Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Bjørn - Veitastrond 7-1 (2-1)

 

Fredag kl 19:30 i Gaupne er eit dårleg tidspunkt for å spela treningskamp. Grusbana inne i Gåpn er mildt sagt i elendig forfatning. Motstandarlaget frå Gaupne gjorde jobben, men imponerte strengt tatt ingen. Trekken frå Jostedalen var kald og ufyseleg. Trass i desse forholda var det ingenting som slo dei 12 karane som representerte VIL-fotball i dag - dei var rett og slett tragiske.

Berre 12 mann var med i troppen til VIL i dag. Det vil seia 50% fråfall, noko som må seiast å vera dårleg. VIL stilte i dag med følgande lag; Gøran - Ivar, Even, Tor Olav, Pelle - Erlend, Bjørn, Frank Robert, Helge - Richard, Vidar. På benken sat Jonny einsam og forlatt.

Det heile starta forholsvis bra for dei blåkledde. Det første kvarteret hadde dei ein del sjansar og særleg Vidar Vadseth var svært nær å putta i opningsminutta. Faktisk kunne VIL ha leia både 2- og 3-0 etter 15 minutt. I staden er det Bjørn som utnyttar feil bak hjå oss, og Bjørn sin angripar Kent Monsen puttar 2 goalar på rappen. Etter dette er VIL litt på hælane før dei kjem tilbake i kampen med eit pang. Vidar Vadseth fekk ballen på ca 30 meter og dunka ballen opp i vinkelen. Rett og slett eit fantastisk mål av den storvokste angriparen. VIL våkna til liv no og kunne med litt hell ha gått til pause med 2-2. ,men den gang ei. Bjørn leia 2-1 etter første 45., men me følte likvel at me hadde eit visst grep på heimelaget.

I løpet av 1.omg presterte Erlend Siem å trakka over, for så å komma innatt i kampen også trakka over endå ein gong.

Dei første 5.min av 2.omg såg VIL friske ut og ein skulle nesten tru dei ville komma tilbake i denne kampen. I staden scorar Bjørn 3-1, 12 sekund seinare (då tek eg ikkje i ein gong) scorar dei 4-1, og VIL bryt totalt i saman. Bjørn scorar i løpet av omgangen 3 mål til og vinn til slutt 7-1. VIL på si side spelar ein totalt uinspirert 2.omgang og sannsynlegvis er dette noko av det dårlegaste me har prestert i vår snart 4 år gamle historie.

Rett og slett ei flau opptreden av strendingane, og alle som bar dei vakre retro trøyene i dag skulle hatt smikk på pungen og stått i skammekroken heile helga. Fy skam.

Den einaste representanten frå VIL-fotball som kan gå med heva hovud etter dagens opptreden er Frank Heggestad. Han var dommar i dagens kamp, og gjorde sine saker meget bra. Etter brødrene Skjerven tør eg påstå at Frank er den dommaren med det største potensialet her i distriktet. Om han vel å satsa vidare på dommarkarriera skal det bli spanande å sjå kor langt han kan nå. Me i Veitastrond.com er stolte over å ha ein dommarrepresentant som deg i klubben, og me lovar å fylgja deg tett i den kommande sesongen.

For VIL-fotball sin del bør dei snarast legga denne kampen bak seg, og sjå fram mot neste kamp, for dagens opptreden ga truleg Emil Heggestad fleire spørsmål enn svar mot sesongen 2007.

 

Kampfakta

1-0, 2-0  X

2-1 Vidar Vadseth

3-1, 4-1, 5-1, 6-1, 7-1

Gule kort (VIL): Jonny Ølnes og Frank Robert Værn

Dommar: Frank Heggestad (VIL) - magnifico

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com