Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Aurland/lærdal2 2-3

Ei nyklippa Leikvoll Stadion i skjønn forening med eit nydeleg junivær gjorde at ramma til denne kampen var så bra som det får blitt. Diverre klarde ikkje Veitastrond å prestera så bra som ein skulle ha håpa, og nok ein gong skuffa dei sitt trufaste heimepublikum etter at dei skufla vekk ei 2-0 leiing og tapte til slutt 2-3.

Siste nytt før kampen var at Vidar ikkje vart med. Dette gjorde at Geir vart trekt ned som stoppar, Jan Erik opp som ving og Jonny kom inn på backplass. Frank vart heller ikkje med og på benken hadde me Jon Arne, Øystein og Arvid.

Heimelaget opna kampen glimrande og dei første 20 minutta spelde me verkeleg god fotball. Spesielt Bjørn og Emil sentralt på midten var store i denen perioden. Etter 7 min kom Arne frå høgre og la inn på bakerste til Jan Erik som kom bakfrå og satte inn 1-0, men dommar Barsnes annulerte noko tvilsamt for offside. Heldigvis så lot me oss ikkje knekka av dette, og 2 min seinare kasta Arne frå venstre til Bjørn. Han vende med seg ballen og plasserte ballen nydeleg i motsatt hjørna. Glimrande scoring frå berrisn og fortent 1-0 til heimelaget.

4 min seinare kom Veitastrond igjen. Richard snappa ballen på venstrekanten og tok den med til dølinja og fekk lagt tilbake til Arne som enkelt kunne setta inn 2-0, og alt gjekk på dette tidspunktet på skinner for VIL. Rett etter scoringane hadde me to store sjansar, først då Bjørn hadde eit skot som vart redda på streken også av Richard som strauk stolpen med si avslutnig frå ca 15 meter.

Akkurat i det alt såg så bra ut for VIL lot dei plutselet bortelaget få komma inn i kampen. Etter 22 min trokla aurlendingen Ola Sælthun seg alt for lett gjennom dei bakre rekker hjå VIL, og han kunne setta inn redusering til 1-2 bak dagens målvakt Even Kvam. VIL fekk no kalde føter og berre 3 min seinare scora dei på eit nydeleg skot frå ein av banas største gigantar Håvard Takle Sanden.

Etter denne kalddusjen kom VIL aldri skikkeleg inn i omgangen og bortelaget hadde eit lite trøkk i siste halvdel av omgangen, men laget gjekk til pause med uavgjort 2-2.

Eit greit resultat utifrå at laga hadde kvar sin halvdel av omgangen, men likevel kritikkverdigt av VIL at me lot bortelaget få komma inn i ein kamp som me hadde så god kontroll på. Alt i alt var det og for dårleg duellspel framover, og til tider var det ikkje den trøkken som trengst for å vinna fotballkampar.

VIL gjekk friskt ut i 2.omgang, og me starat mykje likt slik som i første.

Første store sjansen fekk me etter ca 8 min når Øyvind skaut frå skrått hold på keeper som måtte gje retur, denne kom Richard skliande inn på, men diverre traff han den liggande keeperen som fekk slått til corner.

10 min seinare var det eit lite under at VIL-fotball ikkje tok leiinga. Bjørn slo corner frå høgre som ein eller annan heada på keeper som nok ein gong ga retur. Richard var og denne gongen først på, men avslutninga gjekk i stolpe - keeper og ut til Geir som på 5 meter dundra ballen i tverrliggar og ned på strek før Frank Robert heada ballen utanfor. Godt  gjort av VIL å ikkje setta denne sjansen.

Siste del av omgangen svinga kampen fram og tilbake. VIL prøvde stadig vekk å slå ballen i bakrom, men diverre vart Richard og Arne alt for stilleståande og dei gode løpa kom svært sjeldan. Spelarane skulle hatt litt meir is i magen i ein del situasjonar, så kunne me nok ha spelt ut A/L2 slik me til tider gjorde i byrjinga av kvar omgang. 

Veitastrond fekk nok ein stor sjansen då Richard skaut med venstra frå ca 16 meter, men diverre skrudde ballen feil veg og den gjekk hårfint utanfor.

Bortelaget hadde og sine sjansar (har ein lei tendens til ikkje å hugsa sjansane til motstandaren), og etter 37 min kom det som skulle avgjera kampen. Dei fekk frispark frå ca 20-25 meter som Håvard Takle Sanden dundra inn i nærmaste hjørne bak Even i VIL-buret. Eit lite spørsmålstegn til kvar muret vart av i denne situasjonen, men og ein nydeleg prestasjon av Sanden.

På slutten satsta VIL alt framover og slo mykje langt, men enten så tapte me duellane eller så gjekk dei inn til bortelaget sin keeper.

Ein av kampens mest omdisukterte situasjonar kom etter 42 min. Arne fekk ballen på 14 meter vende opp, men vart felt av ein aurlending. Her lukta det straffe lang veg, noko både Arne og bortelaget sine spelarar meinte etter kampen. Diverre for oss oppfatta ikkje dommar Barsnes situasjonen slik, og han vinka spelet vidare.

Med dette skuffande resultatet ebba vårsesongen til slutt ut med nok eit tap for strendingane. Til trass for periodar med bra spel i dag var det noko som mangla med tanke på glød og entusiasme. Aurland/Lærdal2 vann heilt klart mest duellar, og dei var det laget som ville vinna denne kampen og soleis er det greit at dei stikk av med alle poenga i dag.

No skal det gjera godt med ein ferie for VIL, og me lovar å komma mykje sterkare tilbake til hausten.

VIL-STJERNA

Dagens stjerner vart delt ut av sogndølen Bjarte Lunde. Han er nyfrelst VIL-supportat av året og har vore ein av dei ivrigaste supportarane denne sesongen. Til trass for det skuffande resultatet såg han lyspunkt i følgande spelarar;

*** Bjørn Molland

** Emil Heggestad

* Frank Robert Værn

Gratuliren til seiner schone starten! (tysk og betyr; Gratulerer til dei vakre stjernene)

 

Kampfakta;

VIL; Even - Jonny, Geir, Frank Robert, Ole Kristian - Øyvind, Emil, Bjørn, Jan Erik - Arne, Richard

Ubenytta reservar; Arvid, Øystein og Jon Arne

1-0 Bjørn (Arne)

2-0 Arne (Richard)

2-1 Ole Sælthun

2-2 Håvard Takle Sanden

2-3 Håvard Takle Sanden

Gule kort; Bjørn og Geir, VIL. Ein på bortelaget....(nokon fleire?)

Dommar; Per Barsnes (gjer ein grei kamp)

Takkar Jon Arne Fimreite for hjelp med referatet. Tok og nokre biler som kjem i morgon - blant anna kjem det nye blinkskot av bestevennene Even og Johannes!

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com