Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Aurland/Lærdal 2 - Veitastrond 3-4

Veitastrond vann i dag fullt fortent 4-3 borte mot Aurland/Lærdal 2. Veitastrond førde det meste av kampen, men grunna stort sjansesløseri og enkle baklengsmål vart det meir spanande enn det burde. Med denne sigeren er me no så godt som sikra 2.plassen, og kan bruka all vår energi på å ta att Hafslo som framleis leiar avdelinga. 

Kampen byrja nervøst i dag innpå den enorme bana i Aurland, og ingen av laga tok noko skikkeleg grep om kampen før det var gått ca 10 min. Då fekk Håvard Takle Sanden ballen på ca 30 meter, han vendte om og klinka ballen i hjørnet. Ei nydeleg scoring og eit lukketreff av dei sjeldne og 1-0 til heimelaget.

Etter denne kalddusjen for VIL tok me ein samling i bånn, og byrja å bombadera Aurland buret. Me varta opp flotte kombinasjonar og storspel. Einaste som mangla var at me klarde å putta ballen bak motstanderen sin keeper;

14.min, Bjørn fekk ballen på 16 meter, men skaut over.

15.min, Richard vart nydeleg spelt gjennom, runda keeper, men frå skrått hold sette han ballen utanfor på åpe mål...!

18.min, keeper er på bærtur, ballen endar hjå Helge på 20 meter, han skyt mot det opne målet, men ballen treff tverrliggaren

19.min, corner til VIL som havnar på hovudet til Vadseth, men han nikkar over mål

22.min, etter flotte kombinasjonar avslutta Bjørn frå 16 meter, men keeper slo ballen over

Så hadde Aurland/Lærdal2 eit par halvsjansar, men Gøran og forsvaret fekk som regel rydda greit opp. I tillegg fekk Øivind vårt einaste gule kort på grunn av munnbruk. Fy skam deg gutt!

34.min, Øyvind spelt fri på venstrekanten og kom åleine med keeper frå skrått hold. Keeper redde i fyrste omgang, men ballen dala ut til Vidar på 8 meter, men han bomma regelrett på ballen og heimelaget fekk nok ein gong rydda unna.

35.min, Helge spelar gjennom. Richard og Vidar er begge etter ballen, og Vidar når fyrst fram, men avsluttar utanfor.

SÅ etter 36 min. Emil får ballen på venstrekanten, driv ned til dølinja og legg inn på fyrste mot Richard. Han er eit halvt sekund for seint ute så ein forsvar spelar er fyrst på ballen, men han skyt den berre i leggen til Richard og ballen trillar utagbart inn i hjørna. Ei noko heldig scoring, men gubbevare meg så utruleg fortent!

Med denne scoringa fekk VIL verkeleg blod på tann, og to minutt etter får me frispark frå 18 meter. Alle ventar skot frå Emil, men han tek det heller kjapt og trillar ballen til Helge som dunkar ballen inn i buret. Keeper burde nok ha teke skotet til Helge, men det bryr me oss ikkje så mykje om - 2-1 til VIL!

Like etter scoringa til Helge hadde me ein ny stor sjanse. Richard la ballen inn frå høgre, men både Øyvind og Øivind bomma på ballen og den trilla til slutt utanfor.

I det me skulle til å gå til pause med ei fortent leiing kjem A/L2 på ei sjeldan visitt. Dei får avslutta frå 18 meter med det som er ei skikkeleg lompa og ballen går inn bak ein ikkje heilt kompetent Gøran i denne situasjonen.

Etter å ha varta opp med sjanse på sjanse og storspel kan me nesten ikkje fatta att me går til pause med 2-2. Hadde ikkje vore mykje å sagt på om me hadde leda med både 3 og 4 mål.

Mot slutten av 1.omgang byrja det å blåsa opp inne i Aurland. Til vårt hell fekk me denne vinden rett i fleisen, slik at me kunne gå ut til 2.omgang med ein skikkeleg medvind i ryggen. Dette talde utvilsamt til vår fordel.

2.omgang var prega av eit VIL lag som framleis hadde ballen klart mest, men spelet sat ikkje alltid like godt og spelet vart til tider litt for oppjaga. Likevel var det heilt klart me som skapte dei fleste sjansane også i denne omgangen.

Etter ca 60 minutt fekk endeleg Vidar Vadseth hol på byllen. Vidar som brukar å vera effektiv brende ein del sjansar i 1.omg, og det var ein letta goalgettar som sette eit innlegg frå Richard i nota. Sjøl om dette heller ikkje var eit lykketreff akkurat, men ballen hompa uansett inn i aurland-buret.

Samme Vidar var like før målet sitt sikker på straffespark då han vart nedsprungen i det han skulle heada ballen mot mål. Det han ikkje visste var at det var Ivar som kom bøksande i han bakfrå, og saman klarde dei å spolera ein god VIL-sjanse. Eit godt bilde på korleis denne kampen var for oss....

Med 3-2 fekk me trua på at me skulle klara å punktera denne kampen, men nok ein gong lot me heimelaget få komma inn i kampen. Ein aurlending fekk trokla seg gjennom VIL-forsvaret, Gøran kom ut, men klarde ikkje å få skikkeleg tak på ballen og den havna hjå Leif Tore Aasen på ca 12 meter. Medan Gøran framleis låg nede, gjorde han ingen feil og satte ballen inn i det tomme buret til 3-3 , og nok ein gong var me like langt.

Like etter kom kampens mest kontroversielle situasjon. Helge la ballen inn frå høgre, den traff ein aurlending som sende ballen mot eige mål, keeperen fekk nesten kontroll, men fomla det til for seg og ballen var (I følge Vidar) 65 cm over streken. Likevel så dømde ikkje dommar Jarle Andersen mål. Kanskje var han trøytt etter ei lang valnatt så han ikkje orka å vera heilt oppe i situasjonen, for frå hass posisjon kunne han umogleg dømma mål sa han....

Heldigvis vart ikkje denne situasjonene avgjerande for kampen - det ville mildt sagt vore utruleg bittert. Like etter kom nemleg Øyvind seg nydeleg gjennom på venstrekanten. Han kom heilt ned til linja, og la 45 grader til Bjørn som enkelt førde VIL på ny opp i leiing.

På slutten klarde må ri av ein liten Aurland storm, og me tok med oss 3 utuleg fortente poeng heim til Veitastrondi. Sjølv om me var det førande laget vart det ein skikkelg arbeidssiger i dag, og den smakte fortreffeleg. Utvilsamt mykje bra å ta med seg frå denne kampen for VIL-fotball!!

VIL-STJERNA

I dag var det ingen VIL-supportarar som hadde teke turen til Aurland. Difor satte me vår superreserve Øystein Heggestad til å dela ut dagens stjerner. Han har følgande utvalde i dag;

*** Bjørn Molland

** Øyvind Lien

* Helge Skjælaaen

Gratulera til dagens stjerner!!

 

Kampfakta;

VIL (3-4-1-2); Gøran - Øivind, Even, Ivar (Kim Andre) - Helge, Petter, Emil, Øyvind (Jan Erik) - Bjørn - Richard, Vidar

Ubenytta reservar; Jon Arne og Øystein

1-0 Håvar Takle Sanden

1-1 Richard (Emil)

1-2 Helge (Emil)

2-2 x

2-3 Vidar (Richard)

3-3 Leif Tore Aasen

3-4 Bjørn (Øyvind)

Gule kort; Øivind.

Dommar; Jarle Andersen (god)

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com