Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Gaular - Veitastrond 3-4

Etter ein begredeleg fyrste omgang der heimelaget Gaular gjekk til pause med 3-0 leiing så skulle seriepremieren etterkvart bli ein minnerik affære for Veitastrond Fotball. I løpet av dei siste 20 minutta i 2.omgang snudde VIL kampen og då Helge Skjælaaen satte inn 4-3 eit par minutt på overtid så gjekk dei blåkledde naturleg nok av hengslene. Ein framifrå start på årets sesong og det er slike sigrar som smakar litt ekstra godt. Bortsett frå Helge så var det den heimvendte sonen Frode Kvam som vart den store helten med ekte hattrick på under 20 minutt mot slutten av kampen.

Arne og Geir meldte forfall til kampen og desse vart erstatta av Bjørn og Erlend.

I Gaular venta det oss ei ny kunstgrasbane som var ein fryd å spela på, men me hadde fint klart oss utan den kalde vinden som seig inn på stadion. Alt i alt ein slik passeleg fin dag for fotball.

Alltid mykje nerver og ekstra spaning framfor ein seriestart og spesielt når motstandararen er nyopprykka og ukjendt. I det dommaren blas i gang kampen kunne det sjå ut som at Veitastrond ikkje hadde lagt igjen alle nervene i garderoben. For etter berre 15 sekund av kampen kom Gaular seg igjennom, men vår sisteskanse Even kom ut å redda oss frå ein marerittstart.

Veitastrond svara umiddelbart og Kurt hadde vår fyrtse avslutning etter 1 minutt, men skotet frå 10 meter gjekk over målet.

7 minutt og det går eit gisp igjennom Veitastrond benken. Kurt vert liggande nede etter å ha blitt felt, men heldigivs fekk han rista av seg smertene og kunne fullføra kampen utan problem. I samme situasjon fekk VIL på kort tid to frispark i god posisjon, men det vart ikkje noko ut av desse.

Dagens dommar synte seg fram etter 12 minutt. Veitastrond tek ein kort corner ved at Kurt trakkar på ballen, og Emil går ned og hentar ballen og spring mot 16-meteren. Dommaren hadde tydlegvis ikkje sett dette før, og dømte frispark til Gaular...

Etter ein start der ingen av laga imponerte nevneverdigt så scora Gaular kampens fyrste mål ut av ingenting etter 17 min. Eit langt oppspel frå midtstopparen til deira raske spiss som sprang ifrå alle og avslutta nydelege frå ca 16 meter og dermed 1-0.

Kampen haldt fram utan at ein treng å skriva den heilt store innhaldslista, men etter 28 minutt scora Gaular igjen. Frispark frå midten vart stussa i mål frå tidlegare Kaupanger spelar Mads Ludvig Kapstad til 2-0. Even kom ut og skulle ta ballen, men Kapstad kom framfor og var fyrst på ballen.

Om ikkje det var nok så gjekk det berre 4 minutt før heimelaget auka til 3-0. Even redda fyrst meisterleg etter at ein Gaular spelar kom åleine med han, men ballen gjekk utanfor 16-meteren og Even fulgte etter utan å få tak i ballen. Ballen vart slått inn i feltet der ein spelar på Gaular enkelt kunne skyta ballen i tomt bur.

Resten av omgangen skjedde det lite eller ingenting, og laga gjekk til pause på stillinga 3-0. Egentleg ein dårleg og lite underhaldande kamp der Gaular leia 3-0 etter å scora 3 lette mål ut av nesten ingenting. Vanskeleg for Veitastrond å setta fingern på kva som var feil, men me vart enige om å slutta å slå langt og heller prøva å spela vårt eige spel. Ingenting å tapa her...

Det kunne sjå ut som at spelarane hadde fått med seg dette og det var mykje betre takter av VIL etter kvilen. Meir spel langs bakken gjorde at me kom til fleire sjansar og fekk eitt visst press på Gaular.

Både Kurt og Frode hadde gode sjansar i innleiinga av 2.omgang utan å lukkast heilt.

52 minutt; Emil får Veitastrond sitt einaste gule kort for dagen.

Veitastrond fekk meir og meir trykk på Gaular og etter 68 minutt lukkast det endeleg å få hol på byllen. Eit innlegg frå høgre (muligens frå corner?) gjekk på bakerste til Helge som fekk heada ballen inn i feltet, der Frode fekk ein enkel jobb med å styra ballen i mål frå 2 meter og dermed 3-1.

