Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Sommarpraten med Frank Heggestad

Me i veitastrond.com har i kveld vore så heldige å komma i kontakt med ein av Veitastrond sine mest erfarne spelarar; Frank Heggestad. Via verdsveven tok me oss ein hyggeleg chat me Frank, for å få ein liten tilstandsrapport frå kva ein VIL-spelar gjer på no på sumaren og kva tankar han gjer seg om fotballsesongen 2008. 

Halloisen Frankie-boy. Tid til ein liten sommarprat med veitastrond.com??

 

(etter ca 5 min får me endeleg svar frå Frank…)

 

Jau då, har ferie eg så eg har god tid. Måtte nett ta ein telefon frå ho Svigermor ser du… No må eg nett opp te jentongen, blir oppteken ei lita stund...

 

(ja då, me i veitastrond.com har god tid me…ikkje tenk på oss…zzz)

 

(nye 5 minuttar går…er det andre VIL-spelarar me kan kontakta kanskje. Me tenkjer då på spelarar utan sirup i røvi…)

 

Då var eg tilbake igjen, og er klar for nye spørsmål…

 

Flott å høyra… Kva gjer du på akkurat no?

 

No sit eg å tek meg ei Pils etter ein fin dag i sommarvarmen!

 

Er det herleg med sommar og fotballfri?

 

Ja, må innrømma at det er godt, men ser fram til den spannande haustsesongen blir sparka i gang!

 

Har guten ferie frå jobben og kanskje?

 

Ja, har hatt snart tre veker av totalt fire. Men detta visste du vel strengt tatt – me er jo tross alt kollegaer…

 

Jaja, bla bla, noko må me no spørja deg om… Kvar har så ferien gått i år? og har du fleire planar no siste veka??

 

Har vore ei veke i Danmark, og ein tur til Oslo på konsert med Bruce Springsteen. Flotte opplevingar begge deler! Siste veka blir det å halda seg heime på "garden", og kosa seg for det meste her på Hafslo.

 

Høyres herleg ut…. Er det piker, vin og sang all summer long?

 

Ja, det kan du sei! Har vorte ein del kos med kjeringi, mange vinglas, også syng eg til gutongen kvar kveld - og då går det i kjende slagerar som "Når det stormar", "Min båt er så liten" og "Byssan lull".

 

Blir vel ein del turar til mamsen og papsen framme på Strondi i ferien?? Tippar du blir bra lei av å ligga på Hafslo heile sommaren….

 

Har ikkje vore så mange som eg hadde tenkt. Men reknar med det blir ein tur til helga iallefall. Ellers er det fint på Hafslo om sommaren, men det kan sjølvsagt ikkje måla seg med Strondi!

 

Me på veitastrond.com har høyrt rykter om at du er ein meget habil sportsfiskar. Stemmer dette og har du drege opp noko storfangst i det siste?

 

Likar å fiske ja. Men var faktisk på den fyrste skikkelege turen i går, på Hafslovatnet med trenaren Emil og brodern Øystein. Drog vel opp ti aurepinnar totalt (i tillegg hadde eg ein jævla svær ein på som reiste med einaste Rappalaen min) Håpar på litt meir fiske resten av sommaren sjølvsagt.

 

Ei skikkeleg fiskeskrøne der altså…

No når det er fotballfri er det sjølvsagt viktig å ikkje falla nedpå og eigentrening står vel i fokus? Kva gjer du for å halda formen ved like?

 

Prøvar å få meg ein sykkeltur innimellom. Men må vel innrømme at det har vorte færre joggeturar enn eg hadde tenkt. Ellers likar eg å ligge meg i form og

 

Kva saknar du mest med Veitastrond Fotball no i ferien?

 

Trening, kamp og kontakten med spelarane! Altså det meste…

 

Nøgd med sesongen so langt?

 

Me toppar jo tabellen, så bortsett frå blemma mot Breim i første kampen så har det jo vore fantastisk! Skal eg snakke for min eigen del har det ikkje vore så bra, men det er godt å ha noko å strekka seg etter når haustsesongen startar.

 

Ser du har pådrege deg ein del gule i år igjen, kva seier du til ditt forsvar?

 

Har etter mitt syn blitt straffa knallhardt!! Vil vel sei at alle tre er tvilsomme, og eit gult så langt hadde vore greitt. No er eg jo autorisert dommar sjølv, og sit derfor i ein unik posisjon til å vurdera alle situasjonar!

 

Korleis trur du me endar opp til slutt?

 

Eg trur det vil stå mellom oss og Bjørn til slutt. A-laget til Kaupanger har mista mange spelarar, dette svekkar og KIL 2. Me er og blitt svekka av at Sindre, Petter og Ivar er reist, derfor trur eg Bjørn vinn knepent føre oss!! Dei andre laga er for langt bak!

 

Nøktern optimist der altså…

Heilt ærleg Frank…kva tykkjer du eigentleg om trenar Emil Heggestad??

 

Veldig nøgd med at han tok på seg ansvaret også i år! ingen kjenner Strondi slik som han, og han har evna til å halde 20-25 mann nøgde med å spela på Strondi, dette til trass for at vi berre kan nytte maks 16 mann pr kamp - det siste skal sjølvsagt det unike miljøet vårt og ha ein del av æra for!

 

Med desse orda føler me det er på tide å avslutta praten. Me takkar for sommarpraten, og ynskjer deg ein fortsatt god sumar…

 

Takk for det! Ynskjer alle brukarane av Veitastrond.com ein framleis god VIL-sommar, og oppmodar alle om å besøke heimesida flittig, den er nemleg UNIK!!

  

Takkar for det ja!

 

…men heilt til slutt du. Undervegs i dette intervjuet så skifta du på å skriva dialekt og korrekt nynorsk. Dette gjer at me får ein del ekstra arbeid med å redigera alt du har svara. Du tenkjer ikkje mykje på at me får ekstra bal med deg?

 

Beklagar dette, men litt bal lyt du nesten rekna med når du har med så glamorøse stjerner som meg å gjera…

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com