Skuffa over eigen trenar

Ingen vart særleg overraska over at det vart 0 poeng med heim i sekken frå Sandane, så slik sett var ikkje skuffelsen så alt for stor i VIL-leiren etter kampen. Kanskje endå verre var det då for Veitastrond at spelande trenar Emil Heggestad pådrog seg raudt kort og dermed må stå over den viktige kampen mot Skavøypoll neste helg. Raude kort er sjølvsagt slikt ein må rekna med i løpet av ein lang sesong, men likevel så går i dag ein av spelarane på Veitastrond hardt ut og meinar at klubben har vorte svikta av sin eigen trenar. Øivind Kristiansen seier i dag til Veitastrond.com at han er skuffa over oppførselen til trenaren både under og ikkje minst etter kampen.
Øivin Kristiansen er 25 år og kjem opprinneleg frå Askvoll. Han er no inne i sin tredje sesong med Veitastrond og står bokført med over 30 kampar for klubben. I årets sesong har han sete mykje på benken utan at han har klaga av den grunn, men i dag tykkjer Øivind det er på tide å seia ifrå kva han meinar - ikkje om mangel på speletid, men det han karaktiserar som usømmeleg oppførsel av eigen trenar.
"Ein gal mann på stadion"
Øivind er ikkje i tvil om at det raude kortet var fullt fortent sjølv om hovudpersonen sjølv meinte det var riv ruskande feil; "Ja herregud. Han taklar jo som om han har mista all fornuftig sans og det var berre eit spørsmål om tid før det raude kortet skulle komme. At han fekk fullføra over 60 minutt var vel strengt tatt ein halvtime for mykje spør du meg"
Likevel er det ikkje situasjonen på bana han er mest forferda over, men måten Emil oppfører seg på i etterkant;
"Eg sat på benken då han vart fortent utvist og eg vart skremd over korleis han banna, skreik og sparka i veggen. Der og då var eg skamfull over å vera VIL-spelar og eg vurderte å spørja Sandane om eg kunne få sitta på beknen deira i staden for. Det var heller ikkje mykje bedre etter kampen når han fòr springande bort til dommaren og kjefta han ned. Eg forventar no at Emil kjem med ei offentleg årsaking til spelarane og klubben, for slik som dette kan me rett og slett ikkje ha det. Hovudtrenaren vår framstod rett og slett som ein gal mann på stadion", seier Øvind og ser tomt ned i bakken med eit skuffelsens blikk.
Bussturen vart ein fadese
Øivind hadde håpa at trenaren hadde holdt ein årsakingstale i garderoben eller i bussen på veg heim, men dette kom aldri. I staden haldt trenaren fram med å skuffa Øivind;
"Eg hadde forventa at han hadde lagt seg flat og bedt om tilgivelse hjå spelarane, men i staden vart heile bussturen ein fadese for min del. Emil sat midt i bussen og lo og kosa seg verre såg det ut som. Den eine røvarhistorien etter den andre ramla ut av kjeften hass og når han drog opp ein pose med chips og opna seg ei øl hadde eg mest lyst til å hoppa av bussen i fart. Dersom dette er malen på korleis me skal oppføra oss i Veitastrond så kan eg herved melda om at eg er på klubbjakt", avsluttar ein tydeleg prega Øivind medan han turkar bort ei tåre frå augnakroken.
Trenaren og styret tek ikkje sjølvkritikk
Hovudtrenaren Emil Heggestad ser ikkje noko dramatikk i dette og han avfeiar kritikken frå Øivind når me konfererar han med uttalelsane;
"Nei ha du høyrt slikt pisspreik dao? Klart utvisninga var feil dømt, og eg kan faktisk ikkje hugsa ein einaste kamp i år der dommaren ikkje har vore i mot oss...ja bortsett frå når me har vunne, då har dei stort sett vore bra. Det er bra at spelarane seier i frå og Øivind må gjerne seia kva han meinar om denne saka, men eg kan likevel bekrefta her og no at han må sjå langt etter meir speletid denne sesongen! Makan til tull har eg ikkje høyrt på lenge", uttaler ein hastig Emil Heggestad som ikkje hadde tid til ein lengre prat då han skulle stad å sjekka kva laurdagskvelden hadde av festlegheter å tilby...
Heller ikkje styret i klubben har planar om å ilegga trenaren ei straff. Styreleiar Emil Heggestad berre rister på hovudet av kritikken og stiller seg 100% bak trenaren sin;
"Uff, det er synd at enkelte spelarar må reagera på denne måten. Eg trur denne Øivind Kristiansen blir nedgradert til saftblandar heretter. På vegne av styet stiller eg meg i allefall 100% bak trenaren vår", avsluttar styreleiaren og det ser dermed ikkje ut som at det vil komma noko meir ut av denne saka...
|