Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Balestrand - Veitastrond 4-7

Veitastrond tok i dag farvel med 6.divisjon ved å tapa 4-7 mot Balestrand. Kampen var stort sett jamnspeld, men grunna store defensive problem så kom Balestrand alt for lett igjennom og fekk ei rekke billige mål.

Før kampen var det stort fråfall, og Emil satte i tillegg seg sjølv på benken. I staden lot han Jon Arne og Ole Kristian få sjansen frå start i midtforsvaret saman med dagens kaptein Øivind Kristiansen.

For VIL sin del byrja kampen forrykande, og dei fyrste 20 minutta spelde me ball i hatt med heimelaget. Jan Erik fekk den fyrste sjansen då eit frispark gjekk over heile feltet til Bøysen, men han fekk ikkje skikkeleg klem på headinga og Sværen i BIL målet plukka enkelt.

Kveldens prestasjon kom etter 17 min. Eit utspel frå Balestrand keeper vart plukka opp av Richard ca ved midtbana. Utan nokon spesiell plan så tok han med seg ballen og dribla seg forbi både 1, 2, 3 og 4 (sikkert endå fleire og...) mann og kom til slutt åleine med keeper og avlsutta iskalt med venstrefoten. Eit nydeleg soloraid og dermed 1-0 til VIL.

Bjørn som framleis hadde håp om å kapra toppscorartitellen frå nettopp Richard ville ikkje vera noko dårlegare, og berre 3 minutt etter fekk han ballen ute på høgresida. Alle venta her eit innlegg, men Bjørn valde heller å plassera ballen i motsatt kryss bak ein forfjamsa Balestrand målvakt.

Med ein slik pangstart var det ikkje godt å veta kor dette skulle enda.

Vel, etter 22 minutt svarar heimelaget då angriparen deira vert spelt igjennom og får gå heilt åleine og puttar enkelt inn til 1-2.

Etter å ha svinga fram og tilbake ei lita stund scora Balestrand to nye etter 32 og 33 minutt. Nok ein gong var VIL ute å køyra på det defensive og Balestrand utnytta dette godt, og dermed hadde dei plutseleg snudd kampen.

Etter 37 minutt kom dagens klaraste gule kort då Øyvind Lien måka ned Øyvind Neset (nevøen til strendingen Bjarne Neset), men av ein eller annan grunn lot dommar Rømmen Lien sleppa unna med moderat tilsnakk...

Det såg ut til å ebba ut til pause med 3-2, men så etter 43 minutt sprang Arnstein Menes i frå VIL forsvaret (trudde ikkje dette var mogleg..), og satte inn 4-2. Og berre 1 minutt etter får ein Balestrand spelar ballen på 20 meter med ryggen mot mål. Han dundrar til det han er kar om, ballen kjem ned med eit lett snølag på og vår kjære målmann Gøran Fimreite må nok ta det på si kappe at denne ballen utruleg nok dalte inn i mål.

Pause i Balestrand med 5-2 til heimelaget. I kvilen bytte me ut Jon Arne og satte innpå Emil. I tilleg gjekk Ole Kristian inn i mål og Gøran gjekk opp som spiss. Me la med dette om på det meste av laget.

2.omgang var prega av eit VIL lag som hadde ballen mest, men som til tider ville litt for mykje utan at det vart noko resultat eller finspel ut av det. Balestrand på si side låg lågt med laget og kvar gong dei fekk ballen så mosa dei den så langt dei kunne opp mot spissane sine.

Begge lag hadde gode sjansar i byrjinga av omgangen der Balestrand var nærast med eit stolpeskot.

Omgangens fyrste mål var det og heimelaget som fekk då Menes nok ein gong kom åleine med keeper og avdelinga si toppscorar scora sikkert åleine med Ole Kristian og dermed 6-2.

Like etter scoringa deira hadde Erlend eit stolpeskot, før me endeleg fekk oss ei ny scoring i det 67.minutt. Etter litt klabb og babb fekk Øyvind gitt ballen til Emil som dundra ballen i krysset frå ca 18 meter. Nok ei perlescoring frå VIL.

Etter 31 minutt fekk Veitastrond korrekt annulert eit mål då ballen hadde vore bak mål i situasjonen før.

Dagens VIL-kaptein Øivind Kristiansen vart etter 38 minutt den einaste spelaren som kom i dommaren si bok då han fekk gult kort for ei herleg takling...

På det påfølgande frisparket skrudde Rein Isane på Balestrand ballen rundt muren og inn i VIL-buret og dermed 7-3 på Kreklingen.

Like etter scoringa var Øystein Heggestad svært nær å på ny scora då han på ein corner dempa ballen nydeleg på bakerste, men avslutninga gjekk diverre like over.

Dei siste 10 minuttande klarde VIL å skapa eit visst trykk, og heilt på tampen lukkast dei på ny. Øystien braut nydeleg på midten, passa til Richard som la ei nydeleg passning igjennom til Bjørn som fastsette sluttresultatet til 4-7. Heilt heilt på tampen var VIL nok ein gong nær, men headinga til Richard gjekk i tverren.

Og med det var det snipp snapp snute også var årets sesong ute...

Ikkje akkurat ein veldig imponerande sesongavslutning for opprykksklare strendingar. Likevel får me unnskylda oss med at me hadde mange spelarar ute, og eksperimenterte ein del med lagoppstillinga. All honnør til Balestrand som kjempa godt og alt i alt vann kampen fortent. No vert det nok ei stund til me skal spela mot Balestrand som må halda fram i 6.divisjon, medan me seier adios amigos og tek heisen opp til 5.divisjon.

VIL-STJERNA

Ingen VIL-fans å sjå i Balestrand i dag. Difor fekk trenar Emil Heggestad ansvaret for å dela ut dagens stjerner. Han sat på benken i fyrste omgang, og dei han meinte var best på VIL i dag var;

*** Bjørn Molland

** Erlend Siem

* Richard Nes

 

Kampfakta;

VIL (3-4-1-2); Gøran - Jon Arne (Emil), Øivind, Ole Kristian - Ivar, Erlend, Øyvind, Kim Andre - Bjørn - Richard, Jan Erik (Øystein)

0-1 Richard

0-2 Bjørn (Ivar)

1-2 x

2-2 x

3-2 x

4-2 x

5-2 x

6-2 x

6-3 Emil (Øyvind)

7-3 x

7-4 Bjørn (Richard)

Gule kort; Øivind

Dommar; Jan Arild Rømmen (som vanleg full kontroll)

Sjå fleire bilder frå kampen og reisa til og frå Balestrand HER

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com