Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Aurland/Lærdal 2 - Veitastrond 1-6

Det vart aldri spennande inne i Lærdal i dag. Til det var rett og slett Veitastrond eit par hakk for gode for A/L2. Anført av ein strålande Helge Skjælaaen på midten valsa me i dag over heimelaget i omtrent samtlege 90 minutt, og sigeren kunne gjerne ha vore endå større.

Veitastrond gjekk offansivt ut og dei fekk ein pangstart allereie etter 3 minutt. Helge slo inn ballen frå høgrekant til Richard på bakerste. Han traff ballen med tåa på venstrefot, og ballen humpa inn i keeperen sitt venstre hjørne. 0-1, og akkurat den starten me trengte.

10 min er spelt når samarbeidet mellom Helge og Richard held fram. Nok ein gong sler Helge inn frå høgre, denne gongen stangar Richard ballen inn via tverrliggaren utagbart for keeper og dermed 0-2.

Om ikkje det var nok så er samme menn på plass etter 19 min. Helge spelar fram til Richard som akkurat kjem seg foran to aurlendingar og han gjer ingen feil åleine med keeper og dermed ekte hattrick på 16 minutt av HattRicky. Kanskje vel så imponerande av Helge som er nest sist på alle 3 scoringane. Det skal og nemnast at innimellom desse måla hadde Richard endå ein stor sjanse han kunne ha putta på og ved eit anna høve var heimelaget nær ved å setta ballen i eige mål på eit farleg frispark frå VIL.

Etter pangstarten til VIL jevna spelet seg litt ut og etter 31 min reduserte heimelaget til 1-3 på ein av sine få sjansar i omgangen. Målscorar var Joakim Moen.

5 min seinare er duoen Helge og Richard nok ein gong på farten. Richard er i ein duell med Tore Grindheim, som endar med at Richard knear Grindheim i sine edlaste deler. Dommar Jan Arild Rømmen er som vanleg sikker i sak og dømmer frispark til Richard og VIL frå ca 20 meter. Helge melder seg som fus i alt og plasserer ballen elegant over muren og inn til 4-1 til VIL-fotball.

På slutten av omgangen må diverre VIL sin midtbane strateg Emil ut med skade, og han blir erstatta av Vidar. Like etterpå legg samme Vidar ballen på gullfat til Richard, men han brenn ballen over frå 7 meter på blank goal.

Pause 1-4 og alle er glade og fornøyde.

2.omgang startar med eit enormt trykk frå VIL. På dei første 10 minutta skapar me ein 4-5 store sjansar, men her er det sjansesløseri på høgt plan.

Etter 64 minutt får me kampens merkligaste situasjon. Heimelaget kjem seg fri inne i VIL boksen, men blir lagt ned og det heile luktar mistenkeleg straffespark. Dommar Rømmen avventar situasjonen og det ser først ut som om han ikkje dømmer nokon ting før han plutseleg bles i fløyta og held armen opp. Her vel faktisk Rømmen å dømma tilbakespel og indirekte frispark til heimelaget. Mildt sagt ein merkeleg variant av Rømmen dette. Frisparket vart det ingenting ut av.

2 min seinare er det slutt på måltørken til VIL når Vidar Vadseth dunkar ballen inn frå 16 meter med venstrefoten. Ei kjempescoring av bautaspissen, og pasningen kom sjølvsagt frå Helge.

På slutten av kampen gjer VIL ein del byter og både Jonny, Øystein, Ole Kristian og Jan Erik fekk sjansen til å visa seg i dei siste 20 minutta.

VIL la på slutten om til ein 3-4-3 formasjon som gjorde at det vart skapt mykje sjansar i begge endar av bana. Likevel kom det berre ei scoring til som nok ein gong kom frå Vidar og sjølvsagt var Helge nest sist denne gongen og.

Med dette ebba kampen ut med 6-1 og storspel frå VIL-fotball. Det var ei svært betryggande oppvisning dei svartkledde i dag viste. Alle mann gjorde ein framifrå innsats og enkeltspelarar tok verkeleg tak i dag. Dette lover utruleg bra for tida framover.

VIL STJERNA

I dag var det Bjørn Molland som fekk æra av å dela ut VIL-stjernene. Bjørn er som kjend skada og måtte følgja dagens kamp frå sidelinja. Han hadde nok ikkje ei lett oppgåve då det i dag var mange som gjorde seg fortent til stjernestatus. Uansett er det berre 3 stk som får, og det er som følger;

*** Helge Skjælaaen

** Frank Robert Værn

* Richard Nes

Me gratuelerer dagens VIL-stjerener.

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Ivar, Øivind (Øystein), Frank Robert (Ole Kristian), Even - Helge, Tor Olav (Jan Erik), Emil (Vidar), Petter - Richard, Erlend (Jonny)

VIL spelarar i sivilt; Arvid, Bjørn og Geir

VIL oppdama og fan; Hildegunn Heggestad (ein ekstra takk til deg for hjelp med detaljar til dette referatet)

Lærdal/Aurland 2; Erlend Øydvin, Tore Grindheim, Stian Veum, Are Bjorgum, Øystein Ragdo, Thomas Lunde, Kenneth Vindedal, Christoffer Jerving, Håvard T.Sanden, Joakim Moen, Ørjan Brugrand, Jan A C Voll, Christer Klingenberg, Joar Vatlestad, Gisle H Lysne, Øystein Horvei

0-1 Richard (Helge)

0-2 Richard (Helge)

0-3 Richard (Helge)

1-3 Joakim Moen

1-4 Helge

1-5 Vidar (Helge)

1-6 Vidar (Helge)

Gule kort; ein på A/L2

Dommar; Jan Arild Rømmen - i ein eigen klasse!

Dagens sitat kjem frå ein lærdøl som lot seg imponera av VIL spelar Emil Heggestad;

"Sjao, sjao, sjao teknikken. Sjao tekninkken!"

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com