Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Norane 11-2

 

Veitastrond vann i dag komfortabelt 11-2 heime mot Norane. Med dette fekk me ein fin avslutning på Leikvoll i årets sesong. Dagens kamp var prega av lågt tempo, lite finspel og to lag som hadde lite å spela for.

 

Grunna Champions Leauge og tidsnød vert referatet det som Frank Heggestad (1.omg) og Helge Skjælaaen (2.omg) noterte gjennom kampen;

2 min; herleg vending av Arne til Vidar, men går ut til kast

3 min; kjempesjanse til Erlend på bakerste, men nett utom!

5 min; Richard! stikk igjennom på eit gj.spel frå Erlend og scorar sikkert åleine med keeper. Norane vil ha offside, men Jarle Andersen er sikker i si sak.

8 min; Arne set eit legg frå Helge kontant i nota, 2-0

9 min; Arne til Emil som headar enkelt i mål. Flott angrep. 3-0

10 min; Frank Nyheim har ropt offisde på samtlege av Strondi sine angrep so langt.

12 min; 4-0. Arne utnyttar forsvarstabbe hjå NIL og scorar enkelt

20 min; Richard med kjempesjanse, like utanfor

21 min; Kent Fimreite, ans red i Hallo Sogn entrar bana

32 min; Gult kort til Erlend. Sparka vekk ballen.

33 min; Erlend scorar etter fint spel og passning frå Arne. 5-0

33 min; Norane rett opp og scorar ved Terje "Andy Johnsen" Tonheim, 5-1

40 min; Emil med skot frå 25 meter, men stolpe og ut

Pause - Veitastrond opna forrykande og leia 4-0 etter 12 min. Etter det slokna VIL laget litt, og Norane var fultt på høge på slutten av omganen. I pausa gjekk Erlend, Ole Kristian og Helge ut, medan Frank, Jon Arne og Jan Erik kom inn.

49 min; Ivar sender i veg eit langskot, men 5 meter utanfor.

Publikum er i ekstase i denne topp mot botn kampen. Det ser ut til å gå mot opprykk!

53 min; Fint opprulla angrep. Emil slår inn og Arne scorar sikkert. 6-1

56 min; Richard slår mellom beina på ein spelar. Bjørn er igjennom og scorar 7-1 (skal seiast at Richard ikkje var borti denne, så Emil får assist direkte frå kast)

59 min; Richard slår til Emil som set ballen fint i hjørnet, 8-1

Snart halvspelt omgang og det kan sjå ut som det går mot VIL siger.

65 min; Ole Kristian kjem inn som keeper, Gøran går opp som spiss for Vidar

70 min; magisk augneblink. Arne spelar Gøran gint igjennom, som scorar kaldt og roleg

72 min; Gøran scorar igjen. 10-1

75 min; Bøys med innlegg som Arne på bakerste headar i kassen, 11-1

79 min; Arne blir spelt igjennom av Bjørn, men avsluttar utanom.

Vidar har på dette tidspunktet teke over som skribent, men undertegna har store problem med å tyda handskrifta.

83 min; Ørjan Skrøppa med pansertakling på Frank. Blir nok diskutert på kontoret denne.

85 min; Frank tek at på Skrøppa

86 min; 11-2 Stein Magnar Ruhe

90 min; Corner til VIL frå Bjørn, men blir avklart.

90 + 3 min; Slutt for i år på Leikvoll Stadion.

Veitastrond vann greit i ein kamp som aldri vart prega av det heilt store spelet. Kampen nådde utvilsamt sitt klimaks då Ørjan Skrøppa grisetakla Frank, som visste at han framleis har si goe gamle tenning inntakt!

VIL-STJERNA

Dagens stjerner vart delt ut av Even Kvam som diverre måtte sona karantene. Han tok sjølvsagt likevel turen til Strondi for å sjå laget sitt. Valet hass falt på;

*** Arne Nes

** Gøran Fimreite

* Ivar Melby

 

Kampfakta;

VIL (3-4-1-2); Gøran - Ivar, Øivind, Ole Kristian (Jon Arne) - Arne, Emil, Erlend (Frank), Helge (Jan Erik) - Bjørn - Richard, Vidar

1-0 Richard (Erlend)

2-0 Arne (Helge)

3-0 Emil (Arne)

4-0 Arne (Ivar)

5-0 Erled (Arne)

5-1 Terje Tonheim

6-1 Arne (Emil)

7-1 Bjørn (Emil)

8-1 Emil (Richard)

9-1 Gøran (Arne)

10-1 Gøran (x ????)

11-1 Arne (Jan Erik)

11-2 Stein Magnar Ruhe

Gult kort; Erlend

Dommar; Jarle Andersen (nesten like god som potekakene til Rakel)

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com