Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Kva er ein rundballe?

Veitastrond Fotball har lyst og framstå som ein inkluderande klubb der me ikkje set noko krav til hverken det eine eller det andre for å vera med oss å spela. Heller ikkje kunnskapsnivå er noko me har lagt særleg vekt på - i allefall ikkje før no. Tidlegare denne veka glimra nemleg VIL-spelar Helge Skjælaaen med sin utrulege uvitenhet om noko av det ein som spelar på Veitastrond kanskje bør veta mest om, og me snakkar sjølvsagt om bondeyrket. På veg til trening frå Sogndal til Hafslo på måndag holdt trenar Emil Heggestad på å køyra av vegen då Helge med sin bergensdialekt spurte; "hva er egentlig disse hvite greiene som ligger på jordene rundt omkring?"

Veitastrond er ei jordbruksbygd, og alle som er oppvaksne i bygda kjem anten frå gard sjølve eller dei har god kjennskap til bondeyrket. No når me etterkvart har fått med oss ein del spelarar utanfor bygda kan ein kanskje ikkje rekna med at alle er født bak ei hes, men me tykkjer likevel det finnes grenser.

Klubben i sjokk

Helge sat altså i bilen saman med Emil og Øyvind Lien, då dei uffatelege orda kom ut av munnen hass.

"Me var kommen eit godt stykkje på veg, og praten i bilen gjekk om laust og fast. Alt verka heilt normalt heilt til Helge plutseleg sa at han alltid hadde lurt på kva desse kvite greiene ute på jordene var for noko. Det han kalte greiene var altså rundballar, og eg skvatt til så eg var millimeterar frå å køyra rett i grøfta.

Eg trudde faktisk at dette var allmenn kunnskap for ein VIL-spelar, men det viste seg altså å vera feil. Dette er sjølvsagt skadeleg for Helge sjølv, og er redd at heimepublikumet på Strondi kjem til å gjera narr av han no framover. Men på mange måtar er dette og skadeleg for heile klubben, og eg er redd slike uttalelsar kan vera særs skadeleg for imaget vårt", uttalar hovudtrenar Emil Heggestad som og var vitne til denne hendinga.

Han kjem no til å gjera strakstiltak for å hinda liknande hendingar i framtida;

"Ja her må me berre gjera noko. Så fort sesongen er over må samtlege spelarar ta ein skrifteleg prøve, eller eksamen om du vil, rundt emnet jordbruk. Dei som eventuelt stryk må igjennom ein 3 månadars praksisperiode på ein gard på Strondi, før dei får ta opp igjen eksamen. Dei som framleis står med strykkaraktert når neste sesong sparkast i gang må ganske enkelt finna seg ein ny klubb..."

Rundballar

Me i Veitastrond vonar at slike tilfeller som dette ikkje vil førekomma igjen. Dersom nokon no likevel skulle vera i tvil om kva ein rundballe er for noko så anbefalar me å lesa teksten under, dette er kva internet-leksikonet Wikipedia skriv om fenomenet;

"En rundballe, også kalt høyballe. Rundballer brukes først og fremst til silofor og halm, men også til høy. Rundballer er komprimert gress eller halm til dyrefôr. Til dette benyttes rundballepresser. For å sikre igangsetting av gjæringsprosessen i siloforet, blir rundballene innpakket i plast. En trenger egne maskiner til pakke inn disse ballene. En ferdig rundballe er formet som en sylinder. Det finnes rundballepresser med forskjellige kammerstørrelser, men den mest utbredte er ca. én meter og tjue i diameter og én meter og tjue bred. Rundballer er en alternativ ensileringsmetode til ensilering i silo"

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com