Nytt treningshus på Veitastrond

Då me rundt juletider i fjor så smått byrja å trena i det nye treningshuset på Veitastrond var det for mange ein draum som var gått i oppfylling. Etter ca 1,5 år med intens dugnadinnsats stod endeleg huset ferdig, og me kunne ta farvel med gamle Reinestova til for fordel for nye og moderne lokale.
Nytt treningshus har vore på agendaen på omtrent alle årsmøte i Veitastrond Idrettslag siste 10 åra. Fleire forslag har vore fremja, og me har sendt søknad til kommunen og laga teikningar utan at me har komme så mykje lengre enn "treningsskapet" som kommunen var så gavmilde å skjenka oss i samband med bygginga av Samfunnssalen tidleg på 90-talet (det var hus, ikkje skap me ville ha....)
Kronerulling
Etter år med fomling vart til slutt Arne Nes lei, og han valde saman med fleire å skjera igjennom og bygga huset på eiga hand. Me fekk tomt hjå Jimmy Hilleren, også byrja arbeidet med å dekka kostnadane. Sidan Luster Kommune ikkje har støtta opp med eit raudt øre vart løysinga kronerulling på bygda, der ein kunne kjøpa treningskort for 5 år fram i tid for kr 5000,- Rundt 20 stk slo til på denne, og då var hjulene byrja å rulla for fullt. Resten av totalkostnaden på ca 400.000,- har vorte dekka av idrettslag, ungdomslag, bygdalag og dugnadsbaserte arrangement som basarar og stølsdagar. Det som vart igjen har me teke opp lån på, men også dette må nedbetalast med dugnadsinnsats.
Det skal og takast med at me fekk ein meget god avtale med Sogn Byggservice om billeg material.
Dugnad
Heile huset, heilt frå støyping av plata til måling av huset har vorte bygd opp på dugnad. Ein ca 20-30 personar har vore med å lagt si hand på verket, men sjølvsagt har det vore ei kjerne som har lagt ned ein innsats som huset ikkje kunne vore forutan. Dei som må trekkast fram med sin innsats er;
Arne Nes, Emil Heggestad, Bjørn Molland, John Molland, Jimmy Hilleren og Johan Hilleren.
Hadde det ikkje vore for denne gjengen hadde me nok framleis gått å frose i gamle treningshuset hjå han Reine-Herman.
Det meste av arbeidet er no unnagjort, men framleis står det igjen å måla huset utvendig. Me må og få rydda og ordna til uteområdet, og me er så smått byrja å leika med tanken om ei sandvolleyballbane utanfor...
Utstyr frå Sogndal
Det nye treningshuset er innreidd med topp moderne treningsutstyr, og dette kan me takka utbygginga av Fosshaugane Campus for. Då dei byrja si utbygging og fekk nytt treningssenter bytta dei ut mykje av utystyret sitt, og då stod me klare til å kjøpa dette til meget god pris. Nok ein gong må me her takka Arne Nes for sin innsats. Han jobbar til dagleg på Idrettssenteret i Sogndal, og det var han som fekk tak i utstyret og forhandla fram ein god pris.
Treninshuset har alt ein finn på moderne treningssenter. Her er avdeling for lausvekter, mange treninsapparat, ribbevegg med matter og terapimaster og ein eigen kondisjonsavdeling. I tillegg er det ein sofakrok og eige bad med dusj og toalett.
Einaste som manglar er kanskje ei betre 3D-mølle, men dette er diverre svindyrt så me får ta det som det kjem.
For store og små
Me vonar at dette huset skal bli eit samlingspunkt for strendingar og feriefolk i alle aldrar. Dersom det er nokon som har lyst å bruka huset, men ikkje er vand med å trena så må dei berre ta kontakt med Arne Nes så lagar han til eit treningsprogram og gjer ein instruksjon på dei ulike apparata.
Huset er låst, og alle som har betalt medlemsskap har fått utdelt kvar sin nøkkel. Me oppfordrar dei som ikkje er medlemmar til å støtta opp om dette praktverket me har fått oss. Eit slikt treningssenter som me har fått oss er vel noko av det siste ein skulle venta seg å finna lengs inne i Veitastrond...
Bilder
Har lagt ut eit større bildegalleri av huset som og inneheld bilder frå arbeidet med bygginga av huset samt at våre modellar syner kva ein kan trena her.
Sjå bildegalleriet HER
|