Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Hafslo 1-9 (?)

Det vart ein heller trist kveld for VIL fotball i kveld. Seriefinalen mellom Veitastrond og Hafslo vart ikkje fullt så jamnspelt som me hadde trudd før kampen. Hafslo gjorde som dei ville på slutten, og vann til slutt 9-1. Det er rett og slett pinleg og flautt, men me får berre tru at det vert eit liv og etter denne kampen... 

Det vart ei heller hektisk oppladning til denne kampen. Mange av heimelaget sine spelarar, Hafslo-spelarane og dommar Torstein Egil Kvam vart alle ståande i kø i strandavegen grunna asfaltering. Dette gjorde at det vart ca 10 min oppvarming. For vår del var det ellers eit skår i gleden at Petter, Jan Erik og Jon Arne måtte melda avbud til denne kampen. Av desse tre var særleg Petter sårt sakna på midtbana, og me har nok ikkje nokon i stallen som gå inn å erstatta den jobben han legg ned i løpet av 90 min. Valet i dag vart å trekka Richard ned på midten medana Arne og Vidar starta på topp.

Det skal ellers seiast at det regna apekattar på Strondi i kveld, og ei suppande gjennomvåt Leikvoll innbyr ikkje akkurat til finspel. Difor var det duka for mykje duellspel i dag, eit spel som Hafslo jamt over var meir innstilt på å meistra enn strendingane.

1.omgang var for det meste tett og jamn, der Hafslo var best i første halvdel og me var hakket vassare mot slutten. Einaste scoring var det Hafslo som fekk då dei etter mykje klabb og babb i feltet fekk tuppa ballen inn etter 10 min. Alt for passivt av VIL-spelarane inne i boksen i denne situasjonen. Bortsett frå målet hadde begge lag plenty sjansar, men det vart med det eine støytet i 1.omg.

Veitastrond pådrog seg 3 gule kort i denne omgangen. Bjørn fekk sitt andre for sesongen, medan Even og Geir fekk kvar sitt tredje og må stå over neste kamp.

0-1 til pause, men heilt klart trua på at dette kan gå vegen. Stao nao pao kara....

2.omgang var ca 5 min gammal då kampen på mange måtar vart avgjort. Arve Bøe vert spelt gjennom for Hafslo og er hakket raskare enn Even. Even kjem borti foten til Bøe og det andre gulet kortet verkar klart. At dommar Kvam valde å gje direkte raudt var vel i strengaste laget, men ut måtte han vel lell...På det påfølgande frisparket scora Hafslo, og me var dermed under med 0-2 og 10 mann.

Like etter 0-2 hadde me ein framifrå sjanse til å redusera då Emil vart spelt åleina med keeper, men han avslutta i tverren og ut.

Så scora Hafslo 0-3, Emil var nok ein gong nær då han skaut direkte får avspark, men nok ein gong i tverren. Var liksom ikkje Veitastrond sin dag dette.

Så scora Hafslo sitt 4., 5., 6. og 7.mål. Kan vel strengt tatt sei at det på dette tidspunktet rakna litt for oss. I eit desperat forsøk på å komma tilbake prøvde me oss i ein 2-5-2 formasjon, utan at dette vart ein umiddelbar suksess...

SÅ...i det Hafslo leiar 7-0 og alt virkar som mørkast for heimelaget får me brått eit skikkeleg lyspunkt i denne kampen. Øystein er kommen innpå for VIL, og det er han som spelde gjennom Arne som vert felt inne i boksen, og straffe til VIL.

Det var sjølvsagt ingen tvil om at Øystein skulle ta dette straffesparket, og nok ein gong var det klart for duellen Øystein Heggestad vs Andreas Søhoel. For dei som ikkje er informerte så avgjorde Øystein starffekonken i kvartfinalen i Kjempenes Liga 2006 for Jarvamyri, også den gongen var det Andreas som sto i mål hjå motstandaren. Det var mildt sagt eit fantastisk augneblink, og no var det på ny duka for duell mellom desse to.

Øystein plaserte ballen på krittmerket, tok fart og plasserte ballen iskalt heilt nede ved stolperota. JEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEESSS, straffekongen gjorde det igjen. Dei få supportarane som trossa regnveret braut ut i ekstase, og spelarane jubla vil og heminslaust for Øystein. Det var ikkje langt i frå at Hafslo spelarane og flokka seg rundt å jubla saman med VIL ved denne scoringa. Me veit dette betyr mykje for Øystein og me gledar oss alle med han, og vonar at han vil leva lenge på denne!

På slutten scora visst Hafslo eit par til og til slutt enda det med 1-9. Alt i alt viser Hafslo at dei er avdelinga sitt soleklart beste lag, og me må berre krypa til korset og gratulera Hafslo med denne sigeren. Dei har eit ungt og entusiastisk mannskap, og meget imponerande at omtrent samtlege av spelare er fullblods hafslobøgdingar.

På den regntunge Leikvoll vart det mykje duellspel i dag, men trass i at det vart mange tak var tonen mellom spelarane for det meste god. Einaste som ikkje var i godluna i dag var Torstein Egil Kvam som var reine furtebroka gjennom samtlege 90 minutt. Spesielt skuffa var me at han virka like furten etter kampen, og for første gong han dømde oss på Leikvoll så tok han seg ikkje tid til vaffla, kaffi og koseprat etter kampen. Me vel å tru at han berre hadde ein dårleg dag, og han er seg sjølv neste gong han vitjar Strondi...

Dette var forresten det største tapet me nokon gong har hatt. Den forrige rekorden var då me tapte 4-10 mot SIL tidlegare i sesongen. Det vil seia at me denne sesongen har opplevd å ta våre to største sigerar (19-2 og 13-0 mot Norane) og samstundes vorte påført våre to største tap 1-9 og 4-10. Det går opp og ned i showbuisness....

VIL-STJERNA

Kurt Heggestad hadde i dag den tvilsamme æra å måtte plukka ut VIL sine beste spelarar. Valet falt på følgande;

*** Emil Heggestad

** Øyvind Lien

* Øystein Heggestad

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Øivind (Ivar), Even, Geir (Kim Andre) - Helge, Richard, Emil, Øyvind (Ole Kristian) - Bjørn (Øystein) - Vidar, Arne

0-1 x

0-2 x

0-3 x

0-4 x

0-5 x

0-6 x

0-7 x

1-7 ØYSTEIN HEGGESTAD - HERO OF THE DAY

1-8 x

1-9 x

Gule kort; Even, Bjørn og Geir

Raudt kort; Even

Dommar; Torstein Kvam (for det meste bra til trass for at han hadde suredagen i dag...)

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com