Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Sogndal3 4-10 (!)

Etter ein jamnspeld 1.omgang der SIL3 leia 3-2 rakna det fullstendig for Veitastrond i 2.omgang. Det enda til slutt med heile 10-4 siger til sogndølene i det som på slutten mest ligna på ei framsyning frå Cirkus Arnardo!

Til kampen meldte Erlend fråfall slik at Vidar kom inn som spiss og Richard gjekk ned på sentralmidt med Bjørn.

Det var kun spelt i 3 min då Emil kasta inn frå høgre. Ballen gjekk forbi heile feltet til Jan Erik på bakerste som enkelt kunne senda heimelaget oppskriftsmessigt i leiinga. Denne leiinga klarde me å halda i 35 sekund. Sogndal sler ein lang ball fram som det ser ut som Even har kontroll på. Han vil at Gøran skal komma ut å plukka og skrik GØRAN!, Gøran er ein pliktoppfyllande kar og kjem sjølvsagt ut for å henta ballen, men så finn Even ut at han kan nå ballen sjølv og klarar akkurat å stupheada ballen forbi Gøran og inn i det tomme buret, og dermed 1-1!

Etter denne pangopninga på kampen svingar det fram og tilbake på Leikvoll. Veitastrond har gjennom heile denne kampen store problem med SIL3 si midtbane. Daniel Fylling og Jon Eirik Myhre viser begge prov på at dei er vande med eit høgare nivå og har ei heilt anna ro med ballen og når dei tillegg er best i duellspelet vert det vanskeleg for VIL. Dommar Per Barsnes kom og tidleg i fokus i dag, og me må vel ha lov å seia at han aldri var særleg på høgde med situasjonanen i denne kampen.

33 min er spelt når dommar Barsnes for alvorleg kom i fokus. SIL3 sin spiss; Tore Madsen kjem åleine med Gøran. Han prøver å runda han med vel heller å kasta seg i venda så ein skulle tru han vart nedkøyrt av ein lastebil. Diverre oppfattar ikkje Barsnes at Madsen filmar og han dømmer straffe til SIL3. Her klandrar me ikkje dommaren som dømmer på det han oppfattar, men me tykkjer det er absolutt lavmål av Tore Madsen å filma seg til ein straffe i 6.divisjon, då har du jaggu ikkje mykje glede her i livet. Mr.Patetic tok sjølv straffen og tykte nok han var svere kar når han sende SIL3 i leiinga med 2-1.

Akkurat som SIL3 så klarde og VIL å svara motstandaren si leiing tidleg. Etter 38 min kombinerte Bjørn og Jan Erik nydeleg som enda med at Bjørn hælsparka ballen gjennom til Emil som kunne setta inn utligning til 2-2. Dette såg ut til å stå seg omgangen ut heilt til Frank Robert må ut med skade på overtid i omgangen. Me må omrokkera i bakre ledd og er nok i ubalanse når Johan Salveson spring i frå forsvaret og fastset pauseresultatet til 3-2 i favør SIL3.

Ein jamnspel omgang der me stort sett er bra på høgde med sogndølene trass deira leiing. For vår del sviktar det mest i duellspelet og skal denne kampen vinnast må det trykkast adskilligt meir til. I pause tok me ut Jan Erik og satte inn Arne. Han gjekk inn som spiss og skyvde Vidar ned som defansiv midtbane med Geir, Bjørn og Richard framfor seg.

46.min er spelt når SIL3 slår langt og Gøran kjem utanfor 16 meteren for å plukka. Diverre bommar han på ballen så den havnar hjå motstandaren og dermed 2-4 og verst tenkeleg start på 2.omgang for vår del. 1.min seinare så kjem sogndølene igjen. Ein lang tversoverpasning frå høgre finn Johan Salveson som på fantastisk vis skyt ballen direkte i nærmaste kryss - ein nydeleg prestasjon og ting ser no rimeleg håplaust ut for vår del.

No kunne VIL ha falt saman som eit korthus, men i staden brette dei for ein liten periode opp ermane og ga SIL3 kamp igjen. 54.min er spelt når Emil slår frispark inn i boksen, den treff Tor Olav som i sin avskjedskamp får æra av å nikka inn si andre scoring i VIL-trøya og redusering til 3-5.

