Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  VIL-stjerner på fisketur

Spelarane på Veitastrond sitt stjernegalleri får av og til tid til å sysla med andre ting enn fotballsparking. Når dei ein sjeldan gong har fri så er dei faktisk akkurat som den vanlege mannen i gata, og dei har heilt vanlege interesser. For trioen Emil Heggestad, Richard Nes og Kurt Heggestad er det som regel fisking som står på programmet når dei har tid til overs, og på forrige onsdag fekk dei verkeleg prøva ut fiskelykka då dei nytta heile dagen til ein kombinert fiske- og fjelltur i Tuftebotn framme på Veitastrond. Me i veitastrond.com har vore så heldige å fått Richard Nes til å skriva eit lite turreferat til oss...

"Klokka er 05:20 i det alarmen byrjar å ula. Eg har ordna meg fri frå arbeid, og til trass for at eg står opp ein time tidlegare enn vanleg så er eg usedvanleg kvikk i kroppen i forhold til når eg skal på jobb. Frokosten går ned på høgkant, og eg set meg i bilen å køyrer sporenstreks fram på Strondi. Det er framleis mørkt og sidan det er lite trafikk går turen knirkefritt og etter ca 40 min er eg framme i bygda der eg har trødd mine barnesko.

Eg pakkar sekken ferdig framme hjå ho mor, grev opp noko makk og tek turen heim til sentrum av Veitastrond der resten av gruppa ventar. I det eg kjem heim møter eg på Kurt, Emil og i tillegg har og Hildegunn møtt opp. Eg tenkjer med meg sjølv "jøss, skal ho vera med og - jaja, då må me kanskje belaga oss på å overnatta likevel då" ,men det er falsk alarm. Hildegunn hadde andre ærend enn fisketur no på morgonkvisten, og eg Emil og Kurt reiser avgarde som ein trio ut på tur aldri sur.

Me køyrer bort på Elda, tek sekken på ryggen og labbar avgarde. Fyrste halvtimen går eigentleg i slakk oppoverbakke, men sidan Kurt absolutt skal ta alle snarvegar blir det vesentleg brattare og eg kjenner at sveitteperlane presser seg på før me knapt har byrja å gått. Emil kjenner og presset og me har ikkje gått lenge før han må ha dagens fyrste pause for å ta av seg noko klede...

Marsjfarten er jamn og god, og det er ikkje lenge før har komne fram til sela i Eldedalen. Her vert det ein kort pause, og poeten i gruppa Emil skriv nokon velvalgte ord i turboka før me traskar vidare. For underteinka er me no komne inn på tidlegare ugått område, og eg har ingen aning om kva som ventar meg. Eg legg meg difor bakerst i gruppa, og let Kurt og Emil visa veg.

Etter nesten 2 timars gange kjem dagens fyrste utfordring. Elva må kryssast og me må gå over ei bru i form av ein stige. Her får me god bruk for vår gode balanse og kroppsbeherskelse, og me nærast dansar over elva. Enkelte i gruppa har no lyst på ein liten matpause, men turleiarane seier nei. Me ventar til me er komne fram til Tuftene - skulle ikkje vera langt vekke dei no.

Og ganske riktigt - 10 min seinare ankjem me Tuftene. Her var ein gong i tida ein gammal seter, men no står berre ruinane att. Utan att me veit heilt sikkert så har det neppe vore noko særleg drift her på over 50 år. Emil ser lengselsfullt ut i lufta før han med si nostalgiske stemme utbryt; "teink om dessa tuftedn kunne ha førtalt de...?" "Jaa", svarar Kurt før han ser bort på meg og himlar med augo...bla bla bla... Me renn i oss dagens første brødskiva, ein kopp med kaffi og ein kvikk lunsj før me tek fatt på siste etappe før bratthenge.