Richard kom inn for Øivind før Gaular tok avspark.

No hadde verkeleg VIL fått blod på tann og berre 1 minutt etter 3-1 målet så kom nok ei redusering. Ein forsvarsfeil frå Gaular som spelte ein håplaus pasning bakover. Denne snappa Frode opp og han tok med seg ballen inn i boksen og banka den forbi keeper til 3-2, og plutseleg byrja VIL å kjenna lukta av poeng.

Eit aldri så lite vendepunkt i kampen etter 80 minutt når Gaular får ein mann utvist. I ein duell ca midt inne på Gaular sin halvdel så vert Emil felt og dommaren gjer syndaren sitt 2.gule kort for dagen. Lyt vel seia at denne utvisninga var av den heller billege sorten. Dagens dommar delte ut 1 raudt og ca 5 gule kort, og dette var strengt tatt 6 kort for mange i ein kamp som stort sett var fairspelt...

Uansett kunne Veitastrond berre takka å bukka sidan me fekk spela mot 10 mann siste minutta, og VIL la no for alvor inn eit press på motstandaren. Bjørn fekk ein god sjanse då han fekk ballen på bakerste etter innlegg frå venstre, men diverre fekk han ikkje avslutta skikkeleg.

Så etter 88 minutt kom endeleg utlikninga til Veitastrond. Emil drog med seg ballen forbi nokre Gaular spelarar og frå 10 meter avslutta han på keeper som måtte gje retur, og kven andre enn Frode Kvam var rett mann til rett tid og kunne enkelt styra ballen tinn til 3-3 og VIL kunne jubla for ei framfrå opphenting. Frode fornekta seg altså ikkje i sitt comeback, og vaskeekte hattrick på ca 20 minutt står det respekt av. 

Trass i 3-3 var likevel ikkje dei blåkledde nøgde med berre eit poeng og Veitastrond sprang tilbake og var klare til å angripa igjen.

Og for ein avslutning me fekk på kampen. To minutt på overtid og Erlend har ballen på vår høgreback, han slår opp langs sida til Bjørn som rullar vidare til Kurt. Kurtn tek med seg ballen innover i bana mot 16-meteren og slår ballen flatt inn på bakerste til Helge. Han kunne ha slått vidare ut til venstre, men i staden tok han med seg ballen og lurte to Gaular spelarar rimeleg langt inn i vaffelkøen oppe i bua, før han elegant chippa ballen til side for keeper og inn i mål til 3-4. Ein fantastisk scoring som krona ein fantastisk fotballdag for Veitastrond.

Rett etterpå blas dommaren av kampen og Veitastrond kunne jubla for 3 poeng etter ei framfrå opphenting. Lyt seia at det er slike kampar det verkeleg er moro å vinna.

Dagens kamp var meget variabel av Veitastrond. I 1.omgang skulle me slå langt i starten og prøva å strekka motstandaren. Diverre så slutta me aldri å slå langt og Gaular sine midtstoggarar hadde ein enkel jobb med å rydda unna. I tillegg slapp me inn 3 alt for lette mål og det såg noko håplaust ut i pausen. Etter kvilen så kom Veitastrond på bana med senka skuldrar og etterkvart som me fekk til spelet vårt så byrja maskineriet å gå, og resultatet vart deretter - nådelaust.

Veitastrond viste ein utruleg moral i dag og på slutten så sprang me over slitne Gaular spelarar. Ein flott start på sesongen og dersom me klarar å luka ut ein del av dei feila me gjorde i 1.omgang kan dette bli ein morosam sesong.

Me takkar Gaular for kampen og ynskjer dei lukke til vidare.

VIL-STJERNA

Ny sesong og dermed nye muligheter for å sanka stjerner. Fyrst ut til å dela ut desse er i år Hildegunn Heggestad. Hennas utvalgt i denne kampen var;

óóó Øyvind Lien
óó Emil Heggestad
ó

Frode Kvam

 

Kampfakta;

VIL; Even - Erlend, Kim Andre, Øyvind, Øivind (Richard) - Bjørn, Emil, Helge, Åsmund - Frode, Kurt

Ubenytta reservar; Gøran, Gaute og Øystein

Gaular - Veitastrond 3-4 (3-0)

1-0 x

2-0 x

3-0 x

3-1 Frode (Helge)

3-2 Frode

3-3 Frode

3-4 Helge (Kurt)

Gule kort; Emil på VIL, 3-4 på Gaular

Raudt kort; 1 på Gaular

Dommar; Jeiki (NG/G)

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com