JUL MED SHERLCOK 2010
Veitastrond.com gjentek suksessen frå 2008, og serverer våre brukarar ein ny julekalendar med Sherlock Heggestad. Som vanleg har vår helt havna midt opp i ei stor krimgåte i byrjinga av desember, og det skulle ikkje forundra oss om han finn ei løysing på alle problem innan klokkene kimer på julafta...
Årets julekalendar er som vanleg etter ide og manus frå Emil Heggestad. I tillegg kan me lova at me vil få helsa på ei rekke gjesteaktørar og kanskje får me gjensyn me nokon av figurane me kjenner frå tidlegare Sherlock historiar. Dette er uansett ikkje så godt å seia då både manus og innspeling vert til undervegs i desember ;)
|