Me når botn av eldedalen etter ca 3 timar. Foran står no ein bakke på omlag 400-500 meter. Til nærmare me kjem til brattare vert det, og me må ty til den gode gamle "kne og albåga" stilen for å nå toppen. Framleis er Kurt i tet, og me andre merkar at me har med ein tidlegare toppidrettsutøvar å gjera. Han nyttar seg no av den velkjendte "gå 10 meter føre dei andre, ta pause, og byrja å gå når dei andre kjem fram" stilen - utruleg frustrerande for oss som kjem bak.

Kvar bakke har sin ende, så også denne. Etter ein time med blodslit passerar me siste steinrøys, og me er kommen på toppen. Her oppe ventar oss eit fantastisk skue. Me er komme inn i noko som minnar om den gløymde dal, og fjella og breen står i kring oss og framfor oss eit stort fjellvatn. Kan det verkeleg vera liv ute i denne dammen så langt borte frå folk og fe?

Dette aktar me å finna ut, men fyrst tek me ein ny matpause. Utruleg kor godt mat smakar når ein er på tur, og me leskar oss med både brød, pølse, potetgull og det som verre er... Men no over til fisking. Eg prøver meg med makk og dupp medan Kurt og Emil fyrer på med sluk og spinnar. Ikkje før har eg rukke å tre innpå fyrste makken så høyrer eg Emil kviskra forsiktigt "Hey, Richard". Eg snur meg og ser at Emil og Kurt har fått selskap. Mellom nevane har Kurt ein steikande flott aure, som me snygt anslår til å vera ein 600-700 gram.

Ein fantastisk start, og me håpar no på gull og grøne skogar. Diverre så viser det seg no å vera daudt som i grava, og det einaste me oppnår er å mista eit par duppar og slukar i vatnet. Fisken har tydeleg teke til vet, og svøm langt borte frå oss. Me tek oss heller ein liten runde opp i lia. Ca 10 minutters gange så møter oss ein 3-4 store vatn til. Nok eit utruleg syn er det som møter oss, og her må me sjølvsagt og prøva lukken. Diverre så viser det seg å vera endå mindre liv i sikte her, og me går tomhendte ned til det fyrste vatnet igjen.

Forutan eit vak som underteinka observerer så er det ikkje meir teink til liv, og ca kl 15:00 byrjar regnet og melda sin ankomst. Budleregn kombinert med den allereie kalde vinden som var på toppen gjer at me snygt vender nasen ned til Eldedalen igjen. Det er byrja å bli litt blautt i graset så me går den bratte bakken varsom nedatt. Når me er komne nesten ned i dalen så kallar naturen på Emil, og han forsvinn bak ein stein. Eit par minuttar etterpå sprett han framatt betydeleg meir rakrygga enn sist me såg han.

Turen heim går knirkefritt for heile gruppa, og me tek oss og tid til å prøve fiskelukka i Eldeelvi og. Her ser det lenge ut til å bli utan fangst, men når me er komne nesten ned ved sela i Eldedalen så smell det nok ein gong for Kurt. Det er eit nytt flott eksemplar av ein aure som Kurt dreg på land, og me anslår 400-500 gram. Eg og Emil føler oss slagne, og me tek nokon desperate siste kast i elva, men det ser ut som att dette er Kurt sin dag. Når klokka nærmar seg 19:00 byrjar skumringa å komma på, og me pakkar stonga ned for godt og tek turen heim.

Me har lagt bak oss ein flott tur, som utvilsamt fristar til gjentaking. Neste gong satsar me på å reisa tidlegare på året, og då lyt me vurdera å overnatta på toppen. Det er meir fisk som ventar på å komma på land i Tuftebotn, og dette lyt me gjera noko med. Me anbefalar denne turen på det sterkaste til alle dei som lika å kombinera ein over middels hard fjelltur med ein spanande fisketur. Ut på kvelden tikka det inn ein SMS frå Kurt om at beistet i Tuftebotn vog 780 gram - me rundar snygt opp til 800 gram og ut på vinteren teinkjer eg at me passerar 1 kilogram.

Alle deltakarane var i allefall einige om at dette hadde vore ein steikande flott tur!

 

Richard Nes

Veitastrond Fotball - avd. fjell og fisk"

 

Sjå fleire bilder frå turen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com