Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Balestrand - Veitastrond 0-3

I ein ikkje alt for imponerande kamp av Veitastrond så sleit dei seg til ein 3-0 siger borte mot Balestrand i kveld. Ved pause var stillinga 0-1.

Det var ei herleg atmosfære rundt dagens kamp mot Balestrand, og som Arne Scheie ville ha sagt det så var det ein fin dag for fotball på Kreklingen Stadion. Veret var strålande og ikkje minst var det tydeleg at heimelaget hadde teke innover seg kritikken som me på Veitastrond.com gav dei etter forrige besøk me hadde hjå dei. Når me kom inn i garderoben var det leina opp med frukt i alle slags format, og særleg Gøran Fimreite var overlukkeleg over at det låg ein heil pakke med knasekrøtter der som til og med var merka med "Gøran". Dette var ein fantastisk morosam gest av heimelaget og me gjer dei denne gongen ståande applaus for måten dei tok i mot oss på! (Bildet til høgre er ifrå ei anna anledning. Fekk diverre ikkje høve til å knipsa noko fotos i kveld)

Før kampen vart diverre ikkje Øyvind og Jon Arne speleklare og vart ikkje med til Balestrand. Ole Kristian Vikheim er framleis skada i handleddet (gløymde dette då "før kampen" vart skreve) medan Geir Aardal måtte prioritera røyrlegging inne i Årdal.

Det vart ein meget jamnspeld kamp på Kreklingen Stadion i dag. Begge lag kriga mykje på midten og det vart ikkje produsert så veldig mange sjansar frå nokon av laga, det næraste dei to laga var stort sett nesten moglegheitar.

Etter 13.min fekk Balestrand sin kanskje største sjanse i kampen då Øyvind Neset fekk ballen på ca 16 meter. Akkurat i det han skulle til å skyta ballen i nota så kom han på at han er halve strending, og sidan blod er tjukkare enn vatn valde han å skyta utanfor buret til Gøran. Takk skal du ha Øyvind! =)

Etter 24.min kombinerte Erlend og Bjørn nydeleg og Bjørn kom igjennom frå skrått hold, men diverre var det ikkje vanleg Mollandskraft over avslutningen og Sværen i Balestrand-buret kunne enkelt plukka opp.

Første omgangen einaste scoring kom etter 29.min. Richard er i ein duell i 16.meteren, men det ser ut til at Balestrand sin mitdstoggar Tommy Ese skal få avklart. Diverre for Ese så trudde han at ballen allereie hadde gått utover sidelinja, og han sto med ryggen mot ballen og banna og skreik. Dette oppfatta Richard som stal ballen og fekk lagt den på bakerste til Petter som knalla eit skot som såg ut til å gå utanfor, men på motsatt side igjen klarde akkurat Richard å krabba seg fram så han fekk stupheada ballen inn i buret. Ein spesiell og meget fin scoring frå VIL dette - og mogligens ein dose med hell og lykke.

Samme Richard hadde og ein kjempesjanse nokre minuttar etterpå, men denne gongen gjekk skotet rett på keeper.

Til pause var stillinga 1-0 til VIL etter ein ikkje alt for imponerande omgang. Bakover var det til tider mykje rusk, og me kunne fort å fått eit baklengs eller to på dårleg forsvarspel. Framover var det heller ikkje heilt topp, og me følde vel ikkje akkurat at ting gjekk på skinner. Til 2.omgang gjorde VIL to bytter; Arne og Emil kom inn medan Ivar og Vidar gjekk ut.

Etter ein jamnspeld start på 2.omg så får VIL corner etter 53.min. Petter legg nydeleg inn og treff pannebrasken til Frank Robert som heade VIL opp til 2-0, og me kan endeleg senka skuldrane littegranne.

Resten av omgangen var mest prega av mykje duellar på midten og ikkje dei heilt store sjansane til nokre av laga. Det skal seiast at Balestrand så absolutt hang bra med i svingane, og kunne med litt meir presisjon i avslutninga ha scora både eit og to mål, men heldigvis for oss så klarde dei ikkje det. Det vart heller aldri noko av det scoringshowet frå tidlegare nevnte Neset som speakaren på Kreklingen lovde 15 min før slutt. Speakaren hadde ellers sitt fulle hyre med å annonsera for scoringsklubben til Balestrand som visst nok er svera greie.

Etter at hovuddommar Jan Aril Rømmen avholdt ein 2 minuttars drikkepause midtvegs i omgangen, kom etterkvart Jan Erik, Jonny og Øystein innpå for VIL.

Heilt på tampen av kampen fekk VIL sitt tredje mål, då Emil skaut i ein Balestrand spelar og inn i feltet til Arne som stod mutters åleina og kunne enkelt setta inn 3-0 og dagens siste kistespikar for Balestrand sin del.

Ingen stor kamp frå VIL-fotball i dag, men me vinn på ein dårleg dag og dette er vel det som kjenneteinkar dei beste. Verdt å merka seg i dag at me held nullen noko som ikkje akkurat er kvardags kost for VIL-fotball. Neste utfordring blir no borte mot Hafslo neste tysdag og då mine damer og herrer er det at det verkeleg gjeld...!

VIL-STJERNA

Dagens VIL-stjerna vart delt ut av vår oppdama Hildegunn Heggestad. Ho har i tillegg vore til stor hjelp med dette referatet og det er me takknemlege for. Etter at tre karar hadde delt ut stjerner tidlegare, følte me no det var på tide med litt kvinneleg list i denne kåringa. Kva kriterier ho har dømd etter seier soga ingenting om. Dagens VIL-stjerner går til;

*** Bjørn Molland

** Frank Robert Værn

* Gøran Fimreite

Gratulerer til dykk!

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Ivar (Emil), Øivind (Jonny), Frank Robert, Even - Petter, Tor Olav, Erlend (Jan Erik), Bjørn - Vidar (Arne), Richard (Øystein)

Ubenytta reserve; Arvid

0-1 Richard (Petter)

0-2 Frank Robert (Petter)

0-3 Arne

Gule kort; Tommy Ese (Balestrand)

VIL fans; Cathrine, Anja Irene, Hildeunn, Elin og ei vennine av Elin.

Dommar; Jan Arild Rømmen (som vanleg i kjempeform)

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com