Spesialstyrke; HV - Veitastrond Fotball
I tillegg til å vera gode i fotball er og spelarane på VIL kjendte for å vera gode samfunnsborgarar. Denne veka får dei to VIL-spelarane Arne Nes og Vidar Vadseth høve til å visa dette når dei er på Heimeverns-øving i samband med landsskyttarstemne i Førde. Me har vore i kontakt med dei to, og det er liten tvil om at dei to stortrivast i grøn uniform.
"Ja, betre kan eg nesten ikkje få det", er det fyrste Arne seier til oss på telefonen i dag. "Mest truleg hadde eg nok teke turen på landsskyttarstevne uansett, så at eg får kombinera dette med å gjera mi plikt i kongens klede er berre ein ekstra kjempebonus. Når det i tillegg er strålande vær så vert dette eigentleg perfekt for min del"
Arne og Vidar har funne seg godt til rette oppe i Førde, og det at dei to er vande med VIL-fotball sine taktikkeri og formasjonstreningar gjer til at dei har eit fortrinn ovanfor dei andre soldatane. Medan dei fleste andre HV soldatane har i oppgåve å vera parkeringsvakt, så har avd VIL-fotball ei heilt anna oppgåve. Dei står nemleg ved skyteskivene, og har som oppgåve å fortelja skyttarane korleis dei har skote.
"Dette er meget krevande, og her må ein heile tida vera på tå hev for å meistra oppgåva skikkeleg. Likevel er det klart at det er uvandt for oss å stå ved skyteskiva, då me er mest vande med å vera den som bombarderer skyteskivene sjølve", humrar Arne godt.
Årets ferie
Arne er til dagleg bonde heime på Veitastrond, og han synes dette er eit bra tidspunkt å reisa bort ei vekes tid på.
"Ja, klart det. No på sommaren er det ingenting som må gjerast heime på garden, og eg hadde berre vorten liggande under parasollen å lata meg frå morgon til kveld. Slik sett er det godt å komma opp her å få gjera litt nytte for seg, og samstundes vert nok dette årets ferietur på meg. Kan og ta med at eg hatar sol og fint vær - eller sol og dretvær som eg brukar å seia, og då er det berre heilt topp å få tre på seg den grøne uniformen med ei god feltskjurte under"
Vidar Vadseth nikkar seg enig med Arne, og han inrømmer at han faktisk heilt bevist har lagt ferien sin til denne veka;
"Ja, kvifor ikkje? Dette er jo berre heilt topp, og eg hadde ikkje funne på noko betre å gjort i ferien likevel. For kva skulle liksom det ha vore? Sete heima på verandaen i sola og drukka øl og berre kopa - nei takk du"
Ulik fritid
Når tenestedagen er over går dei to til kvar sitt.
For Vidar sin del går turen rett inn i brakka, og der ligg han strak på feltsenga heilt til sirena går for ny tenestedag neste morgon.
Arne har på si side heilt andre planar, og han set seg heller i bilen og køyrer den korte vegen til Naustdal der kjærasten tek i mot han med opne armar.
"Eg brukar å seia at me begge kosar oss i senga på kveldstid eg", avsluttar Vidar medan dei to soldatane ser på kvarandre før dei begge bryt ut i latter.
Det er i allefall heilt tydeleg at dei to stortrivast i kongens klede, og me ynskjer dei to lukke til i resten av tenesta si.
Kan og ta med at me har prøvd å få tak i bilete av dei to i kamp, men grunna strenge sikkerhetstiltak tundt HV-styrken har me ikkje lukkast med dette. Dersom me klarar å bryta gjennom nettet, så lovar me ferske MMS bilder her på Veitastrond.com i morgon!
|