Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Sogndal 3 - Veitastrond 0-4

Veitastrond spelte til tider feiande flott fotball då dei i dag valsa over SIL3. Til slutt vann dei 4-0 etter å ha leia 1-0 til pause.

Hildegunn Heggestad har i dag overført kampen live på gjesteboka, så dette referatet vert kanskje ikkje så utfyllande som det brukar. Glimrande tiltak av oppdama vår dette!

I 1.omgang hang SIL3 bra med, sjølv om det var VIL som hadde det meste av banespelet og skapte dei få sjansane som var. SIL3 på side var bra heilt til dei kom ca 20 meter frå VIL-buret, men derifrå og inn mangla dei giftige spissar til at det skulle bli noko farleg.

Fyrste store sjanse fekk Richard etter ca 10 min. Emil spelar han nydeleg gjennom, men mottake er dårleg og han rotar det til for seg. Prøver til slutt å passa til Vidar, men det heile endar opp i ingenting.

5.min seinare kom Emil på eit av sine klassiske raid på høgre kanten. Han forserte det som var av SIL-spelarar, men kom diverre litt for skrått så avslutninga gjekk utanfor. Her skulle nok den godeste Emil ha avslutta raidet med å lagt ballen på foten til Vidar som sto mutters åleine på 5 meter.

Etter dette hadde SIL3 sine beste sjansar i omgangen, men det vart aldri det heilt store ut av det for unggutane deira.

Etter vel ein halvtime spelt kjem kveldens fyrste scoring. Richard blir spelt fri ut på høgrekanten der han får allverdens med tid til å sikta inn eit nydeleg innlegg som treff Vidar på pannebrasken inne i feltet, og dermed 1-0 i favør VIL. Ein perlescoring av dagens spisspar dette.

Resten av omgangen kontrollerar VIL, medan SIL3 pådrog seg to gule kort.

VIL leia fortent 1-0 til pause. Sjølv om det skal nemnast at det ikkje var snakk om noko overkøyring i dei fyrste 45. SIL3 var bra med på notane, men med fare for å repetera meg sjølv så skapte dei særs få sjansar.

2.omgang var berre 6 min gammal då Emil kasta langt frå venstre kanten. Bjørn fekk lurt med seg ballen forbi sin oppassar, og avslutta framifrå frå ca 20 meter. Ballen fauk som ei kanonkule bak ein sjanselaus SIL keeper, og dermed 2-0 til VIL. Ein kjempe start på 2.omgang for VIL...

Etter den forløysande 2-0 scoringa til Bjørn fekk verkeleg VIL senka skuldrane, og resten av kampen var det stort sett berre eit lag på bana. Anført av ein botnsolid 3`ar i forsvar og ein framifrå 5`ar på midten dominerte VIL stort sett alle fasar av spelet, og kanskje er denne perioden noko av det mest solide me nokon gong har prestert.

Etter 57 spelte minuttar rulla VIL nok ein gong nydeleg opp. Emil byrja det heile frå venstrekanten, passa til Bjørn som sende den vidare mot høgre til Helge. Han la presist inn på fyrste stolpe der nok ein gong Vidar dukka opp og tappa ballen inn til 3-0 til VIL.

Kveldens siste nettkjenning kom etter 70 min. Bjørn byrja det heile frå djup midtbane, spelde til Ivar som spelde Bjørn igjennom som elegant satte inn sitt andre og VIL sitt 4.mål før kvelden. Nok ein gong flotte kombinasjonar som ga VIL ei scoring.

Etter 4-0 scoring gjorde VIL mange bytter, og kampen opna seg opp på slutten. Dette førde til at det vart ein del halvsjansar til begge laga, men nokon fleire scoringar vart det ikkje.

Ein meget imponerande 4-0 siger til VIL dette. 3-4-1-2 formasjonen har vore ein stor suksess denne haustsesongen, og me verkar solide både framover og bakover for tida. Forsvaret, og midtbana fungera utruleg bra, og i dag fekk me i tillegg inn Vidar på topp, som viste at han veit å omsetta sjansane sine i mål. 

VIL-STJERNA

Denne gongen er det VIL sin største fan; John Molland som står for utdelinga. Ingen har nok sett fleire kampar med VIL enn denne mannen, og han uttalde etter kampen at dette var noko av det beste han hadde sett av VIL-fotball. Han valgte i dag å gje stjernene til dei tre E`ane i fylgjande rekkefølgje;

*** Even Kvam

** Emil Heggestad

* Erlend Siem

 

Kampfakta;

VIL (3-4-1-2); Gøran - Øivind (Ole Kristian), Even, Geir (Jon Arne) - Helge (Jan Erik), Emil, Petter (Frank), Erlend (Ivar) - Bjørn - Richard (Øystein), Vidar (Øyvind)

0-1 Vidar (Richard)

0-2 Bjørn (Emil)

0-3 Vidar (Helge)

0-4 Bjørn (Ivar)

Gule kort; 3-4 til SIL3

Dommar; Stian Holm (God)

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com