Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Norane - Veitastrond 0-13

Veitastrond vann i dag komfortabelt 13-0 borte mot tabelljumbo Norane. Kampen var stort sett prega av at Veitastrond var mange hakk bedre enn heimelaget, og dei gjorde ikkje meir enn det dei trengte for å vinna. Kampen var prega av dårleg tempo og einvegskøyring mot Norane sitt mål.

VIL kom til denne kampen utan å ha trent sidan siste kamp i vårsesongen. I tillegg så introduserte trenar Emil spelarane for det nye 3-4-1-2 systemet ca eit kvarter før kampstart, og før han fekk forklart oss ferdig så kom dommar Jan Arild Rømmen inn i garderoben å lurte på om me hadde tenkt å stilla til start. Me hadde bomma ein halvtime med kampstart og måtte byrja utan oppvarming. Kanskje ikkje den beste oppladninga til ein haustsesong...

Scoringane kom omtrent som følgjer;

4 min; Bjørn lobbar over keeper Kent Fimreite etter gjennomspel av Helge

14 min; Petter passar til Erlend som dunkar ballen nydeleg i mål frå ca 18 meter

16 min; Erlend dreg med seg ballen inn i boksen og set ballen enkelt inn til 3-0.

24 min; I si siste opptreden for VIL så får endeleg Jonny si scoring då han enkelt set ballen i mål frå eit innlegg frå Bjørn

29 min; Nydeleg enkeltmannsprestasjon frå Bjørn som går gjennom heile forsvaret og set inn 5-0 målet

40 min; Helge legg inn til Jan Erik som fintar vekk eit par nører før han dunkar inn 6-0. Herleg prestasjon frå Bøysen

Pause 0-6 til Veitastrond.

51 min; Helge set inn mål nummer 7 for dagen etter pasning frå Erlend

52 min; Ivar spelar gjennom til Richard som sender strendingane opp i 8-0 leiing

60 min; Petter spelar gjennom til Helge som set inn 9-0. Her lukta det offside lang veg.

65 min; Richard legg inn frå høgre der 3 VIL spelarar slest om å få scora. Den som vinn fighten er nok ein gong Helge

66 min; Dagens scoring når Helge trer eit frispark frå 22 meter klin i krøsset!

80 min; Emil legg inn frå høgre der Petter får to sjansar og set til slutt inn 12-0

85 min; Geir avsluttar scoringsballet når han sender ballen forbi Norane sin keeper etter eit innkast frå Jon Arne

Veitastrond vinn kampen utan problem, men imponerer ikkje noko nevneverdigt. Hadde me spelt mot eit av dei andre laga i avdelinga kunne me fort å fått problem i dag. Det mangla mykje på engasjement, og kanskje var det dagens kampbilde som gjorde at det ikkje var meir sprut. Uansett så gjer me det som trengs for å setta Norane på plass.

Om heimelaget så var det ikkje mykje å sjå til alle forsterkningane, dei skal visst nok vera klare om ikkje lenge. I dag hadde dei ein sjanse då dei nesten fekk ballen i nota etter litt klabb og babb inne i feltet, men Gøran fekk til slutt kontroll. Bortsett frå det var det nærmaste dei kom to skot frå midtbana etter avspark som Gøran enkelt plukka ned på 5-meteren. Kanskje vert det tøffare match neste gong me møtast...

VIL-STJERNA 

I dag er det VIL sin superveteran Arvid Heggestad som står for utdelinga av VIL-stjernene. Han var tilskodar heile kampen igjennom, og syntes jobben var vanskeleg i dag då det ikkje var nokon som utprega seg noko særleg. Dagens stjerner gjer han til følgande spelarar;

*** Helge

** Emil

* Erlend

På dei tre kampane Helge har spelt står han no bokført med 9 av 9 moglege stjerner - meget imponerande!

 

Kampfakta;

VIL (3-4-1-2); Gøran - Emil, Øivind, Geir - Helge, Petter, Erlend, Jan Erik - Bjørn - Richard, Jonny. På benken (alle med rikeleg med speletid); Arne, Jon Arne, Ole Kristian, Ivar, Øyvind og Øystein....nokon gløymt??

0-1 Bjørn (Helge)

0-2 Erlend (Petter)

0-3 Erlend (Petter)

0-4 Jonny (Bjørn)

0-5 Bjørn

0-6 Jan Erik (Helge)

0-7 Helge (Erlend)

0-8 Richard (Ivar)

0-9 Helge (Petter)

0-10 Helge (Richard)

0-11 Helge

0-12 Petter (Emil)

0-13 Geir (Jon Arne)

Domamar; Jan Aril Rømmen (flink)

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com