Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Hafslo 1-1

Nok ein gong vart det tett og jamt mellom naborivalane Veitastrond og Hafslo. Heimelaget tok leiinga etter 54 minutt ved Arne Nes, men Hafslo slo til tilbake minuttet etterpå då Torgeir Kjos Wenjum satte inn eit straffespark. Med poengdeling for andre kamp på rad i år har dei to laga no berre ein sjanse igjen i år til å kåra ein vinnar seg i mellom.

Veitastrond hadde i dag ein rekordstor tropp tilgjengeleg, og kampen om plassane er meget stor for tida. Dette er sjølvsagt eit gigantisk luksusproblem og dagens første 11 skulle på papiret vera råsterk.

Til trass for ein kald nordavind på Leikvoll Stadion i kveld møtte det opp bra med publikum som bestod av både strendingar og plenty utanbygdingar, kjempekjekt at så mange finn vegen til desse lokaloppgjera. Publikum fekk sjå at Hafslo skapte den fyrste sjansen etter ca 2 min då dei kom igjennom, men Gøran i VIL-buret rydda meisterleg opp. VIL sin fyrste sjanse kom minuttet etter, denne gongen vart Arne spelt igjennom men avslutninga hass enda diverre utanfor.

1.omgang var forholdsvis jamnspelt, men med eit lite overtak til VIL, og det var utvilsamt me som skapte flest sjansar. At me ikkje klarde å omsetta nokon av sjansane til mål lyt me berre skulda oss sjølve for.

8.min var spelt då Erlend stussa ballen til Richard. Hafslo spelarane skreik til inga nytte på offside, men diverre så avslutta Richard svakt utanfor med venstrefoten.

Omgangen største sjanse kom etter 23 minutt. Nok ein gong vart Arne spelt nydeleg gjennom av Helge, men åleine med keeper fekk han ikkje til noko skikkeleg avslutning og det heile enda med at han tuppa ballen utanfor. Særs synd at ikkje den storvokste spissen fekk seg ei scoring her. Det skal seiast at Arne jobba som ein helt og trøkka til i alle duellar i dag, men diverre vert han i dag straffa for å ha den beste fysikken i 6.divisjon, og gong på gong fekk han frispark blese i mot seg.

Hafslo var ikkje heilt ufarlege dei heller, og heile kampen gjennom så lukta deira raske spissar på bakrom, men forsvaret til VIL rydda som regel greit unna. Deira største sjanse i 1.omgang kom etter 25 min då Dag Ådne Hatlevoll avslutta i tverrliggaren frå ca 20 meter, nesten for Hafslo dette.

Resten av omgangen trykka Veitastrond bra på, og viste i periodar mykje bra spel og kom seg på dette tidspunktet til mange avlsutningar på mål. Nærast kom Geir då han stupheade ein corner like over buret til Hafslo sin solide sisteskanse Andreas Søhoel.

Det ebba ut med 0-0 til pause etter ein underhaldande og nervepirrande omgang. Me føler heilt klart at me skulle ha putta både eit og to mål, men likevel eit greit pauseresultat. Utan at det var noko grisespel i 1.omgang så delte dommar Stian Holm ut 3 gule kort (2 til Strondi og 1 til Hafslo) - noko som etter vår meining var 3 for mykje.

2.omgang var 9 minutt gammal då Veitastrond angreip på høgresida. Helge og Bjørn kombinerte fint, og sistnevnte fekk etterkvart lagt eit presist legg der han traff Arne som stanga inn 1-0 til VIL. Ei enorm letting for Veitastrond å endeleg få hol på byllen.

Kor lenge var Adam i paradis? Hafslo tok avspark, eit spark bakover før den lange passninga på venstrekanten vart slegen presist. Runar Hatlevoll tok med seg ballen og skar inn i boksen. Geir prøvde å takla, men vart eit tiendel for sein og felte Hatlevoll, og dommar Holm hadde ikkje mykje anna val enn å dømma straffe til Hafslo. Denne tok veteran Torgeir Kjos Wenjum seg av, og han var sikrare enn Luster Sparebank og dermed 1-1. På ca 3 min fekk altså publikum 2 scoringar.

