Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  KIL2 - VIL 8-2 (6-2)

 

Det vart nok eit braktap på Strondi mot Kaupanger 2 i dag. VIL lakk til tider som ei sil i 1.omgang, og måtte sjå heile 6 ballar bak seg før me gjekk til pause. I 2.omgang jevna det seg ut, og trass stor tap veit me sjølsagt å ta me oss det positivte i dag og.

Strondi starta som venta med følgande lag (4-4-2): Gøran - Ivar, Even, Tor Olav, Lasse - Helge, Bjørn, Geir, Petter - Richard, Emil

Det heile byrja eigentleg meget bra for Strondi. Etter ca eit halv minutt fekk ein kaupsing ballen på ope mål frå 1 meter, men vedkommande valde å spela ballen bakover på bana. Strendingane teinkte med seg sjøl at kanskje alle er lika dårlege på KIL2 og reiste rett i angrep. Helge hadde ballen på høgre sida, la inn i boksen kor Emil kom stupande fram å satte ballen i mål. Oppskriftsemmsig 1-0 teinkte me.

Like etter kom KIL2 inn i sekstanmeteren til VIL. Her sto tre VIL spelarar klare til å fella ballførar, og til sist lukkast det for tredje mann og starffe i mot som Geir Ove Engebø satte sikkert inn. No fekk verkeleg KIL2 blod på tann, og anført av spelande trenar Geir Erik Røysi og Kenneth Teigen sentralt på midten køyrde dei til tider over VIL i ein periode i 1.omg. 2-1 kom då Teigen fekk ballen på 16-meter og dunka den inn, 3-1 kom når Gøran feilberegna ein ball og Engebø kunne setta inn sitt andre for dagen. Samme Engebø fullførte sitt hattrick då han tappa inn eit innlegg, medan Teigen scora sitt andre og altså 5-1. Dette var ein periode av kampen kor KIL2 satsa 110% framover og me hadde store problem med å halda følge med deira eminenete midtbane og kjappe spissar.

Etter dette roa det seg litt og VIL fekk tid til å summa seg. Me fekk flytta laget litt høgare og like etter kom Bjørn åleina med keeper etter nydeleg gjennomspel av Helge og då var det sjølvsagt redusering til 2-5. Diverre fekk KIL2 endå ein scoring før pause då Engebøen fekk krangla inn sitt 4.mål for dagen, og laga kunne gå til pause med 6-2.

Eit lettare sjokka VIL lag nekta å henga med hovudet i pausen og gjekk til 2.omgang klare til å visa at dei kunne bedre. I pausen kom Frank Robert og Bjarte inn for Ivar og Lasse. Dette var debuten til Frank Robert, som seinast i fjor spelde 3.divisjon med Kaupanger. Han viste til tider klasse og kjem garantert til å bli ein hit i årets 6.divisjon.

I første halvdel av 2.omgang klarde Strondi å bita seg fast på KIL sin halvdel og burde i denne perioden ha klart å redusera fleire gonger. Richard kom gjennom etter nydeleg framspel av Emil, men skaut så hardt han kunne rett på keeper - litt kaldare i slike situasjonar så blir det nok etterkvart fleire mål for dei blåe!

2.omgang vart etterkvart ein ikkje alt for velspeld affære. Mange bytter på begge lag og eit forrykande regnvær som ga mange slitne bein må nok ta skulda for at kvaliteten sank noko. For VIL kom Øivind, Arne og Ole Kristian inn utover i omgangen. Veitastrond hadde fleire store sjansar, og nærast var Emil då han skaut i stolpen. Også Arne var frampå ved eit par anledningar, men var uheldig i avslutningsøyeblikket. I staden for nokre reduseringar så var det KIL2 som fekk to nye flaksemål på slutten, og kampen ebba til slutt ut med 8-2 til grøntrøyene.

Eit forferdaleg resultat som det er vanskeleg å gøyma seg bort frå. Men som mot Syril, kan me også i denne kampen sjå mykje positivt i VIL laget. Midtbana fungerte mykje bedre i dag, og me fekk sjå at både Helge og Bjørn var mykje meir aktive i dag. Dette er to spelarar som om dei lukkast vil gje eit enormt løft for heile laget. I dag var det bakover me sleit mest. Me sto til tider for høgt slik at KIL2 med sine raske spissar fekk komma gjennom gang på gang. Etterkvart fekk me justert dette, og då hadde me brukbar kontroll. Ein del av baklengsmåla i dag kjem som direkte følger av personlege feil. Dette er sjølvsagt ting me lukar vekk til seriestart. Offansivt fungerer det til tider brukbart og litt bedre avslutningar i dag så kunne me fått mange fleire mål.

Me tek som sagt med oss det positive og ser fram til halda fram det gode treningsnivået me har hatt hittil....

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com