Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Norane 19-2 (!)

Veitastrond slo i dag sin tidlegare klubbrekord då dei vann heile 19-2 mot eit heller tafatt Norane lag. Til pause var stillinga 12-2. I forkant herska det lenge tvil om det i heile tatt ville bli kamp då det var stengt i fatlaberget, og dommar Kevin Nyheim ikkje kunne komma til Leikvoll i kveld. Heldigvis har kretsen dommarreservar, og Tommy Skjerven fekk i dag sjansen til å vera pipeblåsar på Strondi.

Måla i dag kom som følgjer;

10 min; Norane får straffe, sjokkerar heimepublikumet og tek leiinga 0-1.

11 min; VIL kvitterar med ein gong då Vidar nikkar inn eit overlegg frå Richard. 1-1

12 min; Petter headar ballen i mål etter kast frå Tor Olav. 2-1

13 min; Richard legg inn frå høgre og nok ein gong treff han Vidar som sklir inn 3-1

24 min; Etter ein merkeleg manøver av Norane keeper Kent Fimreite scorar Petter etter pasning frå Richard. 4-1

25 min; Tor Olav stussar ballen til Petter som set inn sitt tredje for dagen og 5-1.

32 min; Etter klabb og babb i feltet scorar Frank Robert sitt første mål i VIL trøya og dermed 6-1

34 min; Rot i bakre rekker hjå VIL, og Norane reduserer til 6-2

35 min; Dagens mål då Tor Olav dunkar ballen så lang opp i krysset som det er mogleg å komma frå ca 18 meter. 7-2!

37 min; Vidar header inn sitt hattrick etter pasning frå Even Kvam. 8-2

40 min; Frank Robert ragar høgaste på corner frå Bjørn og 9-2

41 min; Ivar legg inn frå høgre til Vidar som scorar sitt fjerde og VIL leiar 10-2, og det luktar no heimesiger på Leikvoll Stadion.

44 min; Bjørn kjem seg gjennom og dunkar ballen inn til 11-2

45 min; Evne med Flo pasning til Richard som tek den med seg og skyt frå ca 20 meter inn omgangens siste scoring og 12-2

Pause; Etter ein nesten komisk omgang der VIL regelrett spelte ball i hatt med Norane var altså pauseresultatet 12-2. I pausen kom Geir, Jan Erik og Arne inn medan Bjørn, Vidar og Erlend gjekk ut.

55 min; Arne legg inn til Jan Erik som vakkert set ballen i nærmaste kryss og 13-2.

60 min; Frank kjem inn for Frank Robert.

61 min; Petter blir felt inne i boksen og keeper Gøran Fimreite kjem fram og bankar ballen i nota. 14-2

66 min; Even med lang pasning til Richard som set ballen til side for keeper og 15-2

67 min; Arne dreg vekk alt som er av nører og passar nydeleg til Petter som blir dagens andre 4 målscorar. 16-2

76 min; Jan Erik kjem seg fri på venstekanten og legg inn til Richard som bommar på ballen. Det gjer derimot ikkje Frank som knallar ballen mellom beina på Norane sin målvakt og 17-2

81 min; Vidar Vadseth; "Spara korti i dag dommar", Tommy Skjerven; "Spara dei til helga" - dommar Tommy Skjerven reiser etter dagens kamp til Russland for å dømma landskampen Russland - Andorra!

85 min; Bjørn blir felt og det blir ein ny straffe til VIL. Denne set Geir enkelt i mål og dermed 18-2

89 min; Bjørn legg inn til Geir som set spikaren i kista med ei elegant heading til 19-2

91 min; Arne Nes blir dagens syndebukk då han kjem åleine med keeper og har sjansen til å scora mål nummer 20. Diverre for Arne og VIL trilla ballen til side for mål, og dermed var det snipp snapp snute så er eventyret om Veitastrond og Norane ute!

VIL-STJERNA

I dag var det sjølvaste Per Alfred Heggestad som fekk æra av å dela ut dagens VIL-stjerner. Per er far til Nils Tore, Frank og Øystein som til saman har spelt enormt med kampar for VIL, og han har i alle år vore ein av våre beste og meste trufaste supportar. Per vil gjerne gjera merksam på at han syntes jobben var vanskeleg i dag då det først og fremst var mange som hadde fortent stjerner i dag, og dessuten var det mange nye fjes på heimelaget som til tider forvirra Peremann ein smule. Uansett så var det følgande spelarar som imponerte Per aller mest i dag;

*** Erlend Siem

** Vidar Vadseth

* Petter Fagerli

Me gratulerer dagens stjerneskot.

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Ivar, Frank Robert, Øivind, Even - Petter, Erlend, Tor Olav, Bjørn - Richard, Vidar. På benken (alle med rikeleg med speletid) Frank, Geir, Jan Erik og Arne (ingen gløymt?)

0-1 x

1-1 Vidar (Richard)

2-1 Petter (Tor Olav)

3-1 Vidar (Richard)

4-1 Petter (Richard)

5-1 Petter (Tor Olav)

6-1 Frank Robert

6-2 x

7-2 Tor Olav

8-2 Vidar (Even)

9-2 Frank Robert (Bjørn)

10-2 Vidar (Ivar)

11-2 Bjørn

12-2 Richard (Even)

13-2 Jan Erik (Arne)

14-2 Gøran str.

15-2 Richard (Even)

16-2 Petter (Arne)

17-2 Frank (Jan Erik)

18-2 Geir str.

19-2 Geir (Bjørn)

Dommar; Tommy Skjerven (internasjonal klasse - tåre ikkje skriva nåke ant)

Tilskodarar; I følge Hildegunn Heggestad var det ca 60-70 med stort og smått!

Turre facts;

Frispark; 6-15

Corner; 8-1

Offside; 3-0

Skot på mål; 22-2

Skot utanfor; 14-7

Heilt til slutt vil me takka Per Helge Hågvar med god hjelp til dette referatet, og ikkje minst ei EKSTRA STOR takk til alle som er med å bidreg i samband med arrangeringa av heimekampane. Dette gjeld vår fantastiske banemann Johanens Nes som sørga for at Leikvoll var som eit stovegolv i mai månad, og sjølvsagt kioskdamene, billettseljarar og alle andre som var med på sidelinja og stilte opp for oss (ingen nevnt ingen glemt) - Tusen milliona takk!

Bilder frå kampen finn du HER

  

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com