Me i ein av dei tidlegare redaksjonane til heimesidene våre har vore så heldige å få oss ein prat med vår eminente nettredaktør, Richard Nes. Og vi følte at vi kom godt under huda på nettsjefen til veitastrond.com.
Enjoy!!
Då har redaktøren spunne frå seg på ein spinningsykkel? Oppkøyringa til neste sesong allerede igang?
Det stemmer faktisk. For meg har aldri forrige sesonge slutta, og eg held det gåande heile året igjennom. Er vel difor eg er blant dei best trena på laget tenkjer eg.
Ja vel. Men er det ikkje litt femi å sitta på ein spinningsykkel? Mest damer der vel?
Nei det er eg ikkje enig i. Eg vil heller sei at dei som seier at spinning er femi er femi sjølv. Er eit rikt mangfold av både damer og fordomsfrie gutar på spinninstimane!
Gutar ja, men ingen menn altså..
Over på veitastrond.com. Kor lenge har du drifta sida?
Det vert vel ca 2 år no. Byrja vel i oktober/november 2006 trur eg.
Korleis, og kvifor tok du over drifta?
Tidlegare vevansvarleg Frank Heggestad, som og er min gode kollega på NAV (=verdas beste arbeidsplass), spurte meg på jobben om eg kunne tenka meg å ta over jobben då han visst nok var dritlei. Dette takka eg ja til på den betingelsen at eg fekk utforma eit nytt design, og eg skifta då frå clix.to/vilil til veitastrond.com.
Ja, designet på sida har jo blitt veldig mykje betre enn dei tidlegare utgåvene. Likevel, er dette noko du kan tenkje deg å endre på i næraste framtid?
Nei, det er faktisk 100.000% sikkert at eg ikkje kjem til å gjera. Sida er i dag bygd opp slik at dette truleg ikkje let seg gjera utan at det vert ein utruleg stor jobb, og eg har heller ikkje dei kunnskapane som skal til for å gjera dette. Så dagens design lyt nok vera som det er! Tykkjer eg har vore dyktig til å få til ei side som er lett å navigere i, og med hyppige oppdateringar.
Heilt klart! Men Sjølv om designet er bra, det er hyppige oppdateringar, og du får gode tilbakemeldingar. Sida er av ein eller annan grunn ikkje med på kåringa av dei 100 beste fotballnettsidene nyleg. Skuffa?
Eigentleg ikkje, men eg føler no kanskje at me kan måla oss med ein del av dei andre sidene som er det. Anten har dei oversett oss, eller så er me vel ikkje gode nok. Ikkje så mykje å henga seg opp i...
Sant nok, sant nok!
Du jobbar i NAV seier du. Har du tid og moglegheit til å oppdatere sida på jobb?
Nei det er uaktuelt. På NAV er det nok av spanande og utfordrande arbeidsoppgåver at slike ting har e ikkje tid til. Eg veit faktisk ikkje om me ein gong har tilgang på internett der ute.
Såpass! Slike medarbeidarar vil nok NAV-direktør Tor Saglie ha fleire av?
Det håpar eg! Han var forresten på besøk på Leikanger i går, men desverre tok han seg ikkje tid til å stikke innom kontoret mitt! Så dersom du les dette Tor; håpar du tek deg tid til ein kaffikopp på kontoret mitt neste gong du er forbi!!
Over att på fotballaget.
Korleis ser du for deg neste sesong i 4.div.?
Det vert utruleg spanande, men eg trur me kan sparka godt i frå oss. Kan ikkje sei at eg fryktar nokon i allefall. Me spelte nokon treningskampar mot 4.div lag i fjor, og då klarde me oss bra. Med eit par forsterkingr inn trur eg verkeleg det kan bli moro. Har høyrt noko rykter om at Strondi har tenkt seg til 3. med da førsta!
Vel, vel! Ein offensiv VIL-spiss der.
Heilt til slutt. Korlesi ser du for deg resten av kvelden? Noko action etter leggetid?
No blir det vel ein roleg time på sofan med lett undehaldning på TV`n. Etter det tek eg vel kvelden, og for å vera ærleg så er no eg open for det meste, men eg ser ikkje vekk ifrå at det vert soving. Vert trøytt etter ein lang dag på NAV etterfulgt av ein knallhard spinning time veit du!
Du lurer ikkje oss, og me veit nok at du stig til køys med ein skikkeleg festkjepp denne kvelden og!
Vi let det bli siste ord, takkar for praten, og ynskjer Richard lukke til vidare med den unike heimesida vår, og ikkje minst neste sesong!!