3.min seinare blir Geir holdt inne i boksen og til SIL3 sin enorme frustrasjon dømmer Barsnes straffe til VIL. Den set Bjørn sikkert inn, og med 4-5 byrjar no VIL å lukta på poeng.

Diverre så klarar ikkje VIL å halda oppe presset særleg lenge, og etter 61 minutt kjem SIL3 alt for lett igjennom VIL sitt forsvar og dei kan setta inn sitt 6. mål for kvelden. 5 min etterpå scorar me sjølvmål nummer 2 då Øivind Kristiansen er uheldig og set ballen i eige mål til 4-7 og det er i ferd med å bli pinleg for VIL-fotball.

Kampen er på dette tidspunktet punktert og i dei siste 25.minutta på Leikvoll går kampen total av hengslene. VIL-spelarane er tydeleg frustrerte med tingens tilstand og bedre blir det ikkje når SIL3 set inn på sin nr.5 - Jannis eit eller anna. Vedkommande såg mest ut som om han gjekk på høge narkotiske stoffer og førstemann som fekk føla hans galskap er Frank Robert. Etter ein duell på sidelinja sparkar han etter Franken sine edle deler og det vert full brytekamp mellom dei to. Begge kunne vel ha vorte utvist her, men så vidt underteinka fekk med seg så fekk dei kvar sitt gule kort - det einaste kortet me pådrog oss i dag.

Like etterpå får SIL3 frispark frå ca 25 meter. VIL stiller 4 mann i mur, og nok ein gong kjem denne vesle tassen inn og lagar bråk. Han bryt seg inn i mellom muren og liknar mest på ein av desse som konstant er ute etter bråk i kebabkøen på seine laurdagskveldar. Bråk fekk han og endå meir av i ein duell med Geir like etterpå. Hadde Geir fått gjort som han ville med han då er me redd det kunne blitt stygge scener på Leikvoll.

Riktignok skal det seiast at fleire VIL-spelarar mista hovudet på slutten, men ingen kunne måla seg med SIL3 sin nr.5 som minst skulle vorte utvist to gonger.

På slutten rann det forresten inn 3 nye goalar til SIL3.

Me kom til denne kampen som ubeseira og hadde ikkje sluppe inn mål på to kampar. Då er det mildt sagt tragisk, grusomt å tapa 10-4 heime mot SIL3. Alt i alt vinn dei kampen sjølvsagt fullt fortent og dei har ei rekke spelarar som viser at dei har mykje inne, men likevel er det utruleg pinleg at me skal drita oss sjølve så fullstendigt ut. SIL3 er sjølvsagt særs heldige som scorar eit mål rett før pause og to mål rett etter, og dessutan er mange av deira mål resultat av personlege feil hjå oss.

Denne kampen er det berre å setta i gløymeboka og sjå fram mot neste kamp som er på førstkommande tysdag mot Aurland/Lærdal2.

VIL-STJERNA

Dagens stjerner vart delt ut av Ørjan Aardal. Han seier at stjernene er basert på 1.omg og første 10.min av 2.omg, resten var i følge han rimeleg lamt:

*** Emil Heggestad

** Bjørn Molland

* Frank Robert Værn

Grattis gutter!!!

 

Kampfakta;

Gøran - Tor Olav, Frank Robert (Jonny), Øivind (Ole Kristian) Even - Geir, Bjørn, Richard, Jan Erik (Arne) - Emil, Vidar

Ubenytta reservar; Jon Arne og Øystein

1-0 Jan Erik (Emil)

1-1 Sjølvmål

1-2 Dolph Lundgren str.

2-2 Emil (Bjørn)

2-3 Salveson

2-4 x

2-5 Salveson

3-5 Tor Olav (Emil)

4-5 Bjørn str.

4-6 x

4-7 Sjølvmål

4-8 x

4-9 x

4-10 x

Dommar; Per Barsnes (har problem med å komma skikkeleg opp i situasjonane og dømmer ein del i hytt og gevær. Tykkjer dog ikkje at me skal lasta han for at det vert fullstendig siruks på slutten)

Gule kort; Frank Robert + ein 3-4 på SIL3

Bilder frå kampen finn du HER.

 

Takkar Øyvind Lien for hjelp med referatet.

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com