Pokalen er endeleg kommen til rette

Den sagenomsuste pokalen som Veitastrond Fotball fekk etter at dei vart KM-meisterar i 5.divisjon har omsider kommen til rette igjen. Etter finalen mot Førde 3 i oktober så forsvann pokalen samme dag og sidan den gong har det versert mange rykter om kor den har vorte av. Det tok heilt av i vår då saka nådde lokalmedia, og sidan den gong er det vel fare for at nokon der ute har fått kalde føter. Pokalen dukka opp igjen under søndagens kamp mot Askvoll/Holmedal, då den "tilfeldigvis" låg inne i steikovnen i VIL-bua. Kven som la den der står framleis som eit mysterium for dei fleste...eller gjer det eigentleg det???
Det har altså versert uttalige rykter rundt forsvinninga av pokalen vår. Mange har ropt på vår gamle venn Sherlock Heggestad, og bedt han om å ta på seg saka, men heller ikkje han har villa tatt på seg denne oppgåva.
Som lyn frå klår himmel vart den altså funnen i VIL-bua på søndag og nede i pokalen låg ein lapp kor det stod; "No må det sjå til å vinna i dag kara. Med helsing Rolf Bjelle i Fjærlandsbommen"
Fleire har vore mistenkte undervegs, og her er nokre av dei navna som har vorte nevnt;
Morten Hagen - det er bekrefta at det var Morten som tok med seg pokalen i bilen heim frå Jølster, men han påstår hardnakka at han leverte denne i Fjærlandsbommen på veg nedatt. Uansett var Morten i Syden på det tidspunktet pokalen vart planta i VIL-bua, og etter det me har høyrt rykter om har han der meir enn nok med å passa på seg sjølv, og det er tvilsomt om han ville ha tatt på seg ansvaret for ein pokal i tillegg...
Rolf Bjelle - pokalen vart altså levert i Fjærlandsbommen, og det ryktast at Bjelle har tatt denne pokalen til odel og eige. Sikkert ikkje så ofte dei som jobbar der får tips, så når han fyrste fekk ein pokal som dette var det ikkje overraskande at han ville behalda den sjølv. Eller trudde kanskje Bjelle at han fekk premie for årets bomvakt i Sogn og Fjordane?? Vanskeleg for oss å seia om noko av dette stemmer, men lappen som låg i pokalen med signaturen hass verka på oss som den var planta av nokon andre...
Even Kvam - det har vorte hevda at sjølvaste kapteinen vår har vore innblanda i denne saka og. Dette har klubben sett på som uhøyrt, og alle bevis retta mot vår eigen kaptein har vorte skufla elegant under teppe av det mafiastyrte regimet i VIL-fotball...
John Molland - me har og høyrt snyden om at han Bjørn Molland smugla med seg pokalen fram til faren slik at han kunne laga eit premieskåp. Etterkvart vart pokalen ein naturleg del av kjøkenet til ho Rakel og dei fann ut at han like godt kunne bli verande der. Det var til slutt John som kvitta seg med pokalen då han fann det nedverdingande at Rakel byrja å laga vaffelrøra i sølvtøyet til VIL-fotball. I ein kommentar skal han ha uttalt; "Greitt nok at det er ein fin pokal, men det er uhøyrt at den framifråe vaffelrøra til ho Rakel skal ligga å surna nedi der..."...
Veitastrond.com vil ikkje uttala seg for mykje om kva som er rett og feil informasjon i denne saka. Me vil jo trass alt ikkje ha på oss at me er ryktespreiarar...
Ein letta kaptein
Me tok oss ein prat med Even Kvam som er kaptein på VIL, og var den som tok i mot pokalen i haust. Han er no letta over at pokalen endeleg er kommen på plass og laget kan fullt og heilt konsentrera seg om det som skjer på bana igjen; "Ja, etter over eit halvt år var det godt å endeleg bli kvitt denne pokalen..ehh, eg meinar det var godt at den endeleg kom på plass. Har etterkvart vorte ei plaga for oss dette, spesielt etter at saka kom i media. Då haldt eg på å få fnatt, og eg har ikkje sove mykje etter den tid for å vera ærleg"
No ser han føre seg ein roleg sommarferie, men før han får senka skuldrane heilt har han eit ærend han må få gjort; "Eg må ha meg ein tur ned på Sogningen Storsenter å kjøpa meg ein pyntegjenstand. Har ein ledig plass i veggseksjon ser du. Får kjøpa meg ein blomstervase, eller forresten, veit du om PGP framleis lagar slike flotte premiar?? Ein slik hadde truleg passa bra..."
Det var det siste me fekk ut av Even før telefonen ringde. Var sikkert far hass, han Tor Odd, som ringde å lurde på eit eller anna. Me vart i allefall vinka ut av døra, og me ynskjer dermed Even ein framleis god sumar.
Me kan dermed avslutta mysteriet rundt den forsvunne pokal, og det er godt å sjå at enden på visa vart god. Me vonar at me snart får laga oss eit premieskåp slik at me kan visa fram det einaste trofeet som denne fotballklubben har fått på seniornivå.
Du kan sjå fleire interessante bilder av pokalen HER
|