Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Vadseth gjer trenar Emil Heggestad skulda for skadeproblem

I går vart me kjende med ein harmonisk Vidar Vadseth som storkosa seg på HV leiren, men no har pipen fått ein annan lyd. I dag går nemleg bautaspissen til frontal angrep på VIL sin hovudtrenar Emil Heggestad, og han meinar trenaren har skuld i dei store skadeproblema som han har slete med i år. "Han har drive på rovdrift på kroppen min", meinar Vidar.

Vidar Vadseth kom til Veitastrond føre fjorårssesongen, og han hadde eit suksessfullt første år då han score 9 mål på 11 kampar i opprykkssesongen. I år har det derimot butta i mot, og Vidar har ikkje spelt eit einaste minutt denne sesongen grunna store skadeproblem. No gjer han altså trenaren det glatte lag...

"Eg har spelt aktiv fotball i over 20 år, men knapt nok vore skada. Då er det sjølvsagt ikkje tilfeldig at eg knapt klarar å stå på beina etter å vore Veitastrond spelar i ein sesong. Det hardkøyret eg har oppleved under Emil Heggestad har eg aldri sett makan til. Han driv rett og slett rovdrift på kroppen min", seier ein forarga Vadseth medan fråden nærast skummer rundt kjeften på han.

"I alle år har eg passa på å ikkje møta opp på så alt for mange av dei obligatoriske treningane til dei laga eg har spelt på. Dette har då ført til at eg aldri har vore i særleg god form, men eg har no jaggu ikkje vore skada heller. På Veitastrond har dei denne treningsstatistikken som dei fører og viser offentleg på heimesida si. Personleg skjønar eg ikkje poenget med denne, og det einaste den gjer er å henga ut oss som ikkje er så glade i å trena. For ikkje å måtte stå i gapestokken har eg difor valt å møta på trening etter trening, og no ser me altså resultatet - skada, skada og atter skada", seier han.

Kun formasjon

Vidar er heller ikkje særleg imponert over peronalpolitikken til trenaren, og seier at han fleire gonger har prøvd å ta opp kva han meinar om treningsmengden til Veitastrond utan hell.

"Eg har sagt ifrå uttallige gonger at eg meinar at å trena fast ein gong i veka kanskje er litt i overkant av kva som naudsynt for eit 5.divisjonslag. Diverre får eg ikkje noko skikkeleg svar, og det verkar som at Heggestad berre ler det vekk. Kan ikkje hugsa å ha spelt under ein meir arrogant trenar for å seia det slik", seier ein tydeleg prega Vadseth.

Han er og lei av å stadig måtte terpa formasjon på kvar einaste trening;

"Skjønar ikkje poenget med all denne formasjonstreninga me driv med, men det verkar som det einaste han verkeleg bryr seg om er dette forbanna 4-4-2 systemet!"

Sambuaren støttar Vidar

Me har vore i kontakt med Therese Førde, som er sambuaren til Vidar. Ho er enig i uttalelsane til Vidar, og seier at også ho har fått merka skadeproblema til Vidar i det daglege livet.

"Vidar er ikkje den samme lenger, og eg kjenner på kroppen at eg bur med ein mann som har store helseproblem. Til dømes så må eg no gjera alt av husarbeid, for kvar gong det er noko som må gjerast i heimen så blir alltid Vidar så dårleg i kneet og då må han legga seg på sofan. I tillegg må eg alltid servera han ei kald øl medan han ligg der, for det døyver smerta seier han. Eg tykkjer skikkeleg synd i Vidar som må ligga på sofan i smertehelvete, medan eg som er frisk og fin kan stella i heimen.", seier ho.

Therese er og overtydd om at det er det knallharde treningsprogramet til Heggestad og VIL som har skulda. På direkte spørsmål om Emil Heggestad er ein fare for gamle fotballspelarar svarar ho bestemt; "Ja, utvilsamt"

Vadseth er emensjonelt påvirka

Emil Heggestad vart noko overraska når me konfronterte han med denne saka, og han vil helst ikkje uttala seg for mykje før han har snakka med Vidar sjølv. Likevel har han følgande kommentar å gje til oss;

"Det er klart at når ein har gått skada så lenge så tærer dette på både fysisk og psykisk. Når ein då er så emensjonelt påvirka som det Vidar er no så er det naturleg at han er på utkikk etter syndebukkar", seier han.

"Likevel må eg og legga til at eg ikkje tek noko form for sjølvkritikk, og eg føler at treningsopplegget vårt er forsvarleg slik det er i dag. Me får heller ta ein oppsummering etter sesongen, og sjå om det er noko me kan gjera annleis", avslutta ein sympatisk Heggestad til Veitastrond.com.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com