Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

Veitastrond - Balestrand 3-2

Veitastrond trakk til slutt det lengste strået i dagens kamp mot Balestrand. VIL hadde lenge full kontroll på kampen, men nærast som vanleg klarde me å rota bort ei 2-0 leiing. Difor var det ekstra herleg for oss når Even Kvam satte inn det avgjerande 3-2 målet 10 min før slutt. 

VIL stilte til start i dag me ein første 11 som kanskje er noko av det beste me nokon gong har mønstra. Me var kanskje litt færre på benken enn me hadde forventa, men likevel var me godt førebudde til denen kampen.

Den fyrste halvtimen av kampen svinga det mykje fram og tilbake. Spelet var til tider tøft på ei passeleg blaut Leikvoll, og begge lag hadde gode sjansar til å scora.

Mål vart det ikkje før i det 33 minuttet. Bjørn slo ein corner frå høgre som Even gjekk opp for å brassa. I det han tok sats fekk han ein liten dytt, mista balansen og ballen sklei av foten og ned til Petter. Han gjorde ingen feil og plasserte ballen mellom ein 2-3 balingar på streken frå ca 6 meter. 1-0 og stor jubel og ståhei på Leikvoll Stadion.

Med denne scoringa fekk Veitastrond eit skikkeleg kick og det siste kvarteret hadde me bra trøkk på kampen. Me skapte mange sjansar, og nærast av alle var Arne som fekk eit presist legg frå høgre, men diverre spratt ballen på ei tua og flintskallen bomma dermed på ballen.

I 1.omgang sitt siste minutt klarde Veitastrond nok ein gong å scora. Også denne kom frå ein corner, denne gongen frå venstre med lissa til Emil. Ballen gjekk over første stolpe og dala ned til Richard, som enkelt kunne breisida ballen inn i buret og 2-0 til VIL.

2-0 var og pauseresultatet. 1.omgang var til tider jamnspeld, med eit lite overtak til VIL. I pausa fokuserte med på å halda oppe trøkket og aggressiviteten, og for ein gong skuld prøva å ikkje rota vekk leiinga vår slik me gjerne har for vane å gjera.

2.omgang starta nervøst, men etterkvart fekk VIL overtaket i første halvdel. At me ikkje reiser stad å avgjer kampen på dette tidspunktet er berre synd og skam, då me vartar opp med mykje finspel og skapar feite sjansar. Nærast var Bjørn som fyrst vart andre mann som vart offer for ei tua som gjorde at han og bomma på ballen. Deretter vart han nydeleg speld gjennom av Helge, drog elegant med seg ballen, men satte diverre ballen i stolperota - skikkeleg synd at eit slikt angrep ikkje enda i scoring.

Akkurat i det me hadde kontroll og skulle avgjort kampen satte BIL inn ein sluttspurt. På dette tidspunktet hadde me gjort to byter - Øyvind kom inn for ein skada Emil og Ivar kom inn for Øivind i forsvar

Balestrand hadde fyrst ein kjempesjanse då dei kom seg ned til dølinja, la inn 45 grader og hadde det ikkje vore for at VIL keeper Gøran Fimreite braut alle fysiske lover med ei fantastisk redning hadde det her vore scoring.

Dagens ulukkelagaste mann var nok Ivar då han på sitt første spark på ballen ga den til ein motstandar som fossa igjennom, runda Gøran og sette inn redusering til 1-2 etter 64 minutt.

Panikken breidde seg no i VIL laget, og finspelet uteblei totalt. Etterkvart så steig temperaturen på bana, og det var fleire gonger antydning til knuffing blant spelarane. Dette er kanskje ikkje fyrste gong det vart heitt på Leikvoll, men i dag tek me ikkje på oss skulda. Heilt frå starten av kampen var BIL spelarane særs hissige, og me meinar det må gå ann å ha ein tøff duell utan at ein skal gå i kragane på motstandarane etterpå, og masa hol i hovudet på dommaren om frispark, gult kort etc... Heldigvis hadde me i dag ein meget god dommar i Jarle Andersen, som hadde full kontroll på tumultane og heilt korrekt ga balingen 3 gule og me ingen (sjølv om nokon muligens vil hevda at Erlend skulle hatt eit gult for oss. Han hadde ein lei tedens til å vera midtpunkt i dei fleste "kampane")

Etter reduseringa til BIL så fekk dei i allefall ny giv, og anført av deira soleklart beste spelar - svenske Johannes Nilsson - pressa dei VIL ganske bra i denne perioden. Etter 32 minutt fekk dei og løn for strevet då dei kontra inn 2-2. Geir Aardal i VIL forsvaret ga i denne situasjonen grei beskjed til kva han meinte om midtbana og spissane si jobbing tilbake - den var enkelt og greitt for dårleg!

Panikken var i ferd med å bre seg i VIL no, og ein frustrert trenar Emil tenkta at no fekk strekk vera strekk, og kasta seg sjølv innpå igjen. Dette ga heldigvis for oss umiddelbare resultat. 36 minutt var spelt og eit VIL-frispark vart i fyrste omgang avklart, men ballen datt berre ut til Emil i returfeltet. Han runda ein mann før han sende ei passning gjennom til kaftein Even Kvam som plutseleg var åleine med keeper. I ca 5 sek holdt heile Leikvoll pusten i det Even stokka beina og til slutt fekk spelt ballen mellom beina på keeper og i mål. Dette var heilt utruleg fantastisk forløysande, og VIL spelarane samlast i elleville jubelscener. I etterkant vil nok diskusjon gå om den godeste Even var i offside. "Heilt klart ikkje" sa dommar Andersen etter kampen, "da va nok offside pao sista maole kara" sa VIL supportar Jens Heggestad. Balestrand meinte i allefall det var offiside og protesterte heftigt, medan VIL spelarane ga blanke og haldt fram å feira scoringa.

Etter denne scoringa så kjempa VIL med nebb og klør. Me unngjekk fleire baklengs og hadde sjølv fleire sjansar til å punktera kampen, men det ville seg liksom ikkje framfor kassen i dag. 

Kampen i dag var ein knallhard batalje, og me møtte eit hardtkjempande og godt Balestrand lag. Den avgjerande scoringa til Even på slutten er så herleg at underteinka manglar ord. På slike dagar er det herligt å tilhøyra VIL-fotball.

No ventar Hafslo på Leikvoll neste tysdag, og då er det at det verkeleg gjeld...

VIL-STJERNA

Dagens stjerner vert delt ut av livslang VIL-fan Jens Ragnar Heggestad. Få har konsumert fleire fotballkampar enn denne mannen, så ekspertisen skulle i dette tilfellet vera på topp. Jens sa at det var jamt, og mange hadde fortent stjernet i dag, men når det gjaldt dei 3 gjevaste så var han ikkje i det minste tvil. Her er dagens stjerner;

*** Gøran Fimreite

** Even Kvam

* Petter Fagerli

grattis gutter!

 

Kampfakta;

VIL 3-4-1-2; Gøran - Geir, Even, Øivind (Ivar) - Helge, Erlend, Petter, Emil (Øyvind) - Bjørn - Richard, Arne.

Ubenytta reservar; Jon Arne og Øystein

1-0 Petter (Even)

2-0 Richard (Emil)

2-1 x

2-2 x

3-2 EVEN i KVAM (Emil)

Gule kort; ingen på VIL. 3 på Belehali.

Dommar; Jarle Andersen (M+)

Det vert diverre ingen bilder frå denne kampen, då det ikkje var batteri i kamera!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com