Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Kurt Heggestad - Årets VIL-stjerna, ...

...toppscorar og assistkonge på Veitastrond Fotball. Betegnelsen one-man-team vert gjerne nytta om spelarar som er i ein klasse for seg og som dreg lasset åleine når lagkameratane ikkje når opp. No skal ikkje me seia at dei andre spearane på VIL ikkje held mål, men me trur ingen vert fornærma dersom me seier at Kurt Heggestad har spelt i ein annan divisjon enn dei andre spelarane på Veitastrond i år. 22 kampar, 26 mål, 14 assist og 38 VIL-stjerner er fasiten som Kurt sit att med etter årets sesong, og dette er det berre å ta av seg hatten for. Me tør påstå, eller me er faktisk sikre på at Veitastrond hadde fått ein langt tøffare kamp om å unngå nedrykk dersom Kurt ikkje hadde vore VIL spelar i sesongen 2009. Me gjer dykk her ein presentasjon av årets VIL-stjerna, samt eit eksklusivt intervju med Indre Sogn sin mest kjendte geitabonde.

Som dei fleste veit så er Kurt Heggestad 27 år og fram til han var 25 hadde han yrke som fotballspelar og tjente til livets opphald hjå Sogndal Fotball. Etter sin beste sesong i SIL-trøya i 2007 valgte han å slutta med fotballen på toppnivå og heller satsa som geitabonde i heimbygda si Veitastrond.

Synd og skam meinar mange då Kurtn er eit av dei største fotballtalenta som fylket nokon gong har fostra fram og med den rette framgangen kunne han truleg haldt landslagsnivå i dag. Diverre så lukkast han ikkje fullt ut som fotballspelar og me trur ikkje at me tek mykje feil om seier at skadar, mangel på tillit/speletid og ei stor kjærleik for heimbygda si gjorde at han aldri kom seg ut i verda for å fullbyrda sitt talent. No er det ein gong slik at livet ikkje alltid blir slik som ein hadde håpa på, og trass i at det aldri vart proffspel så er i dag Kurt ein lukkeleg mann der han lev med sin familie framme på Veitastrond.

Han spelar framleis fotball, men han har no gått ifrå å ha det til jobb i Sogndal til å ha det som hobby på Veitastrond.

Suveren på statistikkane

Kurt hadde ein flott fyrstesesong for VIL-fotball i fjor og var ein sentral brikke då laget rykka opp ifrå 5. til 4.divisjon.

I årets sesong i 4.divisjon har me sett at laget generelt har slitt meir, men Kurt på si side har berre blitt bedre og bedre og har framstått som kanskje den aller beste spelaren i divisjonen.

I snitt har han nesten vore delaktig i 2 mål pr kamp og alt i alt har han vore vår klart beste spelar. Dette meinar og fansen som har gitt han heile 38 VIL-stjerner (inkl 9 gonger kåra til beste VIL-spelar), og i enkelte kampar har han verkeleg fått vist at han held eit maks nivå som er langt over gjennomsnittet i denne divisjon.

Ei audmjuk VIL-stjerne

Me i Veitastrond.com var så heldige å få ein prat med Kurt, og han tok som vanleg hjartleg i mot vår utsendte reportar (me gjer merksam på at svara frå Kurt er på kav strandamaol...) ;

Halloisen i geitelukao!
Endå ein sesong er over for Veitastrond Fotball og nok ein gong lyt me vel kalla det eit suksessrikt år.
Laget klarde å berga plassen i 4.divisjon, medan du sjølv står bokført med 26 mål + 14 assist = involvert i 40 av dei 67 måla Veitastrond scora i år!
Kva inntrykk sit du att med etter sesongen både når det gjeld laget og din eigen innsats i år?


Me fekk fort erfara at me hadde teke steget opp t eit ant nivå enn me va vande med frao tidlegare, so vaor sesongen vart ao da begredelega slaget! Men ittekårt klarte trenar teamet og ta dei nødvendige grepi so skulde t før at me skulde klara oss, vil og tru at intredn t Kvaolen hadde ein del å seia før utfallet og! Viste pao hausten at me ha bjønt og tepassa oss nivået. Personleg gjekk sesongen bra, men burde vel streingt tatt hatt minst ti maol t. Hadde da vorte ført statistikk pao skora maol og brende sjangsa ekje da sikkert da hadde sitt so bra ut...

Me ser og at du fekk 38 VIL-stjerner, noko som er 24 meir enn nestemann på lista.
For å vera ærleg, korleis er det eigentleg å vera så mykje betre enn alle dei andre på laget?


Før å sitera ein tidlegare trenar ao meg: K ska eg gjera dao? Eg spela pao lag med ti idiota!!!!

