Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Balestrand - Veitastrond 3-4 (1-0)

 

Veitastrond vann i går fullt fortjent 4-3 mot Balestrand på Kreklingen Stadion. Ved pause leia heimelage 1-0. Kampen vart prega av at VIL brende eit hav av sjansar, medan Balestrand var dødeleg effektivt.

 

Kampen måtte utsettast ein halvtime då VIL-spelar Øivind Kristiansen kom for seint til avreise på Shell. Dermed måtte ein bil snu for å henta han, og dei rakk ikkje 6 ferja og måtte venta på den som gjekk 5 på 7.

I starten var det litt fram og tilbake, før Balestrand scora 1-0 etter ca 7 min, då dei fekk krangla inn eit mål etter frispark. VIL ropte her på offside, men forgjeves. Etter denne kalddusjen frykta me eit nytt braktap, men i staden tek dei for i kvelden blåe med oransje Mesta vestar totalt over.

At me ikkje scorar i 1.omg er heilt utruleg, og det hadde ikkje vore noko å seia på om me hadde leia med 3-4 mål til halvtid. Spesielt Richard hadde mange sjansar utan at det ville seg skikkeleg. Også Erlend var farleg frampå fleire gonger, medan Helge var nærast av alle med eit skot i stanga.

Uansett under 1-0 til pause, men ingen grunn til å henga med nebbet.

2.omgang helde fram som 1.omg slutta. VIL produserte også her mange sjansar og spesielt Tor Olav fekk ein kjempesjanse, men skaut utanfor frå 7 meter.

Etter ca 55 min løysna det endeleg for VIL. Tor Olav kasta eit av sine verdas lengste innkast, traff Richard på 1.stolpe som stussa på bakerste til Erlend som kunne nikka inn det forløysande målet. No gjekk det endeleg vegen for VIL, og like etterpå fekk også spissmakker Richard si scoring då han fekk ein retur på 11 meter og enkelt kunne setta inn 2-1. Bjørn var neste mann ut. Eit frispark bakfrå traff Richard som stussa til Erlend som flikka vidare til Bjørn som sette ballen kontrollert ned i keeperen sitt venstrehjørne - ei vakker scoring frå dei oransjekledde.

Akkurat i det VIL skulle til å varta opp med Samba-fotball på Kreklingen så utnytta balingane ein tabbe i VIL forsvaret, og dermed ny nerve i kampen og 3-2. Kampen sto no og vippa litt heilt til Richard vart spelt gjennom etter ca 73 min, han vart sterkt pressa og fekk til slutt ei lang tå på ballen som sneik seg inn bak 3-4 balingar som sto på streken. Endeleg avgjort og 4-2, trudde me. For etter 80 minutt må Gøran gje ein retur på eit langskot som Balestrand er fyrst på, og dermed redusering til 3-4. På slutten pressa Balestrand på, men det ebba tilslutt ut med årets første siger for strendingane.

Ein fullt fortjent siger til VIL-fotball, som burde ha vore mykje større. Litt betre uttelling framfor kassen og litt meir konsentrasjon i enkelt situasjonar i bakre ledd kunne me like gjerne vunnet kampen med 8-0. Uansett meget bra utført i alle ledd, og trenar Emil fekk nok ein del svar i dag. Spesielt var han sjølv meget god i midtforsvaret saman med Øivind.

Kampfakta;

VIL; Gøran - Ole Kristian (Jon Arne etter 75), Emil, Øivind, Ivar - Helge (Øystein etter 85), Bjørn, Tor Olav, Petter - Richard (Jan Erik etter 80). Arvid var unytta reserve, medan Geir var forkjølad og dagens einaste VIL tilskodar.

1-0 x

1-1 Erlend Siem

1-2 Richard Nes

1-3 Bjørn Molland

2-3 x

2-4 Richard

3-4 x

Gule kort; Jon Arne Fimreite, VIL

Dommar; ein eller annan fra Belhalli som var kjempesnill!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com