Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Hafslo - Veitastrond 0-0

Det vart om mogleg endå jevnare og tettare ein kunne våga å ha trudd på førehand i lokalderbyet mellom Hafslo og Veitastrond i kveld. Finspelet glimra kanskje med sitt fråvær, men det var ei nerve i denne kampen som låg tjukt utover heile Hafslo Stadion i samtlege 90 minutt.

Til kampen så kom ikkje Erlend før til 2.omgang noko som gjorde at Geir fekk sjansen frå start sentralt på midten, medan Petter var skyvd ut på kanten. Jon Arne og Øyvind vart ikkje speleklare, Frank var på dømming i Balestrand og Arvid fann si plass på tribuna.

Hafslo på sida er eit lag som består av eit solid og kynisk forsvar og med to meget ballsikre spelarar i Andreas Fardal og Fredik Skjeldestad som sjølve hjarta i laget sentralt på midten. Taktikken deira består stort sett i å slå lange ballar i bakrom mot raske spissar, noko dei innimellom lukkast med i kveld.

Etter 9 min fekk Hafslo kampens første store sjansen. Høgrevingen som var deira fremste angrepsvåpen i kveld la inn frå sida og traff skallen til ein HIL spelar, men heldigvis for oss så strauk ballen på utsida av stolpen.

1 min etterpå er det VIL sin tur då Emil og Arne kombinerar fint slik at sistnevnte kjem åleine med keeper, men diverre så sto ikkje avslutninga i stil med forabeidet.

17 min er spelt når Hafslo får sin største sjansen i kampen. Olav Falkagjerdet kjem åleine med Gøran, men nok ein gong så stryk avslutninga til Hafslo stolpen og me kan nok ein gong pusta letta ut.

Dei siste 25 minutta av omgangen svinga det litt fram og tilbake der VIL har eit lite overtak. Begge laga pådreg seg i denne perioden kvar sitt gule kort. Først ein Hafslo spelar på takling på Arne, også Geir då han er seint ute to gonger på rappen.

Etter ca ein halvtime spelt får Emil ballen på 16 meter etter klabb og babb i boksen, han skyt så Hafslo keeper Andreas Søhoel må gje retur - denne set diverre Richard langt utanfor på blank kasse. Til den som ikkje fekk med seg det her, så skal det nevnast at Richard vart korrekt avblåst for offisde i denne episoden (..og truleg redda dette nattesøvnen til underteinka)

Laga gjekk til pause med 0-0. Veitastrond gjorde ingen bytter i pausen og gjekk ut til 2.omgang sterke i trua på at dei skulle henta heim 3 poeng.

2.omgang vart prega av at spelet vart ein del tøffare og dommar Stian Holm vart etterkvart i overkant ivrig med kortstokken. Både Even, Arne og Even fekk sjå det gule kortet i 2.omgang. Det skal seiast at det aldri vart noko grisekamp, og me må vel seia at Hafslo benken til tider reagerte i overkant. Om dette faktisk var det verste HIL-trenar Geir Jonny Sviggum nokon gong har sett, så kan han umogleg å sett så fela mykje oppgjennom åra. Litt tempratur skal det trass alt vera i eit lokalderby som dette.

Veitastrond hadde stort sett banespelet etter pause, men dei sleit stort sett med det siste trekket og dei heilt store sjansane uteblei. Hafslo forsvarte seg godt, og dei var farleg på nokre kontringar, men stort sett så hadde VIL-forsvaret anført av Frank Robert Værn stålkontroll. Frank Robert viste i dag for alvor at han er ein klassespelar som utvilsamt kan hevda seg på langt høgare nivå enn 6.divisjon om han skulle ynskja det.

Etter ca 55 min kom Petter skrått inn frå venstrekanten. Han kunnde ha slått 45 til Geir eller Richard, men vel heller å skyta. Skotet var så bra at Søhoel måtte gje retur som havna hjå Arne som nikka ballen inn og 1-0 til VIL - trudde me. Diverre sto dommar Holm med armen i veret og dømde offside av det tvilsamme slaget.

60 min gjer me våre einaste byter i dag då Vidar og Erlend kjem inn for Richard og Geir.

Begge dei to innbyttarane var me å prega sluttspurten på kampen og særleg Vidar var særs nær å avgjera kampen på slutten. Først fekk han ballen på 6 meter, men traff dårleg med feil fot. Så rett før slutt får han eit nydeleg innlegg som han tek ned og skal berre dunka ballen i nota. Akkurat i det han skyt klarar ein Hafslo spelar å skli framfor ballen og blokkerar skotet og reddar mest truleg 1 poeng for Hafslo her - frustrerande å sjå for VIL-fansen.

Det ebba til slutt ut med uavgjort og 0-0. Begge laga er nok stort sett nøgde med det, då dette like gjerne kunne ha havna begge vegar. Me held 0`en for andre gang på rad og dei bakre rekker byrjar no verkeleg å setta seg. Det er nok heller ikkje tilfeldig at Gøran til begge desse kampane har knaska i seg ein del gulerøtter før kampane som utvilsamt er med på å gje vår målmann det vesle ekstra.

Det er berre å gleda seg til ny dyst desse to laga i mellom. Allereie om 5 dagar tek me i mot hafslobøgdingane på Leikvoll Stadion, og då har me så absolutt ingen planar om å gje frå oss nokre poeng. Der vert det 3 poeng og dermed basta!

VIL-SJERNA

Dagens VIL-stjerner vert utdelt av tidlegare spelar og no fanatisk supportar Lars Arne Nes. Som dei fleste andre som har hatt denne jobben syntes han det var ei vrien oppgåve, men han kom likevel fram til at følgande spelarar var best i dag;

*** Frank Robert Værn

** Emil Heggestad

* Gøran Fimreite

Grattis til dykk!

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Ivar, Frank Robert, Even, Tor Olav - Bjørn, Emil, Geir (Erlend) Petter - Richard (Vidar) Arne.

Ubenytta reservar; Jonny, Jan Erik, Øystein og Øivind

Gule kort; Arne, Emi, Even, Geir og ein på Hafslo.

Dommar; Stian Holm (stort sett bra kontroll på lokalderbyet)

Fleire bilder frå kampen finn du HER

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com