Dette kjenner me til ja... Bortsett frå deg sjølv... kva og kven har imponert deg mest med årets Veitastrond lag?

E mange so ha vore goe i aor, so da e vanskeleg å plukka ut einkelt spelara. Trur styrken vaor e at me stort sett ha da moro adle når me spela, og da e nok viktigare enn dei fleste trur! Me ser da igjen i dei kampadn me ha spelt bra, e da god stemning i laget bli prestasjonadn bedre.( Elde e da omvendt? Ikkje godt å veta!) Ska eg likavel trekka fram einkelt spelara, mao da bli studentadn me ha me oss. Dai ha vist ein voldsomme lojalitet t laget, å stiddle opp so sant da lete seg gjera.

Me har høyrt nokre rykter om at fleire lag oppover i divisjonane har meldt si interesse for dine tenester.
Er det noko fare for at Kurt Heggestad spelar i ein annan klubb enn Veitastrond neste år?
Kva skal eventuelt til for at du skiftar beite? (me meinar då deg sjølv på fotballbana og ikkje geitene dine...)


Ser atte finanskrisao ha råka dei fleste klubbadn i verden ganske brutalt, so da ser vel ut so eg bli verande i ein klubb dar økonomien e trøgge. Men ringe Wenger kan da no henda eg kan reisa pao vinterbeite i London!

Ein gong i tida var du eit av dei største talenta i fylket og du var spådd ei lysande fotballkarriere.
Tenkjer du av og til på kvar du kunne ha vore dersom ting hadde gått litt annleis??
Drøymer du deg av og til bort som utanlandsproff og landslagsspelar medan du er i fjøset?


Teinke ikkje so mykje pao da egentleg! Trur nok at eg utifrao forutsettningadn utnytta da potensialet eg hadde ganske bra. Kunde kanskje utvikla meg meir om eg hadde fortsett noken aor men da veit ein no ikkje. Men da ska vera moro å spela fotbadl, og da ekje alltid eg ha gleda meg t å reisa pao trening, før å sei da slek...
Å berra slek at du veit da kan ein ikkje gao å dagdrøyma når ein e i fjøsen!! Dao mao ein vera 100% fokusirte pao arbeidsoppgåvedn sine.

Jepp, det siste der kjenner me til i frå vår eigen jobb du...Har du nokon gong angra på at du la opp som fotballspelar og heller satsa på heimbygda og geitene??

Skremmande sjelden! Hadde trudd eg skulde gjera det oftare. Men teke ein seg ein tur fram ein sommarsdag (elde paoske) e da vel kanskje ikkje so løge?

På ein skala frå 1 til 10. Kor lei er du å få spørsmål om du angra på at du satsa på geitene framfor fotballen??

8

Me forlet fotballen og går over til ditt privatliv.
Det er vanskeleg å unngå å sjå at det er byggeaktivitet nede på Elvabakkane, eller Nedretun som det strengt tatt heiter.
Kortid flyttar de inn i nye kåken?? Reknar med at det vert stas?


Om eg ikkje ha missførste so kjeme navne Nedretun egentleg frao Heggestad. Han bestefar tok med seg gardsnamnet fram pao Elvebakkadn dao han fløtta fram. Å om eg ikkje rota, bygge ikkje eg pao Elvebakkadn men i Svorteløkjen. Føle eg stidle meg før hogg med sleke paostanda, men no faor eg vel sikkert svar om antakelsadn mine e feil! Me håpa pao å vera i hus t paoske

Me håpar for din del at du svarar rett angåande gardsnavnet, ellers er me redd han Jensemann får kaffien i vrangstrupen! Tykkjer du det er på tide at andre ungdommar òg byrjar å flytta heim snart?

Ja da e da heilt klart! Livet pao Veitastrondi e å anbefala før fleire.

Me byrjar å gå litt tom for aktuelle spørsmål no så me lyt snart runda av dette gildet.
Til slutt lurer me på kva ambisjonar du har for neste sesong?? Snakkar me opprykk og 40 mål??


Maole e vel å holda fram i 4. div, elde 3. bli da vel kanskje om NFF faor da som dei vil. ( Trur da vil vera bra før fotbadl i fylket.)
Personleg kunde eg teinka meg å bedra kondisjon atte litt, slek at eg klara og springa litt meir ene eg gjorde i aor!

Ja, me merka at du sleit litt med å holda følge med oss andre, så du kan nok med fordel ut å ha deg nokre joggeturar du. Eg trur at me då takkar me for praten og ynskjer deg lukke til vidare både på fotballbana og i livet ellers ;)

Jau sjøl takk!!

Takk for at du takka...og med dette set me i Veitastrond.com strek og ynskjer som sagt Kurt Heggestad lukke til vidare...

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com