Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Påskekrimen 2008 - "RAUDT KORT"

Me har den store glede av å kunne presentera vår storsatsing som er påskekrimen 2008. For å få dette inn på eit fotballfagleg språk har me valt å kallen krimen vår for Raudt Kort - eit navn som me tykkjer høver meget bra. 

1. EPISODE

2. EPISODE

3. EPISODE

4. EPISODE

5. EPISODE

 

Ide og manus

"Raudt Kort" er ein god gamaldags krim, der det vert utført ei kriminell handling og ein over middels intelligent detektiv får i oppdrag å løysa mysteriumet. I vårt tilfelle er denne detektiven ingen ringare enn Sherlock Heggestad.

Krimredaksjonen har no fullført arbeidet med påskekrimen, og me veit no at den vert på 5 deler. Den fyrste kjem på palmelaurdag 15.mars, medan me satsar på å avslutta 1.påskedag, 23.mars.

Brukarane på veitastrond.com vart fyrst kjend med Sherlcok Heggestad då me var på heimebesøk hjå trenar Emil Heggestad. Det som då skulle vera eit koseleg slabbedas besøk utvikla seg til å bli eit mareritt av dei sjeldne då vaskebøtta til Emil plutseleg var sporlaust forsvunnen. For å løysa denne gåta så dukka heilt utan forvarsel Sherlock Heggestad opp frå intet. Kven han eigentleg er, og kvar han kom fram - vel, det veit ikkje me, og sannsynlegvis ingen andre.

Du kan sjå Sherlock Heggestad og mysteriumet med vaskebøtta HER

"Raudt Kort"

Det var først me i Veitastrond.com som klekkte ut ideen om eigen påskekrim med Sherlcok Heggestad på verdsveven. Me ymta frampå med denne ideen til Emil Heggestad, og etter det har ting gått av seg sjølv. Emil har laga alt av manus, og stått for bildetakinga, medan me berre har stått for redigeringa og å få det ut på nett. Med seg har Emil fått ei rekke eksklusive skodespelarar (eller modellar heiter det kanskje når det berre er stillbilder..)

Me er i allefall imponert over det Emil har laga til, og me vonar at brukarane får den samme oppfatning som oss.

Dersom det vert ein suksess er det sjølvsagt ein overhengande fare for at me får sjå meir til Sherlock Heggestad i framtida! 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com