Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Syril 1-5

 

Veitastrond fekk det tøft i møtet med 5.divisjonslaget Syril og tapte 1-5 i Sognahallen på laurdag. I 1.omgang hadde Strondi vanskeleg med å halda følgje i svingane og Syril leia fullt fortjent 3-0. Etter ein del endrinar på laget i pausen kom det seg betrakteleg i 2.omg, men det enda altså til slutt 1-5.

 

Laget som starta for VIL var; Gøran - Jonny, Tor Olav, Ole Kristian, Pelle - Helge, Bjørn, Geir, Petter - Richard, Arne (Erlend inn etter 6 min)

Kampen hadde omtrent ikkje starta før ein Syril spelar stod mutters åleina på 5 meter, og enkelt kunne dunka inn 1-0. Ein kalddusj for VIL som etter dette klarde å summa seg og skapte ein del halvsjansar i første halvdel av omgangen. Erlend var nesten igjennom ved eit par anledningar, medan Richard hadde ein heading utanfor og eit skot i nettveggen. Ellers så sleit laget med å finna rytmen på midtbana, og det er tydeleg at me ikkje er heilt samspelte endå. Utover i 1.omgang fall Veitastrond djupare og djupare og sakpte lite framover, og det var ikkje uventa at Syril satte inn både 2-0 og 3-0.

I pausen gjorde Strondi følgande bytter; Even inn for Ole Kristian, Jon Arne inn for Pelle, Ivar inn for Geir, og Emil inn Erlend. Utover i omgangen fekk og Lasse, Øivind, Arne og Øystein sjansen til å visa seg fram.

Etter kvilen var det eit mykje friskare VIL lag som entra bana. Emil kom inn å skapte litt liv på topp og var svært nær å putta då han kom gjennom på venstre sida. Richard hadde og ein stor sjanse då han skaut over frå 16 meter, til Even Kvam sin store forargelse som var på veg igjennom.

Trass i at VIL hadde sine sjansar var det likevel Syril som putta to mål. Først på ein heading frå 5 meter også på eit skot frå 18 meter. Etter ca 80 min løysna det endeleg for Strondi då Lasse vart felt rett innanfor 16 meteren og Bjørn Molland kunne sikkert setta inn årets første VIL mål. Etter dette dabba kampen av og det heile enda 5-1 til Syril, som forsåvitt gjer eit greit bilde av kampen.

Det er utvilsamt mykje å jobba med i VIL laget. Likevel tek me med oss ein del positive ting i dag, og det er ikkje tvil om at trenarduoen fekk ein del svar på diverse ting i dag. Når me får drilla inn midtbana vår er me sikre på at me kjem til å bita godt i frå oss i årets 6.divisjon. Av dei som utmerka seg positivt i dagens kamp kan me trekka fram; Jonny, Jon Arne, Petter og Emil som alle viste fine tendensar i kampen.

Gule Kort; Even og Øivind

Dommar; Frank Heggestad (dritgod)

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com