Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Sogndal 3 - Veitastrond 3-4!!!

Veitastrond kjempa seg i dag til ein 4-3 siger i sin første seriekamp for sesongen. Kampen vart eit nervedrama der det avgjerande målet kom heilt på tampen.

Før kampen fekk me den triste meldinga om at Jon Arne og Ole Kristian ikkje var speleklare endå. Utan at leiinga i VIL heilt skjønte kva krinsen hadde rota med her. Jon Arne spelte som kjend for VIL i fjor, men i følge krinsen sto han framleis oppført for Norane. I tillegg stilte Arvid i sivil, og me var tre i manko av det me hadde rekna me å ha på benken. I garderoben vart det imidlertid full jubel då heimelaget SIL3 stilte med frukt og Lerum saft til oss. Dette var ein framifrå gest frå Sogndal, som me håpar å kunne gjengjelda når de vitjar oss. Riktignok var det ein fortvila Gøran Fimreite som ikkje fann sine gulerøtter blant godsakene, og til Veitastrond.com uttalde han etter kampen at han på grunn av dette aldri skikkeleg kom inn i kampen...

Veitastrond hadde bestemt seg for å gå aggresivt ut og prøva å pressa dei unge sogndølene bak på bana med ein gong. Dette lukkast dei med i 4-5 minutt og frå sidelinja kunne den lokale snauskolten Arne Nes konstantera at "Strondi opna best - ingen tvil"

Diverre klarde me ikkje å holda oppe dette særleg lenge, og SIL3 var heilt klart det beste laget dei første 25 minutta. Etter omlag 6 minutt fekk dei corner og på bakerste steig (?) den minste spelaren på bana opp og stanga inn 1-0 til heimelaget. I kjend stil så slokna no VIL etter at dei fekk ein på tryne og det vart ikkje bedre då midtbanestrategen Bjørn Molland trakka over eit par minutt seinare og måtte forlata bana. Inn for han kom Geir Aardal - revansjelysten på å visa at han hadde fortent å starta kampen.

Etter 15 minutt så sler SIL3 ein ball på bakerste. Ivar er uheldig og bommar på ballen så den havnar til ein på kvittrøyene, han gjer ingen feil og skyt heimelaget opp i 2-0. VIL er på dette tidspunktet lamslått, og bortefansen fryktar no at det skal bli stygge siffer for ambiøse strendingar - men den gang ei Bakke Per. VIL klarar utover i 1.omgang å kjempa seg sakte men sikkert inn i kampen, og det var ei stor lettelse for strendingane då Erlende Siem satte inn redusering på eit nydeleg slått frispark frå Emil Heggestad.

Resten av omgangen var det jevnt mellom dei to laga utan alt for mange sjansar, men med desto fleire duellar. Blant anna såg det lenge ut som at Tore Madsen på SIL3 skulle gå av med døden etter å ha blitt sparka ned av Even Kvam, men etter 1:30 minutt var han like rask på foten att. Samme Even fekk og kampens einaste gule kort då han fall for fristelsen å klapsa bortelagets keeper på magen etter at han hadde ballen i fast grep. I omgangens siste minutt fekk Richard ein stor sjanse, men kom ikkje over ballen og headinga gjekk over SIL-buret.

Pause 2-1 til Songdal 3. Trenar Emil ga klar beskjed om at me måtte halda fram i 2.omgang slik som me hadde avslutta 1.omgang. Første halvdel av 1.omg var rett og slett ikkje VIL spelarar verdig brølte han til sine disiplar!

I 2.omgang klarde VIL å gjera det som Emil hadde sagt i pausen, og allereie etter 3 minutt så satte Helge inn utligninga til 2-2 då han satte ballen nydeleg bak SIL3 keeperen etter eit overlegg frå Even Kvam. No fekk VIL verkeleg blod på tann og på dette tidspunktet så var dei det totalt førande laget. 10 minutt ut i omgangen kom målet som sende VIL i leiinga for første gong. Ein corner enda med mykje klabb og babb før SIL3 keeperen slo ballen til Richard som elegant banka ballen inn med leggen. 3-2 til VIL og me kunne kjenna lukta av 3 poeng.

No vart det mykje kjemping på bana utan dei heilt store sjansane. Heilt til SIL3 slo ei fantastisk pasning frå midtbana og gjennom til SIL3 sin beste spelar Kyrre Mads Myhren (trur eg), han sprang i frå VIL forsvaret og satte inn utligninga til 3-3. Spenninga er på dette tidspunktet til å ta og føla på og Sognahallen har sjeldan sett eit meir nervepirrande drama.

For VIL kom etterkvart Vidar inn for ein halvskada Geir, Arne inn for Richard og Pelle inn for Øivind. Det nye spissparet Arne og Vidar var svært nær å avgjera kampen då Arne la inn til Vidar, men keeper kom først ut, han sparka ballen rett i Vidar jr., men ballen trilla nokre cm utanfor. I følge Vidar hadde han scora om koddane hadde vore eit par nummer større...

Då det heile såg ut til å bli uavgjort tok VIL trenar Emil Heggestad saken i eigne føter. Han vann ballen midt på SIL3 sin banehalvdel, forserte med ballen og skaut under ein ellers meget god SIL3 målvakt. 4-3 til VIL, og livet kan ikkje bli bedre.

På tampen kom Jonny og Jan Erik inn for VIL, og kampen ebba til slutt ut med 3 fantastisk, utruleg, herlige poeng. Kampen i dag var tett og tøff, og begge laga kunne ha stukke av med 3 poeng, og slike kampar er det ekstra moro å vinna. No kan det vel berre gå ein veg for VIL-fotball!?

VIL-STJERNA

Førstemann ut frå publiken som får dela ut VIL-stjerna er vossapylsa Stig Anders Hauge. Han har vore student i Sogndal i ein liten mannsalder og har etterkvart vorten ein svoren VIL-fan. Til dagens kamp gjer han følgande spelarar stjerner;

*** Helge Skjælaaen

** Emil Heggestad

* Øivind Kristiansen

Me gratulerar dei stolte stjernene....

Kampfakta;

VIL; Gøran - Ivar, Øivind (Pelle), Emil, Even - Helge, Bjørn (Geir), Frank Robert, Petter - Richard (Vidar), Erlend (Arne). I tillegg kom Jonny og Jan Erik inn på slutten.

Ubenytta reservar; Øystein.

VIL-spelarar i sivilt; Jon Arne, Ole Kristian, Frank og Arvid

1-0 x

2-0 x

2-1 Erlend Siem (Emil Heggestad)

2-2 Helge Skjælaaen (Even Kvam)

2-3 Richard Nes

3-3 Kyrre Mads Myhren

3-4 Emil Heggestad

Gule kort; Even Kvam (VIL)

Dommar; Thor Sortevik (Full kontroll)

Heilt til slutt vil me takka Per Helge Hågvar for hjelp med detaljar til dette referat (difor vart det og nesten like langt som strekka mellom Edvin og Øygards Johan...). Pelle og Frank tok og nokre bilder som me håpar å kunne publisera i ein av dei nærmaste dagane)

Heilt heilt til slutt vil me nytta høvet til å innvitera SIL3 oppmann Yngve Hallen til å gjennomføra brytekampen mellom 16- og 40 åringar som han føreslo ut i 2.omgang. Me føresler at me tek den i midtsirkelen på Leikvoll Stadion i pausa når me tek i mot SIL3. Om du stiller i inntilsittande brytetrikot, så skal alltigens me klara å stilla med ein 16 åring!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com