Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Nordre Land jr - Veitastrond 1-0

 

Trass i tap mot juniorane frå Dokka, gjennomførte eit skadeprega VIL lag ein meget bra kamp. Bakover hadde laget stort sett kontroll, og med litt meir tur i avslutningane hadde me nok satt inn både eit og to mål.

 

Før kampen meldte Jon Arne og Lasse avbud medan Arvid kom inn slik at troppen til VIL talte 13 mann. Laget som spelte var;    Ole Kristian - Ivar, Even, Øivind (Øystein etter 46), Pelle - Helge, Richard (Arvid etter 20), Geir, Bjørn - Emil, Vidar

Veitastrond hadde i denne kampen fokus på at heile laget skulle jobba i sona samt at me skulle jobba mykje tettare i kvart av ledda. Dette klarde me stort sett å gjennomføra meget bra. Veitastrond opna meget bra og tidleg i kampen hadde Richard eit skot frå ca 20 meter som diverre skrudde feil veg og traff stolpen. Ikkje lenge etterpå kombinerte VIL meget bra og ballen enda til slutt hjå Vidar som fekk god tid på ca 15 meter, men traff ikkje skikkeleg reint å ballen gjekk rett på keeper.

Etter ca 20 minuttar vart det dramatisk i Årdal då Richard gjekk opp i ein duell, men traff ikkje anna enn albågen til spelaren frå Nordre Land. Blodet rann frå alle kanalar i nasen medan sjølve nasen peikte ein annan veg enn det den brukar å gjera. Her kunne ein trygt konstantera nasebrot, og Arvid måtte steppa innpå tidlegare enn han hadde rekna med. Han gjekk inn som kantspelar medan Bjørn trekte inn senralt.

Her kjem altså ein periode av kampen då undertegna ikkje fekk med seg så mykje. Eg var travelt oppteken med å turka blod, ringa rundt etter hjelp og ellers tykkja fela synd i meg sjølv. Kva som skjedde på bana i denne perioden er difor litt usikkert for meg, men laga gjekk i allefall til pause med 0-0 etter at Nordre Land hadde fått eit mål tvilsamt annulert, enten på slutten av 1. eller byrjinga av 2.omgang. Trenar Emil var uansett meget godt nøgd i pausa. Til 2.omgang gjorde VIL følgande omrokkeringar: Even gjekk i mål for Ole Kristian som tok høgrebacken for Ivar, Ivar tok høgremidt for Helge, Helge tok sentral midt for Geir som då gjekk inn som stoppar med Øivind.

2.omgang var akkurat starta då skribenten av referenten stod å vaska seg i dusjen. Plutseleg stakk Øivind hovudet inn i dusjen, ikkje for å spionera på meg, men for å fortelja at han måtte ut med skade etter ca 50 sek av 2.omgang. Dermed kom Øystein innpå som spiss noko som gjorde at Vidar gjekk ned som stoppar med Geir.

Etter ca 60 minutt var endeleg underteikna klar til å få med seg resten av kampen. Eg steig ut av garderoben akkurat tidsnok til å sjå at Norde Land kom seg fri på kanten og fekk lagt ballen 45 grader til ein medspelar som stod mutters åleine å satte inne det som skulle bli kampens einaste scoring. Resten av kampen svinga det litt fram og tilbake. Bjørn hadde VIL sin største sjanse i 2.omgang då han kom åleine med keeper frå litt spiss vinkel, og berre ein heldig beinparade frå målmannen hindra utligning. Denne sjansen kom etter kampens flottaste angrep der Emil og Bjørn kombinerte glimrandre.

Kampen ebba til slutt ut med siger 1-0 til jr frå Nordre Land. Kvifor det på motstandarlaget sitt disk.forum vart hevda at 6.divisjon ikkje var god nok motstand kan ein berre spørja seg om, då eg det på ingen som helst måte var noko nevneverdig nivåskilnad. VIL-fotball gjennomførte års-beste, og med tanke på alle fråfalla til denne kampen så lovar dette meget bra for tida som kjem

 

Kampfakta:

Nordre Land jr - Veitastrond 1-0

1-0 ukjend

Gule/raude kort; ingen (?)

Dommar; Nordre Land hadde med eigen dommartrio som klarde seg meget bra.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com