Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  "Ny" strending på laget?

Vel, kanskje ikkje heilt, men Veitastrond.com har dag i dag gjennomført ei større slektsgransking rundt vår spelar Øyvind Lien. Etter å ha vore ein snue heime i Bergen kunne bestemora til Øyvind fortelja han at dei hadde slektsskap på Veitastrond, og for Øyvind sin del var dette sjølvsagt som musikk i øyrene. Dei siste dagane har han brukt til å studera alt av kyrkjebøker mellom Bergen og Veitastrond for å finna ut om det verkeleg er sant at familien hass stammar frå Veitastrond...

Øyvind hadde funne ut at ungane til Johannes Nes på Hafslo, son til Hans Nes (Bygg), var hass tremenningar, og det same gjaldt ungane til Kjellbjørn Neset, bror til han Oddvar på Teigen, som og bur på Hafslo. Det som var særleg oppsiktsvekkande med dette er at VIL-spelar Bjørn Molland og er tremenning med ungane til Johannes Nes, medan far til Richard Nes og er tremenningane med desse.

Det som imidlertid skurra litt for at Øyvind skal kunna skryta på seg strandablod er at ungane til Kjellbjørn Neset ikkje hadde samme relasjon til hverken Bjørn eller Richard. Veitastrond.com gjekk saman med Øyvind for å finna ut av dette mysteriumet...

Tilflytta koner

Etter å ha grava rundt i uttallige slektsbunkar fann me etterkvart ut at her var ein "connection" mellom Johannes Nes og Kjellbjørn Neset sine koner - Mary Nes og Åse Neset. Me fann faktisk ut at dei to er søstre, utruleg, men sant!

Men, kva hadde no dette med Øyvind Lien frå Bergen å gjera?

Etter å ha satt problemet endå meir under lupa fann me ut at bestemora til Øyvind, som heiter Lovise hadde ein bror som heiter Harald. Lovise fekk ei dotter, som me ikkje har navent på her, men som seinare skulle bli mora til Øyvind. Harald skulle og få to døtre (kanskje fleire, kva veit me?) og desse heiter den dag i dag Mary og Åse.

Mary og Åse er, så vidt me veit ;), oppvaksne i Bergens område, men begge to fann tilfeldigvis sine ektemakar på Hafslo og flytte dit. Endå meir tilfeldigivs er begge desse ektemakane oppvaksne på Veitastrond!

Konklusjon 

Altså, samme kor mykje Øyvind Lien kunne ønska at han hadde strandablod rennande igjennom årene sine så er me i Veitastrond.com redde for at me må skuffa han. Det at ektemakane til søskenbarna til mora (puh) kjem frå Veitastrond er slik me ser det ikkje godt nok til å kunne kalla seg strending eller halvstrending - eller for så vidt 1/100 strending.

Likevel så ser me at Øyvind sin familie har ein viss connection til Veitastrond, og med tanke på at det er rimeleg tilfeldig at Øyvind Lien som er fødd og oppvaksen i Bergen nokon gong skulle komma til å spela på fotballaget til Veitastrond - ja, så tykkjer me at dette var så morosamt at det fortente eit oppslag på heimesidene våre.

Me veit at Øyvind no såg føre seg ein heilt ny kvardag med VIL-fotball, som innebar fast plass på laget, heltestatus blant VIL-fansen og auka sal av supporterutstyr med Lien påtrykk. Desse drauamne set nok muligens denne artikellen ein stoppar for, men dersom Øyvind tek eit nytt djupdykk i slekta si så kanskje han finn endå fleire slektsrelasjoner til Veitastrond - kven kveit sa mannen?

* Veitastrond.com tek ikkje ansvar for eventuelle faktafeil med hensyn til dei familiæra forholda me har henvist til i denne saka!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com