Rett etter utligning var faktisk VIL særs nær å gå opp i ei ny leiing. Richard stussa ballen til Erlend som avslutta bra frå skrått hold, men nok ein gong var Søhoel i HIL buret med på notane, og fekk slå til corner. Denne vart det og ein farleg sjanse ut av, men Even nikka diverre utanfor.

Etter dette så dalte kvaliteten på spelet mykje. Hafslo pakka igjen bakover og prøvde heile tida å slå i bakrom, men VIL-forsvaret hadde som regel bra kontroll. Kampen føregjekk for det meste på midtbana og dei heilt store sjansane uteblei. Det vart etterkvart mykje duellspel, og utover i 2.omgang så sanka me 3 nye gule kort. Det mest omdiskuterte av desse var utvilsamt då Emil var først på ballen i ein duell for så at Torstein Fardal kom brasande inn med knottane føre i Emil. Soleklart frispark til VIL, og gult kort til Fardal, men i staden så ga dommaren Haflso frispark og Emil det gule kortet. Utvilsamt ein horribel dommaravgjørelse dette, men likevel så lyt me frifinna dommaren då han etter kampen innrømma at han rett og slett tok feil i situasjonen, og at det sjølvsagt var Fardal som skulle hatt kortet og VIL som skulle hatt frispark.

Det var i periodar antydning til temperatur både på bana og på benken, men strengt tatt ikkje meir enn det bør vera i eit lokaloppgjer som dette.

På slutten såg det mest ut som VIL hadde gitt opp å bryta gjennom forsvaret til HIL, og det var bortelaget som var farlegaste på slutten. Til trass for at dei trykka på og skapte eit par halvsjansar klarde dei ikkje å få uttelling og det heile enda til slutt med poengdeling 1-1.

Alt i alt må ein seia at poengdeling var eit greit resultat. Kanskje hadde me meir banespel og skapte nokre fleire sjansar, men Hafslo forsvarte seg meget bra og er alltid farlege på kontringar. Med dette resultatet er framleis Hafslo 4 poeng føre VIL, og sannsynlegvis må me vinna dei resterande 5 kampane for å ha nokon som helst sjans til vinna avdelinga.

VIL STJERNA

Denne gongen er det Gunnstein Hilleren som får æra av å dela ut stjernene. Gunnstein har gjennom 4 år vore ein våre mest trufaste supportarar, og meiningane hass om laget har til tider vore sterke. Her er dagens dom;

*** Emil Heggestad

** Øivind Kristiansen

* Arne Nes

 

Kampfakta;

VIL (3-4-1-2); Gøran - Øivind (Kim Andre), Even, Geir (Ivar) - Helge, Emil, Petter, Erlend (Øyvind) - Bjørn (Frank) - Richard (Vidar), Arne

Ubenytta reservar; Jon Arne, Ole Kristian og Øystein

Hafslo; Andreas Søhoel, Torstein Fardal, Knut Bøe, Dag Ådne Hatlevoll, Hans Petter Fardal, Lars Bruhaug, Kristoffer Sterri Carlson, Runar Hatlevoll, Eirik Skorpen, Marius Sviggum, Torgeir Kjos Wenjum, Arve Bøe, Marius Skjerven, Erling Linde, Thor Kristian Svortevik og Ørjan Fåberg

1-0 Arne Nes (Bjørn Molland)

1-1 Torgeir Kjos Wenjum

Gule kort; Arne, Emil, Petter, Erlend og Helge (VIL) Eirik Skorpen (HIL)

Dommar; Stian Holm (stort sett god)

Dagens kommentar; Eirik Skorpen beskyldar Vidar Vadseth for holding i feltet, der Vidar svarar; "Eg helde deg ikkje - eg yte deg din bodl"

Fleire bilder frå kampen finn du HER

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com