersom me ser fram i tid og tenker på dei som er ein 4-5 år i dag så trur eg at dei vil meistra denne finta perfekt når dei blir seniorspelarar om ein 10-15 år"
Valet fall på hoppefinta
Gaute lurde lenge på kva han skulle kalla finta si, og han vurderte lenge både Gaute-finta, Olstad-hoppet og G-steget. Likevel fann han ut han ikkje ville bruka sitt eige navn for å ta æra, men heller la fotballen tala sitt eige språk.
"Rikdom og berømmelse har aldri vore mi greie, og eg vil aller helst ha ein anonym tilværelse i søkelyset av denne finta. Det viktigaste for meg er at hoppefinta utviklar seg til å bli så bra som mogleg"
Gaute avviser ikkje at me får sjå hoppefinta på Leikvoll allereie i år;
"Me får sjå me får sjå. Hadde vore ein draum å teke ei perfekt hoppefinte framfor store stå på Leikvoll"
Me i Veitastrond.com lot oss i allefall imponera av denne finta, og me er visse på at den kjem til å vera toneangivane innan fotballen i framtida. Me oppfordrar alle store og små fotballspelarar om å prenta denne finta inn, og her er det berre ein ting som gjeld, og det er å trena, å trena, å trena....
Sjå fleire bilder med utføring av hoppefinten HER
|