Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Sommarpraten med Richard Nes

Sommarværet smiler til oss som aldri før, og folk har forhåpentlegvis andre ting å ta seg til enn å sitta å glo i dataskjermen. Trass i dette har me i veitastrond.com vore så heldige å fått tak i Veitastrond sin assistent trenar Richard Nes for ein aldri så liten sommarprat.

God sommarkveld til deg Richard.

Du har vel ikkje tid til ein sommarprat med Veitastrond.com vel?

 

Jeu, god kvelden du. Klart eg har tid til ein sommarprat med dykk – eg har alltid tid til overs for Veitastrond.com veit du…

 

Det er rette spiriten ser du…

Ja, kva gjer så den karen på i sommarvarmen?

 

Ikkje så fela mykje du. Har stort sett brukt dagen på å sete i soli og grøypa i meg det beste av mat og drikke.

 

Skikkeleg latsabb altså?

 

Jepp, men det har eg forsåvitt alltid vore…

 

Det trur me deg på ja.

Korleis er det med ferie ellers då? Er du ferdig med ferien, eller midt i kanskje?

 

Eg byrja faktisk på ferie i går. Har altså snart hatt 2 dagar ferie, og eg har så langt hatt ein gjennomsnittstempratur på 26 grade – godt nøgde så langt kan du sei!

 

Nokre ferieplanar då?

 

Faktisk så reiste eg og kjeringi på tur allereie i går. Eg er no i Høland hjå svigers, og om nokre dagar tek me turen til Danmark og Legoland. Deretter vert det nokre dagar her på austlandet igjen før me vender heim igjen til Sogn neste veke. Ferieplanane er sjølvsagt lagt rundt seriekampen mot Breimsbygda 8.august =)

 

Det skulle vel berre mangle.

Korleis tykkjer du det har gått så langt med Veitastrond Fotball i år då?

 

Det har eigentleg gått over all forventning det. Bortsett frå den begredelege serieopninga så har det gått på skinner, og tabelltopp skulle vel tala for seg sjølv…

 

Og kva med eigen innsats?

 

Nja, har vore litt opp og ned. Har ikkje putta så mange som eg kanskje hadde håpa på, men det er godt å sjå at vår nye spiss Frode Kvam puttar regelmessig så laget i seg sjølv lid vel ikkje akkurat noko naud…

 

Ja, for det var slik at du har vore toppscorar i alle dei 4 åra de har hatt lag?

 

Stemmer det ja. Eg har vore laget sin notorisk målscorar sidan 2004!

 

Kan forresten nemna at eg berre har motteke 3 premiar for dette. Har framleis ein ledig plass i hylla for 2006 sesongen. Ikkje veit eg kor den er vorten av, men det går nokre rykter om at VIL-overhovud Emil Heggestad har både denne og premien for Årets Spelar 2006 heime på peishylla si….

 

Høyres ut som ein keisam sak…

Du som er assisten trenar sit vel inne med ein del innside info reknar me med. Er det noko nytt du rundt klubben du kan fortelja oss??

 

Veit ikkje kor mykje eg kan ut med her og no. Kan no seiast at me ikkje har vore på noko spelarjakt i sommar, men kjem muligens til å henta inn Kjell Ronny Haugen dersom han vil det.

 

Ellers er det eit problem med heimebana vår. Dersom me no skulle rykka opp til 4.divisjon vert Leikvoll for lita, og då MÅ me ha ei ny bane. Her har me ikkje funne noko løysing ennå, men me håpar me finn fram til noko i løpet av hausten.

 

Ellers er det fint lite nytt som skjer…

 

Me tippar det er ein del saftige news som du ikkje vil ut med og, men det får nå så vera.

Korleis trur du de endar opp til slutt?

 

Vanskeleg å seia. Me har igjen 5 kampar heime på Leikvoll, og all erfaring seier vel at her kan alt skje. I tillegg har me ein lang og vanskeleg bortetur mot Gaular. Eg trur det vert jamt med oss, Bjørn og KIL2 og eg tør eigentleg ikkje tippa kven som vert best av oss!

 

Men du…no har eg lyst å legga meg så dersom du ikkje har lenge igjen så hadde det eigentleg vore fint!

 

Heilt greitt du. Faktisk så kjenner me oss her i redaksjonen litt trøytte og, så det vert nok loppekassa på oss og!

Me seier berre tusen takk for ein hyggeleg sommarprat, og me ynskjer deg ein god ferie vidare!

 

Tusen takk for det ja, og vessego får eg nesten seia og!

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com